mandag 28. oktober 2013

Lampeskjerm av skråband.


Endeleg har eg
prøvd meg på litt kreative syslar igjen!
Den heilt store utfordringa var det rett nok ikkje,
men litt annaleis enn det eg vanlegvis held på med. Eg har pimpa lampeskjermar!

 Desse lampane som eg har i
kjøkkenvindauga i mørkaste tida vart kjøpt på Jysk 
for nokre år sidan. Kosta ikkje all verden, men greie til dette bruk.
Opprinnleg var dei kledde med plastliknande strimlar , såg litt sånn plissert ut.
I vår byrja desse banda å gå i oppløysing, den lave vårsola tok rett og slett knekken på dei.
Sidan eg er veldig for gjenbruk byrja eg straks å tenke på kva eg skulle gjere med dei.
Vurderte forskjellige alternativ, sy eit trekk, rive eller skjære strimlar....
men då hadde eg fått mange skøytar så det slo eg frå meg.


 Då var det eg kom
på at eg kanskje kunne bruke skråband.
Og det er det eg har styra med i helga! Det var egentleg ganske kjapt gjort,
men sidan eg er litt "trenøvete" for tida tok det litt tid. Prøvde først å legge bandet slik at det
såg plissert ut, men det vart for tett og gav for lite lys. Så difor tok eg oppatt og la det
kant i kant, det vart betre. Brukte limpistol til å feste endane med.
  Hadde nok vore finare å sy fast for hand men det 
greide eg ikkje.


 Vart finare lys
no enn slik det var, det var heilt kvitt opprinneleg.
Vurderte og bruke band med litt farge, men så likar eg best slik lunt lys så då vart det ubleika.
No må eg berre få kjøpt meg nye plantar så eg kan sette vekk graniumane.
 Vart litt store desse i lag med lampane.....


Med skråband 
på rull frå Stoff og Stil vart det ei
ganske rimeleg fornying dette! Alternativet hadde vore og
kjøpe nye lampar, men eg er som kjent sterk motstandar av bruk og kast 
så dette passar meg ypperleg! Supert å bruke
omatt og likevel få noko nytt!!



3 kommentarer:

  1. Så lurt! Ja, kjekt med gjenbruk. Eg snes det er veldig tifredstillande å få laga noko "nytt" ut av noko ein allereie har. Kjekt at du byrjar å bli såpass bra i handa at du får brukt ditt kreative gen igjen:-) Klem

    SvarSlett
  2. Kor supert!!! Den vart skikkelig fin.
    Det kjennest nok godt å så smått få ta handa i bruk igjen. Kan tenke meg at det kribla godt i den no når det nærma seg den raude høgtid. Du har vel eit kvart på programmet til den tida kan eg tenke meg :)

    Ha ein lun kveld....litt småsurt utadørs.
    Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  3. Veldig lurt, og kan godt tenke meg lyset ble fint og lunt med den naturhvite fargen. Gleder meg til du viser enda mer fremover. Fin fredag til deg :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no