tirsdag 12. november 2013

EIT HYGGELEG GJENSYN:)


I dag har eg hatt eit hyggeleg gjensyn med mi gamle symaskin!
Tenk at den er 33 år gammal og kjøpt for pengane eg fekk att på skatten for første gong!
Den var bra dyr, heile 5500kr. gav eg for den, og det var mykje pengar på den tida.
Men jammen har eg fått valuta for pengane, for betre symaskin skal ein leite lenge etter!
Den går framleis som ein draum - hadde faktisk gløymt kor god den er!
Sakna sjølvsagt ein del tekniske finessar som er på den nye.... som nåletreing (synet er ikkje lenger 
som det var) automatisk nålestopp, senking av nåla med pedalen osv...
men eg vil påstå at denne maskina er betre å sy på enn den nye! Og så går den mykje stillare
og er stødigare (så veg den ca.10 kg også då...)
Skikkeleg solide saker desse gamle symaskinene!

Det er 5-6 år sidan eg kjøpte meg ny og sidan har eg ikkje brukt denne.
Men no vart sykløa altfor sterk (hi hi ) og sidan den andre er på service enno måtte eg fram med 
denne gamle, velbrukte og trufaste maskina mi:) 


Så då fekk eg sydd ferdig denne blusen som eg klipte i forrige veke.
Ekstemt dårleg bildekvalitet, men i dag har det knappast vore dagslys her.



Her er putetrekket blusen er laga av.
Fekk akkurat nok stoff. Blusen er str. 4 - 5 år.

Fantastisk kjekt å sy litt igjen, det gav absolutt meirsmak!
Syinga gjekk ganske greit, det er klipping som er litt problematisk.
Men det går seg vel til det også etterkvart:)

Ønsker deg ein fin novemberkveld:)


7 kommentarer:

  1. Hei Alva :)
    Lenge sida sist. Eg har virkelig ramla av blogginga. Men no har eg rulla meg ned å lese innlegga dine. Ja, inn i den skogen under kunna eg også lagt meg ned å drøymt meg heilt vekk. Ingen ting er så avslappande som å rusle ut i den herlige skogen. Der er så stille, fint og godt å vere. Og all den mosen vi kan plukke med oss då.......fantastisk.
    Artig med symaskina....har same merket, men kanskje hakket nyare ca. 29-30 år sidan eg kjøpte mi. Den skal snart i ilden igjen den også visst den ikkje streikar p.g.a lite bruk siste tida. Men den har gått milevis stakkaren. Det er virkelig travarar som held ut dissa av gamlesorten.
    Fin bluse du har laga også....søtt bamsemotiv.
    Kor kjekt at det har kome sykløe i handa igjen....er vel eit godt teikn og då går det vel berre ein veg. Rett til topps med tommelen :D
    Eg er så glad for det er meldt skikkelig mildt ver langt framover. Håper det stemmer for vinter kan eg greie meg heilt foruten same kor fint det er når alt er kvitt og reint.
    Kor kjekt at du har fått hjelp til tovatøflene. Det var E som var på heklekveld her også. Overnatting på ho og lisja, så me kosa oss.

    Varm November klem frå MarJE.

    SvarSlett
  2. Så fint å se at du er i gang med syinga igjen. Koselig å høre om den gamle symaskinen din også:) Jeg husker også enda hva jeg kjøpte for de første pengene jeg noen gang fikk igjen på skatten. Jeg var student, og fikk problemer med ryggen. Pengene gikk til en Stokke balans variabel som skulle hjelpe på sittestillinga når jeg studerte. Husker enda hva den kosta - noe med 2400 kr - en liten formue for en fattig student :)

    SvarSlett
  3. Sjå der ja, no er du i gong !!
    Nydeleg bluse av det festlege stoffet :)
    Mi maskin er nok eldre, men for å seie det slik, den er ikkje utsliten..
    Men då gutane var små sydde eg mange ting til dei, og litt til meg sjøl.
    No brukar eg den sjeldan,,.
    takk for koseleg kommentar om hua. Eg torde ikkje skrive at ho gjerne hadde
    hatt den på om natta også,,hehe,
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Hahaha, ler når eg les kommentaren hos meg.
      Du veit, du har med ei eldre dame å gjere Alva :)... har snart halvrund bursdag...
      Vanlege azalea får eg aldri til meir enn nokre veker. Denne som eg skriv om har stått i stova
      alle desse åra, fått som regel skikkeleg gjennomvatning ein gong i veka. No er den så stor og "kveinete" at den må i badekaret. Den er nok unntak frå alle reglar..
      Fin torsdag frå Anne-Mari

      Slett
  4. Så kjekt at du er i gong igjen, kjempesøt bluse! Nydelege skogsbileter, det gjer verkeleg godt for sjela å vere ute i naturen. Og så er det godt å få litt dagslys denne årstida viss ein har høve til det. I dag trur eg likevel eg held meg innandørs, for eit ruskevær! Ønsker deg ei god helg! Klem mari

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no