fredag 15. november 2013

SØT JULESTRØMPE


Sidan eg var så godt i gong med sying igjen og sykløa fortsatt var sterk tok eg like godt
 og sydde ferdig julestrømpa som eg hadde planane klare for allereie!
Med litt klippehjelp frå min bedre halvdel gjekk det
fint å få det til:)

Det er jammen ei utfordring å få til fine bilde med slikt dårleg dagslys vi har for tida!
Grå og kornete bilde er ikkje fint, men slik vert det no om dagen....
Vart veldig fornøgd med strømpa. Vurderer om eg skal
selge den eller behalde den sjølv.....
Må tenkje på det....



 Den passar veldig godt her på knaggen på hylla mi då, i lag med den 
prikkete pynten eg brukar å ha der.
(har ikkje pynta til jul endå - berre for fotografering)



 På hempa for oppheng har eg brukt ein vintage knapp som pynt.



 Marta i farta har eg lyst å kalle denne herlege retrojenta på den kule kjelken:)
Denne brikka har nok vore på ein kalender eller noko slikt, for det
var nokre stiftar på den. Tippar den er frå tidleg 70-tal,
den minner meg om ting eg hadde som barn.
Diggar den!!!



Sidan lyset var så dårleg inne måtte eg prøve å ta bilde ute også.
Veldig tøft med rekvedfjøler som bakgrunn mot
den grove linen!


Det er sååå kjekt å vere kreativ igjen - 
 storkosar meg  på syrommet når eg held på der!
Desverre er det litt begrensa kva eg får til endå så det lyt bli dei små
prosjekta eg satsar på framover. Klipping av grove stoff er umulig endå, så alle vesker
eg har planar om lyt nok vente ei stund til. Tålmod er ikkje mi sterke
side, men her har eg ikkje noko val....viss eg ikkje
 skal hyre meg ein klippar då;)


***********

Så var det jammen meg helg igjen!
Herlighet som dagane flyg! Midt i november allereie...
og berre ein god månad til sola snur!
Gled meg allereie:)

Ute bøttar det ned med regn og innimellom bles det skikkelig! Det er visst Hilde som er på ferde;)
Perfekt ver til å kose seg inne på ein fredagskveld:)
Og snart er det Voice!

Takk for at du tok turen innom bloggen min
og god helg til deg!

Helsing Alva.

5 kommentarer:

  1. Kor koselig å få litt julestemning i mørke veret. Ja, ja....Matra i farta ( det må ver meg det då :)). Vart av og til kalla det på barneskulen.....berre på kjekt altså.
    Eg har ikkje begynt med noko jul enda.......
    Jobbhelg også, så dagane går litt i svime :))

    Ha ei fin helg, det blir nok innever.

    Varm klem frå meg.

    SvarSlett
  2. Så fin julestrømpe! Skjønner godt om du vil beholde den selv ja :)

    SvarSlett
  3. Den ble kjempefin! Den bør du beholde :) Så fint det var med rekveden til bakgrunn. Lyset her i sør er også dårlig. Det er mørkt når jeg drar på jobb, og mørkt når jeg kommer hjem. Gleder meg til sola snur i desember :)

    SvarSlett
  4. Fin strømpe! Alltid kjekt å lage slike, for ein sparar ofte dei finaste stoffa til slike ting:)

    SvarSlett
  5. Så søt julestrømpe! Fint motiv og prikkar har eg alltid sansen for:-) Det er bra me ikkje blåste vekk i helga, var ganske kraftig i går kveld og så vart me straumlause her, men heldigvis ikkje så gale som Dagmar var!

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no