onsdag 6. november 2013

PLANAR.......

Eg har så mange planar!
På syrommet ligg fleire prosjekt rada utover klippebord og strykebrett
og berre ventar på at eg skal verte klar!

 Dette skal verte ein bluse.
Den er faktisk ferdig klipt no! Måtte prøve om eg fekk det til....
og det gjorde eg i grunnen ikkje. Å klippe var litt vanskelig så eg måtte bruke
skjerekniven i tillegg. Ikkje heilt godt det heller....
men det gjekk på eit vis.

Symaskina er på service 
så sying har eg ikkje prøvd meg på endå.
Akkurat denne kan eg bruke overlocken på....til sammensyinga iallefall.....
så det skal eg prøve snart....


Dette skal verte ei veske.
Har planen klar for korleis den skal sjå ut.



Dette skal også bli ei veske.
Fargen er heilt feil på bildet, den er meir aqua og aldeles nydelig!
Det er eit gammalt ullskjørt som eg fann under loftsryddinga i barndomsheimen i sommar.
Skjørtet er kjempefint og eg har sååå lyst til å bruke det sjølv men då må eg nok
på slankekur.... aaaltfor trangt til meg!


Denne bittelille og søte brikka
skal eg bruke på ei julestrømpe (Takk for tips, Elisabeth)
Strømpa trur eg vert i naturfarga lin.



Og så har eg 7 meter
av dette knallfine gule stoffet som berre ventar på
å bli til noko! Har allereie laga 2 ulike vesker, eit par barnekjolar, sommarkjole til meg sjølv
og eit par puter......inne i mitt hode....vel å merke!!


Jepp, planane er klar så her
 må det trenast og trenast og trenast endå meir! Trur kanskje det er like greit at
symaskina er på service ei stund til.....


**********

Ha ein fin kveld alle saman,
her er det fyr i omnen
i kveld!

Helsing Alva.


4 kommentarer:

  1. Ein må nok dessverre smøre seg med tolmodighet når ein skal få tilbake normal funksjonsevne etter operasjon... men det er sjølvsagt lett å verte frista til å prøve seg. Sikkert like godt at maskina er ute av huset, ja;)

    SvarSlett
  2. Bra det går betre med handa, og når den er klar, er du klar med masse arbeid.
    Halve arbeidet er planlegginga, og det får du iallfall gjort :)

    Onsdagskveldklem

    SvarSlett
  3. Blir spanande å sjå alt det fine du kjem til å trylle fram :)
    Riktig god betring.
    Klem, Kristin

    SvarSlett
  4. Kan tenke du klør i fingrene etter å få sydd litt. Det er nok like greit at maskinen er på tur :) Gleder meg masse til å se alt det du har planlagt ferdigstilt. Spent på julestrømpen og skjørtet som skal bli veske :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no