torsdag 28. mars 2013

STOFFLYKKE


Det er rart kor glad ein kan verte av fine stoff.
Det er få ting som gir meg slik lykke som å finne spesielle og gjerne gamle stoff.
Og når ein til alt overmål finn eit stoff med kløver på så må ein berre verte lykkelig!
Sist eg var på bruktbutikken sto det ei stor kasse på golvet ved stoffreolane. På toppen sto det
skreve diverse stoff. Tydelegvis nokon som hadde levert inn heile kassa.
Med skjelvande hender og bankande hjerte opna eg kassa.
O lukke! Øverst låg forskjellige fløyelsstoff - 
eg starta å plukke.


Det neste eg får auge på er dette yndige raude og kvite stoffet
med kløver og sommarfuglar!
Har du sett noko 
så søtt?

Så får eg auge på det grøne stoffet under her og heldt mest på å dåne.....


Men du store mi tid for ein jobb eg fekk med å vaske det! Det farga av noko aldeles 
forferdeleg! Fyrste vatnet var svart. Andre mørkegrønt. Tredje grønt osv...
Fyrst etter fem vaskevatn og minst femten skyllevatn var det 
nokolunde bra. Så det freistar ikkje å bruke det til
barnekle i allefall . Trur det må bli
vesker av det.

Det vart ein bra dunge før eg kom til botnen av kassa.  



I tillegg fann eg to fag kjøkkengardiner i dette herlege brune retrostoffet!




Noko av fløyelstoffet eg fann har eg allereie brukt. Det kjem det bilde av ein annan dag.
Sylysta er endeleg på veg tilbake -  den tok visst påskeferie i forrige veke....
Men i dag har eg endeleg fått sydd litt igjen.


********


Siste par dagane har det vore snøver elles har vi hatt ei strålande flott påske!
Men sidan eg har jobba dei fleste kvardagane har vi heldt oss heime.
Og så skal eg på jobb igjen påskeafta.
Sånn er det - nokon av oss
må halde hjula 
i gong...

Håper du har ei superfin påske der du er!

ALVA

lørdag 23. mars 2013

FARLIG GODT




Er du slik som meg og likar søtt med eit hint av salt bør du prøve desse kjeksa!
Syndig gode!! Og med ein kopp cappuccino frå kaffimaskina
til vart det aldeles utsøkt!

Eg er ekstremt kresen på kaffe  - så Senseo kaffemaskina har fått stå ganske ubrukt
fordi eg rett og slett ikkje har likt kaffien som har vore å få kjøpt til den.
Men no har heldigvis Friele kome på bana med kaffeputer
med vanleg kaffe og cappuccino.
Kan absolutt anbefalast!




Men tilbake til kjeksa...... Oppskrifta fann eg i eit blad som Sparbutikkane har.
Eg har gjort nokre endringar i forhold til oppskrifta - blant anna har eg brukt mindre sukker
fordi eg synest 5 dl. er uhorveleg mykje! Likar ikkje å bruke så mykje sukker
så eg brukar å knipe inn der det er mulig -  og det går heilt fint!

Her kjem oppskrifta:

    3 dl. kveitemjøl
1 ts. flaksalt
     1ts. bakepulver
200g.smør
                  5dl.sukker(eg brukte 3)
        1ts.vaniljesukker
2egg
          6,5dl. havregryn
                                               350g.mørk kokesjokolade(Eg brukte 200 og synest det var rikeleg)

Bland mjøl, salt og bakepulver i ei skål. Visp smør, sukker og vaniljesukker kvitt, og visp inn eit egg om gongen. Bland i det tørre. Rør i havregryn og grovhakka sjokolade. I oppskrifta står det at ein skal trille ut kuler - eg sette dei med skei på steikebrettet. Trykte dei litt ned og dryssa litt Maldonsalt over. Mmmmmm!!!! Eg fekk 27 stykker - 3 brett med 9 stykker på. Synest dei vart passe store. I oppskrifta står det at det vert ca. 20 - dei må då bli kjempestore!
Steikast ved 175grader i 10 - 15 min i følge oppskrifta. Det synest eg var for lite så eg bruke 180 grader i 15 -17 minutt. Men det kjem no an på steikeomnen så her må ein prøve seg fram.




