onsdag 30. januar 2013

PIPPIFORKLE OG SJARMTROLL


Som eg skreiv i forrige innlegg hadde eg eit spesielt besøk på søndag.
Det var den vesle jenta som eg har sydd kle til tidlegare.  Det kan du lese om her.
No har eg laga litt meir kle til henne og ho ønska seg blant anna Pippiforkle.
Og slike utfordringar likar eg godt!


Og slik vart resultatet. Laga ei bukse til også - den er knekort. Kjolen er laga av eit av putetrekka eg fekk av mora til jenta og fora med eit gammalt dynetrekk eg hadde i stoffsamlinga mi. Buksa er av same stoffet. På lomma applikerte eg på eit klovneansikt som kjem frå same dynetrekket som løva på løveblusen. Den finn du her.




Kjolen er vendbar og slik ser den ut bak:




Og her er sjarmtrollet i sitt nye antrekk:
(Har fått løyve av mora til å vise bilda)

Ikkje lett å fange ein aktiv toåring med kameralinsa, det er lopper i blodet på slike småtupper!
Men synest likevel bilda vart sjarmerande - sjå berre her:


Dette sjarmtrollet kunne eg adoptert på flekken! Heilt herlig er ho!



Ein forklekjole til fekk ho av meg - sydd av mormoras kjøkkengardiner frå 70-80 talet.
Fine minne etter mormora si............


 Denne er også vendbar.


Eit bakeforkle sto også på ønskelista - og kva passer vel bedre då enn å sy av mormors flotte kjøkkengardiner!  Nydelig stoff - eit av mine favorittar. Det ruta stoffet er frå ei gardin funne på loppemarked.


I tillegg har eg laga ein kjole - den kan eg vise i eit seinare innlegg.

Jenta og mora var veldig fornøgde med med kleda og då er eg også fornøgd!
Takk for herlig besøk Ingunn og Nathalie:))

                                             Klem frå Alva


søndag 27. januar 2013

VATTERT VEST




Eg har testa ut eit nytt mønster i dag - vattert vest. Og eg vart så fornøgd med den at eg kjem definitivt til å sy fleire slike! Vesten er vendbar og kan brukast på begge sider.
Veldig praktisk!



Raske og enkle å sy, to stykker vart det i dag. Denne er allereie testa  og fått ny eigar - den sat som eit skudd! Eg har nemlig hatt eit veldig koslig besøk i dag og det skal eg skrive om i neste innlegg. Kan ikkje ta alt på ein gong heller då:)

Vesten er super i lag med snurreskjørta som eg har laga tidlegare.

Slike små fargerike plagg gjer meg GLAD! Og når eg får sjå dei i bruk vert eg endå GLADARE!




                            Med denne blomsten ynskjer eg alle mine besøkande ei glad ny veke!


                                                     Klem frå Alva

fredag 25. januar 2013

VESKE - IGJEN



Her går det i vesker for tida! Kunne ikkje vente lenger med å lage noko av dette flotte stoffet med dei nydelegaste grønfargar som eg fann på bruktbutikken forrige veke! Og det sto i grunnen skreve veske over heile stoffet - ja det nesten ropte etter å få verte ei veske!
Likte den veldig godt, men denne skal eg ikkje ha sjølv - den vert nok å finne i Postkjellaren til sommaren.


Har heldigvis ein god del igjen av det - og no lurer eg på om eg skal lage meg eit skjørt.
Eg er i grunnen ikkje nokon skjørteperson, og heller ikkje spesielt glad i grønt - men eg ser veldig for meg eit skjørt av dette stoffet. Likar veldig godt mønsteret i det.
Mønsteret er liggande, så då vert den breidaste blomsterborda nederst slik som på veska.  
Skal tenkje på det...........


Veska fekk ei mobillomme innvendig og er fora med eit nydeleg lindegrønt dynetrekk - også frå
bruktbutikken.
Det er ikkje så god kvalitet på bilda, men det var eit vanskeleg stoff å fotografere. Flesteparten av bilda vart meir eller mindre uklare.


