torsdag 3. oktober 2013

KRABBETEPPE


Huskar du dette 
innlegget der eg sydde på spreng
for å verte ferdig med eit prosjekt før eg skulle opererast?
Her er det eg laga - eit krabbeteppe slik
som fleire tippa:)
 Fadderbarnet vårt
vart mor i vår og då måtte eg sjølvsagt sy 
noko til den vesle guten. Planen var å få det ferdig til dåpen 
men det rakk eg desverre ikkje.


 Det som er litt
spesielt er at eg har brukt nokre
gamle stoff i dette teppet som stammar heilt tilbake frå då
bestefaren til guten var liten. Det er dei to flanellstoffa du ser på bildet 
over - det eine i gult med leikande born og det andre i
lyseblått med roseknuppar. Det småblomstra
blå og kvite til høgre er også
frå den tida.


 Teppet er maskinquilta
med bommulsvatt mellom toppen og
flanellslakenet som er brukt som bakside. Har for det meste brukt
gjenbruksstoff. Stoffet nederst til høgre stammar frå ein kjole etter oldemora til guten.
Aller best likar eg å handquilte og avslutte med ein lukkekant som eg syr
 fast med hand på baksida. Det synest eg gjev finast resultat.
Men slikt arbeid greidde ikke høgrehanda mi
lenger så difor måtte eg maskinquilte
og vrangsy teppet.


Flanellslakenet
som eg brukte som bakside var litt for kort
sidan eg hadde brukt noko av det frå før. Difor skøytte eg på
med dei to flanellstoffa frå 50 -talet.

Teppet er overlevert
og det vart sett stor pris på! Trur absolutt dette
vert brukt!


Synest det er så fint
å lage slike minneteppe med gamle stoff
som fortel ei historie!

Og gjenbruk er så supert!
Det er miljøvenleg sidan tekstilane kanskje hadde vorte kasta elles,
produkta vert mjuke og gode sidan stoffa er vaska fleire gonger og då er også alle
 fargestoff vaska vekk! Og sist men ikkje minst så får ein eit heilt
unikt produkt og også noko veldig personleg!
Berre fordelar altså;)

*******

Ha det fint alle saman
og velkomen til ny følgjar - så kjekt at
du la deg til her hos meg:)

Helsing Alva.

7 kommentarer:

  1. Så flott et teppe! Du er virkelig flink til å sy, og legger ned mye arbeid OG omtanke i jobben :) Vi to er helt enige når det gjelder gjenbrukstanken. Tenk så mye koseligere å få dette teppet, enn et masseprodusert teppe fra utlandet. I morgen skal jeg få sydd litt. I dag har jeg lurt meg til å klippe opp noe så det bør gå unna i morgen . Fortsatt fin dag til deg :)

    SvarSlett
  2. Så vakkert det ble!
    Ekstra gøy med gjenbruk:)
    Dette teppe er helt unikt, det bærer ei historie i hver lapp :)
    Flott å tenke på egentlig;)
    Tror teppet blir satt ekstra pris på ettersom lappene har hver sin historie.
    En super gave Alva!

    Ønsker deg en fin kveld!
    Klem

    SvarSlett
  3. Heia Alva.
    Ja, ditta var teppe sitt med berre fordelar. Kjempefint !!!!!
    Kor artig at så mange av stoffa har tilknytning til guten på forskjellige vis og at fleire slektsledd er med. Eit teppe til å bli glad i.
    Håper det går fint framover med handa di slik at du blir klar til juleaktivitetane skal starte.
    Eg klipte med meg litt bjørkegreiner på turen i dag. Må samle meg eit lite lager så kanskje det blir litt hobbys av det :)

    Ha ein koseleg kveld.
    Klem frå meg.

    SvarSlett
  4. Fint teppe til babyen! Kjekt å gi frå seg noko som ein veit er ønska:)

    SvarSlett
  5. For eit herleg krabbeteppe og ekstra artig med gjenbruk av stoff. Det må ligge utruleg mykje arbeid bak eit slikt teppe, dyktig er du! Håper handa di blir bra snart så du igjen kan kose deg med handarbeid! Klem

    SvarSlett
  6. Dette vart kjempefint og gjenbruk er tingen. No får du trene bra slik at du snart får sy meir:-)

    SvarSlett
  7. For eit fint teppe !
    Forstår godt at det fall i smak
    Særleg kjekt at der er bitar som knyter historieband lang tilbake.
    Du er flink Alva !

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no