Med dette vil eg ynskje alle mine trufaste besøkande 
god påske!

Takk for alle fine kommentarar eg får - og takk for råd når det gjeld
stolane i forrige innlegg! Husbonden har bestemt at stolane
ikkje skal malast - og sidan det er hans stolar får 
han det som han vil:)
Og eg er heilt
enig!!

Håper du får ei fin påske:)

ALVA


torsdag 21. mars 2013

JORASTOLAR OG LITT TIL



Det viser seg at husbonden har vore eigar av to gamle jorastolar i over 30 år utan at han hugsa det!
Heldigvis har han ein bror med bedre hugs enn han sjølv - så i helga vart han
gjenforeint med stolane sine! Rett nok svært skitne og litt "måttetne"
men likevel sjarmerande fine!



Var i utgangspunktet tenkt å male dei - men etter ein grundig vask og ei natt ute i 10 minusgrader
pluss ein omgong med permetrin er eg ikkje så sikker lenger.
Den andre stolen er ikkje så mykje slitt 
og fargen er litt mørkare.
Tenkte fyrst å male dei i lysegrønt eller lyseblått, men enn så lenge får dei vere som dei er.
Kva synest du - skal eg male dei eller ikkje?




Eg har lenge ynskt meg ei slik gammal symaskin. Og jammen så dukka det opp ei til oss tilslutt.
Den har til og med tilhøyrt bestemora til husbonden så det kunne ikkje passe bedre!
Det er ei Singer maskin og er fullt brukbar! 



Ein gammal bærplukkar var vi også så heldige å få i eige.



Denne fine vasen i lysegrønt passar bra i lag med dei andre lysegrøne
tinga eg har frå før.




Den gamle Egersund skåla er både sprukken og krakelert - men i mine auge er den vakker
likevel. Den fekk straks plass på kjøkkenbenken.

Veldig kjekt når ein plutselig og uventa vert eigar av slike fine antikvitetar!

mandag 18. mars 2013

KARDEMOMMEBY



Eg har lenge vore på jakt etter dette fine kardemommebystoffet.
Og det som er så bra med blogging er at ein kjem i kontakt med mange
kjekke bloggedamer. Randi med bloggen Fargefest hadde dette stoffet og ville gjerne bytte
med meg. Så då sende eg avgarde eit stoff frå samlinga mi som ho hadde 
lyst på og eg fekk tilsvarande mengde med 
kardemommebystoff
frå henne.




Har kleia bra i fingrane etter å sette saksa i stoffet og sy kjolar av det!
Før helga gjekk eg laus - og vips så hadde eg nesten 
brukt opp alt stoff.... buhuuu....



Men du å du så kjekt det var å sy av det då!
Eg har tralla og sunge kardemommebysongar heile helga -
(ikkje det at eg kan synge altså, for det kan eg nemlig ikkje i det heile teke!)
forskjellige songar alt etter kvar på stoffet eg heldt til. Diggar dette stoffet!
Vil ha meir!



To kjolar, ein forklekjole og ein overall vart det til slutt.
Har litt meir stoff men det må eg spare på.



Vert glad av å sjå på desse herlege figurane!


Glad vart eg også då eg var på bruktbutikken laurdag - då fekk blodpumpa køyrt seg litt:)
Og om mulig vart eg endå gladare då vi i går fekk i hende 
nokre fine antikvitetar og to rååfine gamle stolar!
Har visst litt å blogge om utover veka:)
Fortsettelse fylgjer.....

Og som om ikkje alt dette er nok så er vi velsigna med eit
 aldeles nydeleg ver om dagen - 7-8 pluss og sol!!
Rett nok ligg her ein del snø endå,
men det gjer faktisk ikkje 
så mykje!
For no smeltar den fort!

Håper sola skin hos deg også og at våren ikkje er langt unna!

ALVA.

fredag 15. mars 2013

VEST OG NIKKERS

Har laga ein vest til og den måtte få fylgje av ein nikkers!


