torsdag 28. november 2013

KJOLAR FRÅ MIN BARNDOM


 Sidan det snart er jul og mange
 har kjøpt eller skal kjøpe kjolar til småjentene sine så tenkte eg 
at det kunne vere artig å vise nokre av kjolane frå
 min barndom på 60 og 70 talet.


 Dette er det som vart kalla ei bondepikedrakt.
Den har rett nok ikkje vore min, men yngste syster mi sin.
Og den er like fin i dag som då den var ny!



 Her er ein variant.
Denne er nok litt eldre.



 Når vi fekk på oss plisséskjørt og kvit bluse
var vi sååå fine! Og med kvit krimplene-strømpebukse
og lakkskoa(som alltid var litt for trange)på
då vart det jul!

Sjekk den søte klehengaren då!
den er også gammal:)





 Denne neonrosa polkadott-kjolen fekk eg til mi eldste
syster sin konfirmasjon i 1971. Dette trur eg må vere den finaste
kjolen eg nokon gong har eigd! Kanskje min eigen konfirmasjonskjole var litt finare
for den var heilt fotsid, hadde puffermar og masse strikk i livet!
((Burde kanskje vist fram den også:) ))


Her er eg med den prikkete kjolen i konfirmasjonen
 til storesyster (ho som skrøna til meg at ho har vore på Bloksberg)
Lillesyster har på seg bondepikedrakta frå første bildet.
Konfirmanten har tidsriktig lårkort kjole og kunstferdig oppsett hår.
Natta før måtte ho sitje i senga og sove heile natta gjennom for ikkje å øydelegge frisyra:)
På beina hadde ho kvite leggisar som best kan forklarast som støvlettar der skaftet var som 
ei strømpe i eit eller anna tynt og merkelig stoff. Huskar at det var ein mann som 
trudde ho hadde gips på begge beina i allefall:)

Dei to gamle damene på bildet er oldemødrene våre.


Måtte le då eg tok bildet ut av albumet for å scanne det -
på baksida hadde eg skreve "Familien Flint, konfirmasjonen til R. 1971" !
Hi hi, ja vi var nok litt sånn familien Flint av og til!
(Hmm....er vel litt sånn endå også kanskje.....)




 Nydeleg sommarkjole i fantastiske fargar!
Veldig vanskeleg å gjengi rette fargar, den er nok meir turkis
enn det ser ut og det grøne er ikkje fullt
så neon.



 Til denne søte jakka var det også eit plissékjørt
men det har ikkje kome for dag endå. Den er bittelita og sydd
av mi mor som påstår at ho ikkje kan sy! Tull og vas seier eg - ho sydde dei finaste
plagg til oss! Men ho seier at ho gjorde det fordi ho måtte og ikkje 
fordi ho likte det. Og takka vere at ho måtte sy vart mi 
interesse for sying vekt. For eg kunne sitje 
på kjøkkenbordet i timevis og 
sjå på:)



Har du sett noko så søtt som denne kåpa!
Det viser ikkje så godt men den er pepitaruta i svart og kvitt.
Veldig fint med dei raude detaljane! Det manglar
visst nokre knappar ser eg:)

Trur dette var lillesyster si.


Håper du likte denne reisa i tid og mote!
Eg har i allefall kosa meg i gjensynet med barndomen:)


7 kommentarer:

  1. Så mange fine kjoler og drakter!!
    Jeg hadde en som ligner den på det første bildet, men tror den var blå:)
    Så gøy å se!
    Og de helt nydelige kåpa..vakker!
    Synes det er så flott at slikt blir tatt vare på.

    Koselig innlegg Alva:)
    Fin kveld til deg!

    SvarSlett
  2. For en herlig rundtur i søte kjoler du viser her. Likte kjempegodt det røde foldeskjørtet - superfint! Veldig gøy når slike ting er tatt vare på. Bildet var koselig med jentene i flere generasjoner, og besteforeldre på begge sider. Tror det var mange som sydde før fordi de måtte. Min mor som også er "skyld i" at jeg syr, sa alltid når jeg ville ha dukkeklær som liten at "de kan vi jo bare sy". Men i løpet av hele oppveksten så ble det sydd en dukkekjole. Hun var nok lei siden hun hadde sydd på kjolefabrikk. (Jeg tar igjen nå og syr dukkeklær som bare det :)

    SvarSlett
  3. Artig å sjå slike gamle plagg:) Det fins dessverre ikkje noko igjen etter min barndom. Eg hadde to yngre systre, så alt gjekk i arv.

    SvarSlett
  4. Så fantastisk mange flotte vintageplagg! :) Eg drøymer meg vekk i desse kjolane :)
    Du var så fin på konfirmasjonen din. Artig at du måtte sove sitjande for å ikkje øydeleggje frisyra :)
    Kom gjerne med fleire slike innlegg frå fordums tid :)
    Klem, Kristin

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Kristin, men det var nok ikkje eg som måtte sove sitjande men syster mi, dette er frå hennar konfirmasjon:) Eg er den midterste Bukkene Bruse med prikkete kjole;)

      Slett
  5. Takk for den koselege reisa litt tilbake i tid.
    Her var det mange fine kjolar og antrekk. Kjenner att det meste av stilen,
    men eg er litt eldre så det var helst syskena mine som hadde desse.
    Men lårkort i 1970 kjenner eg godt til, eg var gravid, men likevel kortkorte kjolar...
    Hjelpe meg :)

    Ynskjer deg ei fin helg, den første i advent.
    Her skal feirast bursdag i morgå :)
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  6. Hei Alva
    For et herlig innlegg! Tenk at du har mange av disse barndommens kjoler enda! Likte veldig godt polkadot-kjolen jeg da, prikkegal som jeg er. Veldig koselig familiebilde også med oldemødre og det hele. Jeg hadde også plisse`skjørt i min barndom, husker særlig et lyseblått relativt kort.
    Så gøy å høre at du har laget cognac-kranser!! Ja, det er en nydelig smak på dem. Husker at jeg alltid før bakte et glass med dem til mannen til ei venninne også som synes de var så utrolig gode.
    Gode adventsdager til deg, Alva!
    Klemmer fra Kaspara

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no