fredag 8. november 2013

Langt inni skogen den grøne....


Denne veka har det vore mange fine dagar!
Mannen og eg har vore ute og gått tur kvar dag i det fine turområdet vi har.
Ein av dagane måtte kameraet vere med.

 Denne plassen i skogen er favorittstaden!
Mosen er irrgrøn i den tette granskogen og solstrålane kjempar seg inn mellom granleggane.




Her kunne eg ha vandra rundt i timevis!
Her er så fredeleg og godt å vere....her finn eg ro i sjela....


 Får mest lyst til å leggje meg i den grøne mosen og nyte freden og roen.....
Brukar å trekkje pusten djupt nokre gonger når eg kjem hit... trekkje inn den gode
lukta av skog, mose og natur. Fylle lungene med den friske og reine lufta
vi er så heldige å puste inn. Kjenne at det er godt å leve. Vi snakka om det eg og mannen...
kor heldige vi er som får oppleve dette......... kor godt vi har det. Ingenting er sjølvsagt.........
Vi har brukt godt desse vekene eg har vore sjukmeldt.  Det har vorte mange turar i lag.
Det gjev påfyll og styrke til dagar som ein gong måtte kome.....
Dette kan vi leve lenge på!


 Naturens kunstverk.












Med desse bilete og tankar vil eg ynskje alle ei god helg!
Husk og nyt dagane og ta vare på
kvarandre!


Klem frå Alva.

3 kommentarer:

  1. Wow, for en nydelig skog. De rette trestammene og den grønne mosen - nesten kunstig :)
    Ønsker deg ei flott helg, klem :)

    SvarSlett
  2. Flott moseteppe! Den er mykje finare her enn oppe på hustaket mitt... Skulle kanskje ha samla litt mose før frost og snø kjem.
    God helg!

    SvarSlett
  3. For eit fantastisk fint botndekke i skogen !!
    Flott og fornuftig av dokke å bruke dagane til å nyte
    naturen når anledninga er der.
    Det er noko me alle bør lære av. Takk for påminninga :)

    God helg vidare til dokke to.
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no