Fekk tips om at det hadde gjort seg med nikkers til vesten då eg hadde innlegget 
om kle til ein liten herremann.  Eg hadde faktisk tenkt tanken sjølv 
men mangla mønster. Til denne vesten her måtte det berre 
vere ein nikkers så då laga eg likegodt mønster sjølv.
Tok utgangspunkt i eit enkelt buksemønster 
og laga den litt kortare.
Så får vi håpe den passar til ein toåring. 
Var litt usikker på kor vid den skulle vere under knea.
Har laga splitt og knappelukning.



Stoffet eg har brukt har eg funne på gjenbruksbutikken og er nok eit gammalt
dress-stoff. Er usikker på kvaliteten - det virkar som ull 
men eg har mistanke om at det er syntetisk i det.
Mulig det er blanding ull/syntetisk.


 Brukte ei litt anna mønster på vesten også - denne har to små lommer.





Måtte lage ei skyggelue til dette settet også.
Synest det vart eit herleg nostalgisk sett.

Men no må eg ta ei pause med vestane for det var litt tungt for hendene.
Har lyst til å lage fleire så eg får sjå etterkvart..... 
Har ein kranglete tommel så eg får vel prøve å halde meg til lettare arbeid. 

Det er eg i gong med allereie faktisk!
Har fått tak i eit stoff som eg har vore på jakt etter lenge 
og det er såå kjekt å sy av det!! 
Satsar på å få lage meir 
i løpet av helga.

Bilete kjem etterkvart:)

Fin fin helg til deg!

Alva.

onsdag 13. mars 2013

BLÅTT - SJØLVSAGT!




Slik vart altså dei nye putene mine! Blått i ulike nyansar!  Det brune innslaget er for å   
passe til biletet over sofaen. Det var eit par stykker som tippa ganske rett - 
Sonja frå Sunnfjord og MarJE kjenner meg visst ganske godt:)
Ullteppet i den nydelegaste grønfarge passar perfekt til.
 Fann to stykker på bruktbutikken sist eg var der
 til den nette sum av 50 kr.stk.
Lucky me!




Denne puta er laga for å passe til biletet som heng over stolen. Skal skifte ramme på 
den difor er det ikkje med på biletet. Men du kan sjå motivet under her.
Det er laga av ei lokal dame som no er flytta frå bygda.
Er veldig glad i det - likar så godt både 
motivet og fargane.







Slik ser det ut i sofakroken no. Litt meir vårleg enn tidlegare. Og det trengst visst å lage 
vår inne for ute er det full vinter. Snøen lavar ned og ein god del kom i går også.



Lysfatet med litt av nykjøpa frå Nille. Slike vasar har eg sett rundt i blogglandia
og har likt dei godt. Når dei så er å få kjøpt på Nille til 3 tiarar var det 
ganske lett å la seg freiste. Det mørkaste lysglaset hadde eg frå
før og den fine glaskrukka med perleblomst og sommarfugl
fekk eg før helga fordi nokon set pris på meg.
Det varmar!


Fin onsdagskveld til deg! 

Klem Alva

fredag 8. mars 2013

TIL EIN LITEN HERREMANN



Dette er det eg har styra med på syrommet denne veka - kle til ein liten herremann.
Har prøvd ut nokre mønster, om eg skal satse på fleire  slike 
plagg til Postkjellaren.

For ordens skuld - blusen har eg ikkje sydd! Den har tilhøyrt eldstemann -
måtte opp på mørkloftet og leite den fram
til fotograferinga:)


Vesten synest eg var grei å sy - når eg berre knekte koda med vrangsyinga.
Så eg trur nok det vert fleire slike vestar.



Buksa synest eg det var litt meir styr med. Det er både lommer og gylf på denne -
Gylf er år og dag sidan sist eg sydde så den streva eg litt med.
Trur eg må finne meg eit enklare buksemønster.




Men den vart fin då - med mange detaljar. Linningen har knappholstrikk 
så den kan justerast. Veldig praktisk.