Endeleg vart det mildare ver ! Det var utruleg deilig å gå ut i dag tidleg og det ikkje var bitande kaldt! Ja, det kjentes nesten varmt ut sjølv om målaren sto omtrent akkurat på 0.
Og då kunne det ikkje passe bedre med noko så uvanleg som fri på ein fredag - det kan eg ikkje huske kva tid sist eg hadde!
Så då var det berre å hive ut alle teppe og ta ein real helgavask! Og det var veldig nødvendig - sist var vel omtrent då juletreet kom i hus (hysj)

Så no kan helga berre kome! Med reint hus og fri-laurdag kan det ikkje bedre verte!
Sidan det er meldt regn i morgon trur eg nok det vert litt sying:))


                                            GOD HELG TIL ALLE SOM ER INNOM -
                               OG HJARTELEG VELKOMMEN TIL NYE FYLGJARAR

                                                      Klem frå Alva

tirsdag 22. januar 2013

EI VESKE TIL I 70-TALS STRIPER



Då er veske nummer to i dette typisk 70-tals stoffet ferdig. Har endra litt på modellen til denne. Huskar du ikkje heilt korleis den første såg ut kan du sjå det her .
Vart i grunnen veldig fornøgd med den - og så gjekk det mykje raskare å lage denne enn den første
sidan eg no visste korleis eg skulle gå fram.



Sidan eg ikkje hadde fleire magnetlås valgte eg å legge inn ei hempe i staden. Hadde verken brun eller orange anorakksnor så då vart det linfarga.  Ikkje heilt optimalt , men som godaste "Kjellen"
seier: " LA GÅ"



Den gamle knappen passa godt sidan den er ganske rund, fin å hekte hempa rundt. Den er brunsvart sjølv om den ser svart ut på bildet.


Innvendig laga eg ei mobillomme med glidelås utanpå. Foret er eit nydeleg silkeliknande stoff frå
bruktbutikken.  Veit ikkje om det er ekte silke, men det virkar sånn. Det er ganske tjukt og kraftig.
Trur det har vore brukt til lampeskjermar for det låg i ein pose i lag med nokre band som var typisk til lampeskjermar.

Det er framleis kaldt her så det går i ullkle og vedafyring. Her eg bur har vi ikkje fått att sola endå,
men til helga skal vi sjå dei fyrste strålane og det ser eg veldig fram til!

                                        Håper sola skin på deg på alle måtar!
                                        God tirsdagskveld :))

                                           Klem frå Alva



fredag 18. januar 2013

STOFFKUPP OG LAMPEOPPDATERING


Då eg drog tilbake til bruktbutikken for å ordne opp med lampa i forrige innlegg så tipsa ei av damene der meg om at dei nett hadde fått inn fleire kasser med stoff (ja dei kjenner meg godt dei fleste der etterkvart.....) Eg var på veg til arbeid og hadde ikkje all verdens med tid - men med slike tips måtte eg berre skunde meg bort i reolane for å sjå.
Tre kasser med stoff vart saumfart i rekordtempo og haugen på golvet vaks etter kvart som eg sikra meg godbitane!
Mykje av det var syntetisk så det let eg ligge igjen.


Fekk sikra meg ein del deilig velur og frotte, ribbestoff og nokre meter med ubleika lerret.
Rosina i pølsa ligg nederst i bunken...........

Rååååstilig - litt kraftig bomullsstoff i herlige fargar og mønster! Diggar det og kan nesten ikkje vente med å sette saksa i det!

Og denne gongen skal eg ikkje klage på prisen - 70kr. betalte eg for heile stasen! Lucky mee!!!!

Så var det lampa då.....
Fekk pruta den ned til totalt 150 kr og er fornøgd med det - særleg når same dama tipsa meg om stoffherlegheita:))


Lampa er fiksa og god som ny - og eg likar den betre og betre.
Kjem nok til å pakke den vekk til våren når den ikkje er i bruk - og så ta den fram igjen til hausten.
For eg likar den absolutt best med lys i!

Takk for dei fine kommentarane på innlegget om den styggfine lampa og alle andre kommentarar som vert lagt att - det gler meg umåteleg! TUSEN TAKK!!!


Vi har kalde og fine dagar på Sunnmøre for tida. I dag fekk eg knipsa nokre fine bilete på veg heim frå jobb. Har du lyst å sjå meir kan du klikke HER.

