tirsdag 10. desember 2013

PRIKKEDILLA


Eg har visst fått prikkedilla!
På raudt og kvitt vel å merke.....
Heile kjøkenkroken min er full av prikkar!

 Slike sopp-lysestakar likar eg så godt!
Desse fire pluss dei to lavaste på bildet under fekk eg sikra meg på qxl.
Skikkeleg nostalgiske desse:)







Sjølvlaga prikkehjerte i stoff frå 70-talet.....



 Prikkeskål med små tomatar i og ein praktisk brettepose i prikkestoff
til diverse ting og tang (fyrstikker, vitaminer osv.) Også heimelaga - sjølvsagt!

(Mannen: Ååå har du kjøpt ny skål!
Eg: Neeei... den har vi hatt i mange år....har ei til maken, desse har vi alltid
ståande framme i jula.
Mannen: (litt usikker) Åååå ja no huskar eg....
Ja særleg..... tenkjer eg...... du har nok ikkje peiling.....!)

Prikkete kakeboksar - gamle begge to... 
Og jammen så fann eg prikkete serviettar på Kid i dag!
Det måtte eg sjølvsagt ha med meg heim 
til mitt prikkete kjøken:)



Ser at eg gløymde å endre teksta på tavla....
Tenkte det skulle stå noko meir passande der no når det 
nærmar seg jul.

Hi hi, vart det litt i meste laget med prikkar dette, kanskje? 

Ha ein fin kveld, 
med eller utan prikkar;)

4 kommentarer:

  1. Fint med prikkar, iallfall ei periode. Og då er vel jula rette tida særleg når
    det er raudt og kvitt.
    Dei gamle lysestakesoppane kjenner eg att, men trur ikkje her er nokon no,
    dei er vel knuste trur eg.
    Koseleg å ta fram tradisjonsrik julepynt.
    Eg begynte så smått å plukke fram litt på hytta sist helg, men
    må nok fortsette litt til før alle kjem dit til julefeiring.
    Gler oss til det. Det blir 4. jula på rad.

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Det blir slett ikke for mye prikker!
    Jeg er også angrepet av denne prikkedilla;)
    Det begynte for noen år siden,og se rikke ut til å ville gå over heller..
    Har akkurat en slik boks med håndtak jeg også,og prikkete servietter var jeg heldig å finne i fjor.
    De prikkete sakene kommer fort frem på denne tida, synes det kvikker opp.
    Men slike prikkete skåler og boller, synes jeg er fine å finne frem i mai også, til å ha kvitveis i:)
    De soppene var superfine!
    Herlig innlegg Alva!

    Fine førjulsdager videre:)

    SvarSlett
  3. For et herlig prikkete kjøkken - og rødt er nå fint til jul :) Det er mye rødt hjemme hos også. Lo godt at det du fortalte om mannen din - han høres ut som min :)

    SvarSlett
  4. Hei Alva.
    For eit fint prikkete innlegg.
    Synest det var fint eg med prikkar i raudt og kvitt. Passa perfekt til julekjøkkenet ditt.
    Eg sitt opp på loftet, det følest ut som eg snart blir tatt av vinden slik som det bles.

    Ha ein fin 3. advent i morgon.Det går fort dette her, snart julekvelden ( på kjerringa her :))

    Klem frå meg.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no