mandag 16. desember 2013

SNICKERSKONFEKT

.
Søtt og salt er ein uslåeleg 
kombinasjon synest eg. Så då eg kom over 
oppskrifta på denne snickerskonfekten måtte den berre prøvast.

 No er eg slik at eg gjerne må lage min eigen vri 
og her er det intet unntak! Konfekten er laga ut i frå denne oppskrifta
men i staden for å trykke den ut i ei form trilla eg ut kuler.
Eg tok også litt mindre peanøtter og tilsvarande
meir cornflakes.


 I tillegg dryssa eg litt maldonsalt på toppen.
Å du himmel og hav noko så godt! Mmmmm!! Så no har eg ein ny porsjon
på gong, men denne gongen trykker eg dei ut i form 
fordi då går det litt raskare.

Og så reduserte eg 
litt på sukker og sirupmengda for 
dei vart litt i søtaste laget
synest eg.


                                              Nokre har eg pakka i cellofan og putta i slike 
kjekke glas frå Europris. Glasa er rimelege og supre til gåver 
med heimelaga godsaker i.

Nokre har eg lagt i ei billig skål frå bruktbutikken
og pakka i cellofan frå Plantasjen. Koselege små gåver
til dei som har det dei treng frå før:)

Har laga litt forskjellige
etandes gåver i år. Får sjå om ikkje eg kan få
lagt ut nokre fleire her på bloggen. Problemet er berre at det
er ekstremt dårleg fotolys for tida. Likar ikkje så godt blitzbilde
og utan blitz vert bilda gjerne gule og kornete når
dagslyset er så dårlig.

Vi har veldig mykje vêr for tida.
Den eine stormen avløyser den andre, det er regn og torevêr
og ikkje mykje julestemning  å skryte av!

Håper du har julestemning hos deg!
Ønsker deg gode førjulsdagar vidare, husk og
trekke pusten av og til;)

Helsing Alva


3 kommentarer:

  1. Så enig - det er kjempegodt med søtt og salt sammen! Fint å gi spiselige gaver - mange har jo nok av ting. Fin tirsdagskveld til deg - håper juleværet blir fint for dere som har hatt så mye dårlig vær :)

    SvarSlett
  2. Dette ser spennande ut.
    Eg må studere skikkeleg oppskrifta og finne ut om eg kan unngå neter og mandlar.
    Kjekt å gi vekk, også å få slike gåver.
    Eg skal lagre oppskrifta di til neste anledning.
    Tusen takk.
    Veret er trasig, men eg vel å ikkje bry meg så mykje om det.
    Det er no litt friskt også då...
    Takk for alltid så koselege kommentarar frå deg :)
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Så koselig med slike hjemmelaga godsaker:)
    Og denne kombinasjonen høres fantastisk ut!
    Laga karameller med mørk sjokolade og maldonsalt på toppen i fjor, så det salte og søte passer perfekt.
    Her går dagene unna i fykende fart...og ennå gjenstår en god del....
    Men det blir vel jul i år også:)

    Fin dag til deg!
    Og takk for oppskrifta:)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no