God helg til alle kjente og ukjente der ute som følger bloggen min!

                                                    Klem frå Alva


onsdag 16. januar 2013

STYGGFIN LAMPE




Det er så merkelig - kvart år når jula er kasta ut får eg behov for fleire lampar. Veit ikkje om det er fordi eg vert eldre og treng meir lys eller kva det er, men det vert alltid ei mørk krå etter jul.
Og i år var ikkje noko unntak. Eit par lampar vart flytta rundt då juletreet kom i hus og ein vart verande der fordi det passa bedre slik synest eg.
Så i år som tidlegare år måtte eg på lampejakt.  Sidan eg hadde lyst på ein gammal lampe drog eg rett til bruktbutikken.
Det manglar ikkje på lampar der, men ikkje ein einaste ein slik som eg hadde tenkt meg.
Men så - etter nesten å ha gitt opp fekk eg auge på ei ledning under eit bord! Å himmel og hav for ei vakker ledning!


Har dokke sett så fin ei ledning! Og stikkontakta er av det gamle slaget og brun!
Har aldri kjøpt ei lampe på grunn av ledninga før (har rett nok ikkje kjøpt den endå - berre lånt den)
Synest resten av foten ikkje er så verst heller, full av detaljerte utskjeringar.


 Eg tenkjer femti-talet når eg ser den . Nokon som har peiling?


Men så var det slik då at der var ingen skjerm på så då måtte eg til å leite etter det også......
Blikket mitt fall straks på denne:


.......og eg tenkte -  nei, ikkje tale om .................
Men eg måtte prøve den på og jammen passa den heilt perfekt!

OG EG SYNEST IKKJE DEN ER FIN EIN GONG!!!!!!


Men så likar eg det likevel!!!!!!!!! Går det an då - å like noko ein ikkje synest er fint????????

Så dette har eg no grunda på nokre dagar - kvifor i alle dagar likar eg det når eg egentlig ikkje synest den er fin?

Har vel på sett og vis kome fram til eit svar......

For det første så har den ei himla fin ledning!
For det andre så passar den veldig godt der den skal stå - i litt nostalgiske omgjevnadar.
Og for det tredje så minner den meg om mormora mi. Kan ikkje huske om ho hadde ein slik lampe - men eg tenkjer på henne når eg ser på den. Jesusbildet er arv frå henne og bildet under er av mor mi som lita jente og hang i stova hos mormor og morfar. På andre sida av skapet har eg eit bilde av mormor.
(Kvifor såg eg ikkje at skapdøra sto litt open??)


Så eg har då kome fram til at lampa vert verande fordi den minner meg om mormor som heitte akkurat det same som meg(det ordentlige namnet mitt)  sjølv om eg egentlig ikkje synest den er fin.
(Absolutt finast med lys i)

Skal prute litt på prisen for den er litt ødelagt. Synest kanskje 150 kr for berre foten er i drygaste laget sjølv om den er antikk. Må lime den delen som pæra skal skruast ned i for den er knekt.

Synest du 150 kr for foten og 95 kr. for skjermen er litt i overkant når det er på ein gjenbruksbutikk som får alle varene gratis? Eg synest kanskje det......

Men er veldig fornøgd med å ikkje kjøpe ny lampe då!!

Onsdag allereie og midt i veka! Dagane er merkbart lysar no - i dag var det enno ganske lyst då eg drog frå arbeid i halv fem-tida! Hurra!!!

Ein fin kveld til deg som finn vegen innom meg!

                                                         Klem frå Alva

søndag 13. januar 2013

VESKE I 70-TALS STRIPER.


Eg er i skikkelig gjenbruksmodus for tida. Blandt dei orange retrostoffa mine dukka det opp ei
gardinkappe i dei mest typiske 70-tals fargane - orange og brunt. Den fann eg på bruktbutikken for ei tid tilbake og eg tenkte med ein gong at det skulle verte vesker av den.
Hadde eit håp om at det var ullstoff, men det viser seg desverre at det er syntetisk.
Viss eg er i tvil om eit stoff er syntetisk eller ikkje så finn eg det fort ut når eg stryk stoffet.
Dei fleste syntetiske stoff tåler ikkje så sterk varme så jernet kjennest litt trått ut på stoffet.
Men det eg merkar det best på er lukta - når du stryk syntetisk stoff vert det ei heilt spesiell lukt.
Kan ikkje forklare den - berre veit det når eg kjenner lukta.

