tirsdag 26. februar 2013

SØTE PUSAR



Har laga endå ein overall - håper de tåler å sjå fleire!
Trur dette vert den siste i rekka - på ei stund iallefall. Måtte lage ein 
skikkelig søt før eg ga meg....Er sååå glad i det yndige
pusestoffet! Det kjem frå ei gardin funne
på loppemarked.



Denne er i størrelse 80.




Buksestoffet er frå ein duk funne på bruktbutikken. Her lyg fargen   
- rettare på fyrste bilde.



Dei søte hjerteknappane er frå ein overall som jenta mi hadde som lita.
Ho var ei skikkelig "rosajente" då ho var lita!
Absolutt alt skulle vere rosa - 
kle, leiker, veggar på 
rommet - 
ALT....

Når det gjekk over skulle alt vere svart.
Veit sannelig ikkje kva
som var verst...

Denne overallen hadde definitivt vorte godteken, for utanom rosa så var 
kattar ein stor favoritt. Vi hadde ein svær hannkatt som heitte
Damian (døypt etter ein katt frå barne-tv)
Han trilla ho rundt på - i ei rosa
dokkevogn.....

Håper du får ein rosa og fin kveld:)

Klem frå Alva

fredag 22. februar 2013

Ein elefant kom marsjerande.....



Eit par nye overallar har sett dagens lys denne veka. Kosar meg sånn med å lage
desse småplagga :) Her har eg brukt eit prikkastoff frå ei 
skikkelig retro kjøkkengardin.
Buksestoffet er eit stripete stoff frå Åhlens. 



Elefantmotivet stammar frå eit barnedynetrekk eg fann på bruktbutikken denne veka.
Gjorde ein vri med lommene på denne overallen. Synest det er greit 
å variere slik at ein får ulike uttrykk.
Størrelsen er 86.



Postman Pat kom og ville vere med også. Denne er størrelse 80 .
Likar så godt desse Postman Pat motiva.
Bukse stoffet er frå posesalget på bruktbutikken for nokre veker sidan.
Vanskelig å fotografere slike småruta stoff.



Barnestoffet er frå stofflageret mitt og kjem frå den lokale stoffbutikken.




Ser ut som ein luring han Postman Pat....

Så må eg få takke for dei utrulig fine kommentarane på forrige innlegg!
Kor kjekke de er med meg!
Eg er takknemlig og rørt over dei gode orda!!
Tusen tusen takk!

Eg har aldri sett på meg sjølv som veldig flink og langt i frå ein meister!
Synest det er så utrulig mange andre flinke damer rundt omkring.
Men eg LIKAR veldig godt det eg held på med 
og storkosar meg med syinga!

Eg var så heldig når eg vaks opp at eg fekk LOV til å utfalde meg fritt!
Mi mamma var aldri opptatt av at vi skulle ha det så fint og ryddig
heile tida. Eg fekk sleppe til med mine kreative sprell
og tålmodig veileda ho meg på symaskina.
Og det er eg henne evig takknemlig for!

Ei historie ho likar å fortelle er at eg brukte å sitje oppe på kjøkenbordet når 
ho sydde kle til oss. Der sat eg heilt oppslukt og fylgde med på
kva ho styrde med. Men det som ikkje var så lurt 
var at eg fann meg eit lite tidsfordriv
når eg sat der.....

eg putta knappenåler inn i symaskina - gjennom rillene på baksida slik at ho ikkje såg det.
Tilslutt stoppa symaskina - og ein reperatør kom til gards.
Og då vart synda oppdaga - å guri kor skamfull eg var!!
Dette hugsar eg nemlig....

Då han gjekk klappa han meg på hovudet og sa at det der måtte eg ikkje gjere meir.
Og eg kan love - DET GJORDE EG IKKJE NEI!!

Ynskjer deg ei fin helg same kva du skal styre med!
Putt iallefall ikkje nåler inn i symaskina;)

Klem frå Alva

tirsdag 19. februar 2013

VÅR I LUFTA




Då har eg fått sydd og avlevert veska eg skulle lage til dama som eg fekk dette stoffet av.
Ho ynskte seg ei skulderveske i lyse sommarlege fargar med 
det fantastiske blomsterstoffet til for.
Veskestoffet er av eit litt kraftig gardinstoff.
 Og dama vart heldigvis strålande fornøgd med resultatet!
Applikerte på blomster frå forstoffet for å skape meir liv i veska. Synest det vart fint
for å seie det sjølv....



Eg er veldig glad i å applikere og likar å leike meg med fargar og motiv.
Og desse fargane er berre ein fryd å jobbe med!
Denne veska kunne eg glatt
beheldt sjølv!



Lomme innvendig er praktisk og greitt.


Har også laga ein buksedress i herlige vår/sommarfargar.
Det søte hundestoffet er ein gardinrest eg fekk i hende.
Det var akkurat nok til overdel.



