torsdag 17. oktober 2013

Min beste venn og gode hjelpar.....



.......det er mannen min.


Vi deler ei interesse - fotografering.
 Det kjekkaste vi veit er å pakke ei god nistekorg og sette 
oss i bilen for å dra på fototurar. Ofte dreg vi etter innfallsmetoden, set oss i bilen uten å ane 
kvar vi skal. Det er gøy! Det er ofte då vi finn dei mest
spanande plassane!



For vel fire år sidan
fekk han ein alvorleg sjukdom.
Det kom som eit stort sjokk, men eg var aldri i
tvil, eg skulle sjølvsagt støtte han og vere ved hans side heile tida.
I fjor vår fekk han tilbakefall og nye runder med behandlingar måtte til.
No i haust var det eg som trengde hans hjelp, og han har vore heilt eineståande!
  Desse hendingane har knytt oss mykje sterkare saman og vi set 
så uendeleg stor pris på kvarandre!


Siste åra har vi
brukt mykje meir tid saman enn tidlegare -
vi prioriterer heilt annaleis enn før. Føler at vi ikkje har noko tid å miste.
No handlar det om å leve her og no og å ta vare på
augneblinka.


Han har bra no, men vi
  kjenner ikkje morgondagen.... ting kan fort endre seg igjen.
 Vi har det veldig godt saman og er klar til å møte det
som måtte kome, men det er ikkje noko
vi tenkjer på til dagleg.


Huskar at det eg
sakna mest når det sto på som verst var kvardagen.
Difor er det så viktig å sette pris på dei små og tilsynelatande uviktige tinga i livet,
det er gjerne dei som betyr mest!


Dette innlegget er
nok heilt utanfor det denne bloggen handlar om
men eg synest det er så viktig å sette fokus på dette med å ta
vare på kvarandre og innsjå kva som betyr mest
her i livet. Det er så lett å gløyme i ein
stressande kvardag.


Fekk ei påminning
om dette i går då eg såg programmet om
Kari Bremnes på TV2  der ho fortalde om korleis
ho opplevde å få lymfekreft i ein alder av 36 år og med 50 %
sjanse til å overleve. Etter det prioriterte ho musikken til fordel for ein
trygg journalistjobb fordi den betydde mest for henne.
Tøff dame!


Ta vare på deg sjølv og dei rundt deg....
......ingenting er sjølvsagt!

Ønsker deg alt godt:)


Klem frå Alva.


11 kommentarer:

  1. For eit nydeleg innlegg Alva !
    Det er godt å vere to, og godt er det at ein ikkje kjenner kva morgondagen kjem med.
    Dei nydelege kunstverka dokke har fanga i linsa tyder på at dokke har fine opplevingar
    på turane. Det høyrest rett og slett kjekt ut, med nistekorga og kosen på tur.
    Vonar helsa blir betre og at dokke får mane fine dagar.
    Eg såg også programmet med Kari Beremnes, ei flott dame !

    Varme tankar frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Godt å ha nokon og dele tankar og opplevelsar med:)
    Flotte høstbilder!

    SvarSlett
  3. Kjempefint innlegg, Alva. Det er godt å kunne bruke bloggen til slike ting også. Jeg er så enig med deg. Det er viktig å være takknemlige for det vi har, og spesielt hverdagene. Kunne se det fine, huske alt vi har å være glade og takknemlige for. Alt for ofte så får bagateller stå i veien for lykkefølelsen vår.
    Bildene var helt skjønne - du/dere er flinke til å ta naturbilder.
    Fin fredag til deg :)

    SvarSlett
  4. Nydelege ord og nydelege bilde. Godt å få ei slik verdfull påminning i den travle kvardagen. Lukke til med alt vidare :) Ver der for kvarandre og ta vare på alle gode stunder :)
    Riktig god helg og god klem :)
    Vi sjåast gjerne neste helg ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for dei gode orda, Kristin!
      Skal du til Sunnmøre neste helg? Då må du gjerne ta kontakt:) Er heime så vidt eg veit no;)
      God helg til deg også:))
      Klem.

      Slett
  5. For eit nydeleg innlegg! Så utruleg viktig å minne kvarandre på dette.
    Har sjølv opplevd at livet har endra seg dei siste åra på ein måte eg ikkje var budd på.
    Det er når livet røyner på at ein får erfare kva "i gode og vonde dagar" betyr.
    Takk at du deler!

    God helg :-)

    SvarSlett
  6. Hei Alva.
    Dette vart tåre i augekroken........
    For eit fint innlegg du har skreve og kor kjekt å sjå gjensidig støtte når det røyner på.
    Nei, dette var flott og noko til ettertanke.
    Bileta smelta inn i teksten.....vakkert Alva.

    Varm klem frå meg.

    SvarSlett
  7. Så sterkt å lese Alva...
    Fint at dere har en felles interesse, flotte bilder dere tar også.
    Bilde nr 4 var bare helt rått ;)

    Varm klem fra Janne

    SvarSlett
  8. Så flotte og nydlege bilder du viser, og så kjekt at dokke har den felles interessa. Høyres ut som om dokke har det skikkeleg fint på fototur. Ord til ettertanke, ynskjer dokke begge god helse framover. Fint at det går framover med handa di, høyres ut som det nærmar seg sying:-) Skikkeleg kjedeleg vær i dag, men skal ikkje klage etter alt det fineværet vi har hatt i det siste:-) Vam klem

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no