Men veske vart det sjølv om det ikkje er ullstoff. Hadde eit bilde i hovudet på korleis den skulle sjå ut, og den vart vel omlag slik eg hadde tenkt. Har stoff nok til ei til og den vert nok litt annaleis.
Når ein lagar noko utan mønster slik eg har gjort her er det ikkje alltid så lett å tenke seg til kva som fungerer best. Det er eit par ting eg burde ha gjort på ein anna måte, både når det gjeld hanken og lokket.

På neste veske vil eg runde av lokket eller spisse det litt. Sidan det er eit vanskelig stoff å sprette i let eg den vere slik den vart. Når eg ikkje er heilt fornøgd med eit produkt så sprettar eg ofte oppatt og byrjar på nytt. Synest det er gøy å lage ting utan mønster men det er utfordrande og ikkje minst tidkrevjande. Vert mykje tankevirksomheit - det er ikkje alltid så lett å få ut i praksis det som er inne i hovudet!


Til lukking sydde eg på ein magnetlås og pynta med ein gammal skinnknapp. Synest den vart prikken over i-en på veska! 



Innvendig laga eg ei lita lomme med glidelåslomme utanpå.
Så gjenstår det å sjå om nokon har lyst på ei lita skulderveske i 70-tals fargar.
Den vert nok med til Bjørke og Postkjellaren til sommaren.

Ellers er eg i gong med eit anna koslig prosjekt som de får sjå etter kvart. Kan seie så mykje som at det også handlar om gjenbruk.

Kjenner at eg ynskjer å satse meir på gjenbruk framover. Har som mål å kjøpe minst mulig nye stoff i 2013. Synest det er utruleg givande å lage nye produkt av brukte ting - og då vert det også  heilt unike produkt og noko som ingen andre har maken til!

Ynskjer deg ei fin og kreativ veke!

                                                 Klem frå Alva

onsdag 9. januar 2013

LØVEBLUSE

Når det skortar på inspirasjon er det ein ting som aldri slår feil. Det er å leite fram fargerike retrostoff! Og det har eg gjort og resultatet vart ein frisk bluse med løvemotiv.

SOLGT.
I utgangspunktet synest eg  at den var fin nok utan dekor, men etter å ha leita litt i stoffhyllene fann eg eit barnedynetrekk med mange fine motiv på. Då eg såg løva var eg solgt! Den passa så perfekt på blusen at den berre måtte få vere med!
Mønsteret er frå "Barn igjen".
Blusestoffet er frå eit dynetrekk og ermane frå ei fantastisk gardin! Veldig retro!


Stoffet er ganske tynt så det er ikkje alt det egnar seg til. Som ermar var det heilt perfekt!
Begge stoffa var blandt det eg fekk i fjor sommar og som eg skreiv om HER.


Å ta ei opprydding på syrommet er heller ikkje dumt for inspirasjonen, ingenting som er kjekkare enn ryddige arbeidsbenkar. Det vert ufattelig mykje støv av stoff, så ei real støvtørking gjer seg også i blandt.  Noko anna som er viktig er reingjering og oljing av symaskina. Eg er så heldig at eg har ei symaskin som varslar når det er på tide med reingjering og det er så stor forskjell på maskina før og etter! Lyden er heilt annaleis etterpå! Utruleg kor mykje støv og lo som samlar seg nedi maskina! Så dette er viktig!!

Ønsker ein fin og kreativ kveld til alle som kikar innom!

                                                   Klem frå Alva.

søndag 6. januar 2013

REDESIGN - VESKE


Endelig kjem det eit sy-innlegg frå meg igjen!  Syrommet har vore meir som eit katastrofeområde sidan før jul så det har ikkje akkurat inspirert til sying.  Det har vore lager for alle julepynt-kassene og anna som treng mellombels lagring. Klippebordet er også supert som pakkebord, så det har vore overfylt med papir, hyssing, pakkeband og merkelappar.
I dag har siste rest av jula forsvunne, alle kasser har kome på plass på loft og i kjellar og papir og band er rydda vekk. Så då var det fritt fram for sying!