Lommene er av same stoff som foret i veska over.
Knelappane er av eit matchande gardinstoff  til hundestoffet og veskestoffet over.
Også ein rest eg har fått.
Buksestoffet er frå eit barnedynetrekk eg fekk av same dama som har bestilt veska.
Det er i kraftig og god kvalitet og veldig lite slitt.
Fantastisk lys turkis farge!
LIKAR!!



Her ser det og ut til å verte vår i lufta - sola er i ferd med å bryte gjennom no.
Det har vore tett tåke heile formiddagen - men
no ser eg så vidt i fjelltoppane
og himmelen er blå!!
HURRA!!

Håper du og har det fint!

Klem frå Alva

søndag 17. februar 2013

FORELSKA


Av og til så er det slik at eg forelskar meg litt i det eg lagar.
Og det har eg gjort no....
Ikkje berre litt heller.


Dette herlige bamsestoffet "Teddy bear picnik" frå Sanderson fann eg på bruktbutikken i fjor.
Fargane er veldig vanskelig å få rett på bilde - grønfargane er meir vårlige.
Det måtte verte ein buksedress av det....
Og eg er så forelska!!!


Buksestoffet er eit cordfløyelsstoff - også frå bruktbutikken. Har hatt det liggande ei stund
utan heilt å vite kva eg skulle bruke det til. Men har du sett - det var heilt 
perfekt i lag med bamsestoffet! Fargen er mørkegrøn.
Det er så deilig når ein finn slike uventa matcher! Så utrulig inspirerande!
Så denne vart laga i ekspressfart:)
Den er fora i overdelen med lysegrønt  rutastoff frå Stoff og Stil. Også ein perfekt match.
Størrelsen er 92.

 Detalj frå eine lomma.


På klippebordet mitt ligg endå ein vårlig kreasjon og det passar bra 
for her er det nesten vår i lufta i dag!
Deilig!

Flott og vårlig søndag til deg:)

Klem frå Alva

fredag 15. februar 2013

SYTIPS


Tenkte eg skulle vise korleis eg syr på skråband sidan ikkje alle synest det er så lett 
å få til fint. Ikkje det at eg er nokon ekspert - det er ikkje alle mine 
saumar som er like beine heller.
Men eg kan iallefall kome med nokre tips .


Eg legg skråbandet kant i kant med stoffet - på vranga. Så syr eg i bretten på skråbandet 
eller ein tanke utanfor  (mot kanten).




Så brettar eg skråbandet over til retta slik at det akkurat dekkjer saumen.
Festar med knappenåler.




Og så syr eg fast frå retta - eit par millimeter inne på skråbandet.




Ved å sy litt inne på bandet treff ein slik at det vert pent på andre sida også.

Eit anna tips eg vil dele har eg med meg frå då eg gjekk saumlinja
(eller stikk og hyl som den vart kalla då)
Det er å halde litt stramt i over- og undertråden idet ein startar å sy - då unngår ein at trådane 
vasar seg. Det er så irriterande når det skjer og det ser
slettes ikkje pent ut!


Så er det forsyne meg helg igjen! Det vil seie - ikkje heilt helg for meg endå.
Eg har jobbelaurdag så eg må vente litt før eg tek skikkelig helg.


FIN FREDAGSKVELD OG EI SUPERFIN HELG
YNSKJER EG ALLE KJENTE OG UKJENTE!


Klem frå Alva

onsdag 13. februar 2013

TIL SMÅ PRINSESSER


Då har alle dei rosa snurreskjørta fått seg vest
så no vert det ikkje meir rosa frå
denne kanten på ei stund!



Men eg må no innrømme at det er veldig koselig å jobbe med desse søte fargane då!
Her har eg teke det heilt ut med høg prinsessefaktor!
(Ikkje heilt topp bildekvalitet)


Kunne ikkje dy meg når eg fyrst var i sving med dette gardinstoffet. 
Synest det vart aldeles bedårande.
Her er det prinsesser både foran og bak!



Sjølv om vesten er vendbar reknar eg med at det vert denne sida ut :)
Størrelsen er 6 år.



Desse er størrelse 7 år og ikkje fullt så søte. Litt meir orange i desse.




Diggar stoffet som er i vesten - så herlig retro! Har kjøpt dette også hos AvMeg.
Orange og rosa synest eg er knallfint i lag! Sånn passe frekt og freidig!
For nokre år sidan var det ein kombinasjon som var heilt
 utenkelig. Heldigvis er det ikkje slik lenger!

Fin onsdagskveld til alle som finn vegen innom meg:))

Klem Alva

mandag 11. februar 2013

ROSA OG SØTT

Her har det gått i rosa siste tida. Har fått sydd nokre vestar til dei rosa snurreskjørta.
Forrige veke fekk eg ikkje sydd så mykje - då var det så mykje anna
som tok tida mi. 