Og her er prikken over i-en! Ei herlig skyggelue - eller møsse som svenskane ville ha sagt:)
Den var veldig grei å sy - og ikkje minst morsom!

Skulle sjølvsagt hatt ein liten herremann som fotomodell -
men det har eg desverre ikkje!


Har kosa meg skikkelig med å sy desse gutekleda sjølv om eg 
har sveitta litt innimellom!


****************************


Så er det fredag igjen og her har vi nettopp innteke fredagspizzaen
etter denne oppskrifta. Den er berre sååå god!
Anbefalast!!

Litt raudt i glaset vart det jammen meg også - men berre litt
sidan det er jobb på meg i morgon:)

Ynskjer alle ein god fredagskveld og ei strålande fin helg!
Her har vi kalde og flotte dagar-
reine påskestemninga!

Klem frå Alva

onsdag 6. mars 2013

GLADE FORKLEKJOLAR




Her er eit par forklekjolar til frå helgas produksjon.
Dette stoffet har dei gladaste fargar eg veit!
Likar det sååå godt!!




Fora med eit vintage dynetrekk .




Dette trur eg må vere det søtaste stoffet eg har i samlinga mi!
Det er berre så utruleg yndig!
HER kan du sjå ein 
kjole laga med
same stoffet.

Takk Ingunn for at du foræra det til meg:)




Denne er også fora med eit gammalt dynetrekk.


På syrommet har eg ei nytt og litt spanande prosjekt på gong!
Prøver meg på noko nytt - det er litt tidkrevjande
så eg får sjå om det er noko eg kjem 
til å satse på. 

Men gøy er det iallefall:)
Bilete kjem snart....

Fin onsdagskveld til deg:))

Klem frå Alva


mandag 4. mars 2013

SOMMARSETT TIL BABY




Her er noko av helgas produksjon - eit søtt sommarsett til baby i størrelse 0,5- 1 år.



Ku med lappar på skinka..... Ser ikkje heilt vitsen med det - hi hi....



Lita yndig bleiebukse



Solhatt høyrer med .... Så mykje sol som vi skal ha denne sommaren så trengst det nok:)

Har laga eit par andre ting også men dei får eg ha til gode.
Kan ikkje vise alt på ein gong heller....


Tilslutt så må eg få takk for alle dei kjekke kommentarane på forrige innlegg!!
Eg er overvelda over alt det fine de skriv til meg!!
Tusen tusen takk alle sammen, det
inspirerer meg iallefall
til å halde fram
med syinga!


Ynskjer dokke ei ny flott veke - alle fine menneske som tittar innom meg:))

Klem frå Alva



fredag 1. mars 2013

TEDDYBEAR PICNIC


Då har eg hoppa frå overallar til forklekjolar! Har prøvd eit nytt mønster denne gongen. 
Det er frå boka Sikksakk og mønsteret er Luddeklær sitt.
Litt anna fasong enn det mønsteret eg har frå før.
Likte denne veldig godt!


Er visst heilt forelska i dette søte stoffet her eg! Det er så gøy med slike stoff der ein kan 
plukke ut forskjellige motiv! Då kan ein variere i det uendelig:)
Dette stoffet er slik - store og små motiv
om einannan.



Slik ser det ut bak. Fora med eit søtt dynetrekk i sarte pastellar.
Same stoff er brukt som
underlag.




Veldig raske å lage - så det vart ein til i same farta. Her har eg brukt det unike 
Carl Larsson stoffet som eg skreiv om her.
Mitt favorittstoff nr.1!!!



Fora med eit herlig retro dynetrekk frå ein av mine kjekke givarar.



Så er det fredag igjen gitt - og til og med 1.mars!
Fyrste vårmånaden - men her er ikkje
mykje som minner
om vår.

Snø, slaps og vindfullt- og verre skal det visst verte.
Vermeldingane til i morgon er ekstreme
så då er det best å halde seg
innandørs!

Det har eg tenkt å gjere - og då er det vel fare 
for at det vert litt sying:)

Ynskjer alle som kikar innom ei flott og kreativ helg!
Håper du ikkje bles bort :))

Klem frå Alva