tirsdag 1. oktober 2013

SOMMAR I OKTOBER.....?


I dag skriv vi
1. oktober men det skulle ein ikkje tru
når ein ser kva som finst i grøftekanten enno!

 Det er rett nok
kvitrima om morgonen 
men når sola får tine opp att så struttar
blomane så ein skulle tru det var vår og ikkje seinhaust.
Sidan eg har god tid om dagen så tek eg med meg
kameraet og ruslar turar i det nydelege
vèret vi har for tida.


 Eg er så heldig
å bu slik til at eg kan gå rett 
frå stovedøra og ut i den vakraste sunnmørsnatur
ein kan tenkje seg. Eg kan velge mellom ulike turstiar i ulendt terreng
eller gå etter ein fredeleg grusveg langs eit vatn.
I dag gjorde eg det siste.


 Prestekrage og lupin....



 .....og blåklokke.



 Ikkje berre sommarblomar då....
ein kan tydeleg sjå at det er haust.....





Dette er Hovdevatnet 
som eg bur 5 minutters gange i frå.....



 Vakrare enn dette kan det ikkje verte....



Strengt tatt skulle vel dette
innlegget vore i fotobloggen min, men 
sidan eg la ut bilde frå gårsdagens tur der så vel eg
å legge det ut her i staden:)

I går gjekk eg 
på andre sida av vatnet langs ein fin skogsveg.
Har du lyst å sjå korleis det ser ut
der kan du klikke 
her.

Takk for at du
stakk innom bloggen min,
håper du også har fine
haustdagar!

3 kommentarer:

  1. Aldeles nydelege bilde !
    Ja, sommarblomstrane er standhaftige, såg mange raudkløver her også.
    Forstår godt mor di som syns alle begoniane skal vere like. Og som du sa,
    den eine av mine er bort i oransje i fargen.
    Det er vel einslags mutasjon..

    Nyt dagane vidare !
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Hallo Alva.
    Vi har visst vore på same staden i dag. Det er berre så fint ut med vatna. Eg kjem meg ikkje vidare når eg dreg med meg kameraet. Og det gjer eg selvfølgelig no når eg veit det er så mange fine motiv der ifrå. To av bilda mine har Sunnmørsposten brukt også. Eit frå Hovdevatnet og eit frå fjelltur til Oshornet - artig :))
    Det er heilt fantastisk flott no........ville det vare. Grur meg til det lava kvitt.
    No skal eg innom fotobloggen din.
    Kveldsklem frå meg.
    PS! har forresten laga den deilige desserten du hadde på bloggen din i dag. Vi hadde middagsgjester og den falt i smak :)

    SvarSlett
  3. Flott turterreng! Det var jammen nydeleg ved det vatnet. Stille var det også - i motsetning til då eg var på fjelltoppen i dag, der eg måtte ta på meg hua...

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no