Ser at eg med fordel kunna drege over skjørta med strykejernet. Dei har budd i ein koffert
sidan eg pakka ned etter julebutikken.




Har brukt ei blanding av nye og gamle stoff. Har ikkje så veldig mykje retrostoff i rosa.
Er vel ikkje den mest typiske retrofargen heller.







Alle vestane er vendbare. Veldig praktisk.


Elskar dette stoffet som er brukt i vestane! Draumen er å finne eit heilt dynetrekk av det!
Dette har eg kjøpt her. Ho har mange fine retrostoff til salgs.


Det er berre så fint dette stoffet!

Har eit par skjørt til som skal få seg vest - men no trur eg at eg må sy noko anna fyrst.
Det ligg eit stoff og ropar på meg inn på syrommet. Det vil så gjerne verte
ei veske av det! Stoffet er i dei gladaste fargane eg veit om!
Lurer du på kva det er slags fargar 
kan du sjå her.


Ny veke og nye mulegheiter ! Og denne veka ligg heilt blank framfor meg 
 - ikkje noko anna på programmet enn å sy! (Og jobbe,sjølvsagt)

Her er det vinterleg og kaldt for tida - litt for kaldt etter mi meining.
Men flott er det, det skal eg ikkje nekte for.
Sola har vi fått tilbake også!


Tusen takk for dei fine kommentarane som vert lagt att,
eg set stor pris på kvar og ein!

Ynskjer alle som kikar innom meg ei flott ny veke!

Klem frå Alva



torsdag 7. februar 2013

BAMBI

Eg lova tidlegare å vise kjolen som eg  laga til det vesle sjarmtrollet eg har sydd litt kle til - 
blant anna Pippiforkle. Det kan du lese om her om du ikkje har fått det med deg.


Det var ynskje om ein ballongkjole og det måtte eg sjølvsagt prøve meg på. 
Ballongkjole har eg ikkje laga før så då måtte eg leite gjennom syblada mine for å sjå om eg fann mønster på det. Fann ein som eg laga først, men den vart eg ikkje fornøgd med og ikkje 
passa den heller. Så då måtte eg improvisere litt. 

Heldigvis kunne eg bruke oppatt mesteparten av den - berre klipte av ermane og berestykket og laga overdelen på ny etter ei mønster eg har brukt før til ein vanleg kjole.
Vart mykje meir fornøgd med denne varianten.



Kjolestoffet er frå eit gammalt dynetrekk som er  i veldig god stand!
Hadde så lyst til å applikere på ein bambi, men hadde ikkje mønster på det. 
Leita litt i bøker, blad og på nettet utan hell. Då kom eg på at eg hadde liggande nokre gamle
malebøker frå då borna var små  - og jammen meg fann eg ein bambi i ei av dei!
Snakk om flaks! Veldig lurt å leite i malebøker etter applikasjonsmønster
for der er det gjerne enkle teikningar som er lette å kopiere.

Kjolen er overlevert og forhåpentlegvis passar denne bedre enn den første!
Eg synest den vart fin iallefall:)

Helsing Alva


søndag 3. februar 2013

TIL Å DÅNE AV.......


I går fekk eg to posar med gamle stoff og sengetøy av ei dame.
Tenk at nokon berre vil gi meg det!
Eg er rørt, glad og takknemlig!

Den eine posen inneheldt inneheldt masse gamle stoffbitar som enno hadde merkelappen på.
Mykje av det var syntetisk, men med fantastiske mønster.
Det vil eg vise ein annan gong.

Den andre posen inneheldt sengetøy av varierande dato.
Og det eine dynetrekket er til å dåne av....

 Det var som om både våren og sommaren kom på ein gong då dette stoffet kom i hus!
Elskar desse fargane og kombinasjonen!

Då eg heldt på å ta bilde av stoffet kom eg på at eg har ein kjole i akkurat same fargane.
Så då måtte eg inn i kleskapet og finne den fram.
Historia til kjolen kan du lese her.
Det var iallefall perfekt match!


 Dama eg fekk stoffa med ynskjer seg ei skulderveske med dette stoffet
og det skal ho sjølvsagt få.


Elles har det vorte ei veske til i løpet av dagen.  Håper de ikkje er leie av veskene mine 
for her kjem bilde av endå ei.


 Denne er laga av eit av stoffa frå posesalget i forrige innlegg. Er litt usikker på kvaliteten - 
trudde fyrst det var eit ullstoff, men det er nok syntetisk. 
Mulig det er litt ull i det for det stikk litt.
Så det er nok ikkje så egna til 
å sy barnekle av.
Må i såfall forast.

Men til veske passar det fint.

Knappen som er brukt til lukking er ein gammal vintage knapp - trur den har vore på ei kåpe.
Den er aldeles nydelig og passa perfekt på denne veska.


Ynskjer deg ein fortsatt fin søndag og ei god ny veke!

Klem frå Alva