søndag 24. november 2013

Nissemor og nissefar pyntar juletre:)


Ein tur på bruktbutikken 
i går gav verkeleg bra uttelling!
Lenge sidan eg har funne så mykje brukbare stoff:)
Fekk rett nok ikkje den store hjertebanken, men mykje fint likevel.
 Det nærmaste eg kom hjertebank var då eg fann tre 
bitar av dette stoffet med nissefar og nissemor som pyntar juletre!
Små bitar, men akkurat passeleg på ei julestrømpe:)
Synest den vart veldig fin eg;) Denne går
rett inn i nettbutikken, så løp
og kjøp om du likar!

Du finn den HER.


 Her ser du størrelsen på biten.
Så bra at det ikkje vart kasta men levert på bruktbutikken
slik at eg fann dei der :))



 Fann litt anna snadder også....har planane klare for det meste her.
Det skal bli vesker av nokre av stoffa.
Lerretstoffet med brune striper
er berre så fint!

 Fann også eit par fine brokadestoff.
Veldig vanskeleg å gjengi rett farge på det lilla,
det rette er syrinlilla. Ser føre meg at det kan vere fint til toalettmapper.

  Dette er kremfarga og ikkje beige. Bilda er tekne i dårleg lys....
(Det snør det snør....)



Synest dette var eit morsomt stoff.
Fann ein god bit av det.


Kjekt å finne slike godbitar -
det gir ny inspirasjon og masse sylyst!
Handa fungerer bedre og bedre, men slit med klipping.
Så  difor brukar eg skjerekniven i staden for saksa, og tape i staden for knappenåler:)
Gjeld å innrette seg best ein kan....... fungerer det;)
Har til og med prøvd meg på strikking,
det gjekk greit, men hekling
går ikkje endå.

Er også tilbake i jobb igjen,
går bra det og:)


Ønsker deg ei fin og kreativ veke!

Helsing Alva.


3 kommentarer:

  1. Fin julestrømpe du har laga, artig motiv!
    Flink du er til å finne skattar på gjenbruksbutikken. Eg var der for ikkje så lenge sia, men kjøpte ingenting. Det er så fullt der at eg har problem med å finne noko som helst:-). Må seie at eg også er veldig dårlig til å finne kle på sal, ser det som er fint utstillt eg:-) Har ikkje tålmod til å stå å leite på klesstativ der det heng tett i tett, og det same gjeld vel ting på bruktbutikken:-)
    Ønsker deg ei fin veke! Klem

    SvarSlett
  2. Åååå julestemning her med fin strømpe.
    Såg du ikkje fekk den store hjertebanken.......den har eg men det er av alt som eg har lyst å gjer/lage. Alt for mykje å sjå av dåkke bloggarar som frista :)) men det er kjekt det.
    Fine stoff du har funne. Skal ha meg ein tur på brukten eg også no når eg har begynt å sy :D ( ei smekke)
    Jada du skal få sjå retrorusket mitt......det er ikkje det heilt store, men litt som eg kan bruke. Fann nokre enkle mønster som eg med lettheit kan gjer litt om og variere utsjånaden på. ++++ strikkemønstre og heklemønstre.
    Eg har fått sansen for retro må du vite ¤
    Her må nok fyrstikkene fram til å støtte opp augeloka. Nattejobbing og kurs på dagtid i to dagar...... Meir enn sviske etter det.

    Ha det fint.
    PS! Måtte fjerne epla utfor døra i dag og vaske grundig. Trosten hadde forete seg og fått magesjau :D

    Varm god klem frå meg.

    SvarSlett
  3. Så godt å høre at det går rette veien med hånda di. Mange godbiter du har funnet. Julestrømpen ble kjempesøt! Jeg fant også litt stoff i helga - en stor brun juleduk med små engler på rad. De skal på toppen av julestrømpen til minien i år :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no