Eg har lenge hatt liggande eit dongeriskjørt som eg ikkje har hatt hjerte til å klippe i.
Skjørtet brukte eg for mange år sidan og likte det veldig godt. Det hadde så fin fasong med litt vipp nede, men var  gått ut på dato for lenge sidan.
Så no var tida inne til å sette saksa i det - og eg bestemte meg for å lage ei veske til meg sjølv av det.


Sjølv om eg ikkje akkurat manglar vesker (det kan du lese om HER ) så blir den til meg sjølv sidan eg var så glad i skjørtet....

Har applikert på eit hjerte i same stoff som foret og pynta med ein turkis knapp. Heilt meg altså....
Knappen har eg kjøpt i Trondheim. Sommaren 2009 var vi mykje i Trondheim i forbindelse med sjukdomen til husbonden. Då vart eg nærast lommekjent i byen og leitte sjølvsagt opp alle sy-butikkar og bruktbutikkar som fantest.  Ein butikk eg kom over har eit meget fornemt namn som eg aldri hadde høyrt før  - possementforretning.... Det var ein liten butikk med alt ei sydame kan ønske seg av utstyr! Har aldri sett så mange knappar og glidelås på ein plass og der var hylle på hylle med blonder og band! O for ei lukke! Handla for hundrevis av kroner og gjekk ut med alt i ein bitteliten pose!


Skulderreima er laga av linningen på ei avlagt bukse. Den er brukt i si heilheit - spretta den av og sydde igjen opninga.



 På eine sida sydde eg på ein knapp og brukte knappholet på linningen til å feste den på.



 På andre sida sydde eg berre linningen fast. Ein veldig enkel måte å lage hank på!



Inni laga eg eit par lommer og sette i eit glidelås til lukking.
Trur dette kan verte ei favorittveske!

Ønsker ei flott ny veke til alle som kikar innom!

                                              Klem frå Alva

torsdag 3. januar 2013

TALLERKENFUNN - bokstavelig talt.....


Det er underlig korleis ting av og til kjem i din vei - nesten slik at ein kan lure på om det er tilfeldig eller "meant to- be".
Fredag i romjula fekk eg plutselig føre meg at eg skulle tøme eit skap for glassflasker som skulle til resirkulering. Ved nærbutikken står ein slik konteinar til å putte glass og metall i og dit køyrde eg med dei. Idet eg gjekk ut av bilen såg eg at det låg noko oppå dunken. Ved nærmare ettersyn viste det seg at det var denne nydelige tallerkenen frå Figgjo:

Sidan det er eit lite skar i den skulle den nok kastast. Men krusty skal absolutt ikkje i glass og metall dunken! Sidan den er for stor til å gå gjennom hola i dunken har vedkomande lagt den att oppå i staden. Flott for meg då som kom dit etterpå og fann den! Og flott at vedkomande ikkje knuste den for å få den inn i konteinaren!


For eg hadde akkurat plass til eit fat til i tallerkenhylla mi - ja eg har til og med vore på utkikk etter eit passande fat til å fylle den tome plassen! Så det kunne ikkje passe bedre - synest det er perfekt
der i lag med dei andre! At det er eit lite skar i det gjer ingenting!


Alt i hylla er bruktfunn bortsett frå klokka som er av nyare dato og puse-krusa som eg hadde som lita jente - altså frå 60-talet.... Hylla er også bruktfunn - mala av meg.



Denne herlige krusa har altså vore mi. Ein del av hanken er knust. Der var det ei fløyte som eg kunne blåse i og så laga den plystrelyd. Kan enno høyre den lyden for meg. Tenkjer dei andre var temmelig lei av plystringa og var sikkert glade då den vart knust. Huskar ikkje korleis det gjekk til at den vart knust......


                                                **************************************

Så no lurer eg på kvifor i alle dagar eg fekk det føre meg at eg skulle resirkulere flasker i romjula!
Tilfeldig???? Tja - kven veit..............


                                              Helsing frå Alva