søndag 26. mai 2013

GJENBRUKSFORKLÈ


Dette er eit forklè som er laga nesten berre av tekstilar som har levd eit liv før.
Det nederste stoffet - det med hjerte på har vore ein duk.
Det øverste har vore ei kjøkkengardin,
det same med knytebeltet.


Lomma er laga av ein serviett - slike som fylgjer med somme dukar.
Duken hadde nokre flekkar og dei er kamuflert under
lomma, bak heklabrikka og under det brune
hjertet som er klipt ut frå duken.

Og her står eg - framleis inspirert av godaste Kaspara som blant anna 
lagar dei finaste forkle av retrostoff.


I går hadde vi ein nydeleg dag her når berre skodda letta ut på dagen.
Så då vart det litt hagearbeid og då fekk eg endeleg
ordna til ved inngongspartiet.


Er ikkje heilt enig med meg sjølv om det vart "too much", mulig 
eg kjem til å ta vekk stolen. Den skal egentleg inn i 
Postkjellaren når eg opnar der, så kanskje 
den får stå til dess.

I dag ser det ikkje ut til at skodda har tenkt å lette - den ligg
ganske så tett i det eg kallar "knehøgde".
Og med 10 grader freistar det
ikkje å gå ut iallefall.

Fin søndag til deg som finn vegen innom!

Helsing Alva

torsdag 23. mai 2013

GLA' VESKER


Desse veskene synest eg vart nokre skikkelege gla'vesker!
Det er ei stund sidan eg laga dei men har ikkje teke bilete av dei før i dag.


Denne er laga av ei herleg retro gardin. Likar dette stoffet kjempegodt!
Modellen er den same som denne veska.
Er kjempefornøgd med den og
brukar den dagleg.



Denne er laga av rustfarga cordfløyel frå bruktbutikken og pynta med 
ein flower power blomst frå ein gardinrest.



 Denne er også laga av eit stoff frå bruktbutikken. Dette stoffet hadde aldri
vore vaska og eg måtte bruke 5 vaskevatn og 15 skyllevatn
før det ikkje farga noko særleg av lenger.
Difor bestemte eg at eg ikkje ville 
bruke stoffet til å sy kle av.
men til veske passar
det bra!

Tusen takk for alle fine kommentarar på forrige innlegg -
set stor pris på kvar og ein!


****************


Det nærmar seg
opning av Postkjellaren faderleg fort no!
Opning for sesongen vert helga 22. og 23.juni. Kl. 12- 17 begge dagar.
Den helga er det midtsumardagar på Bjørke
med mange arrangement,
bl.anna fjellturar.

Kjem tilbake med meir detaljar seinare.

Helsing Alva


onsdag 15. mai 2013

MUMMI I LANGE BANER


Sist fredag kom ei dame og leverte eit 
Mummi - sengesett til meg og lurte på om eg ville sy
 noko av det til jenta hennar. Og det var sjølvsagt ikkje nei i min munn:)
Eg spurde kva ho ville ha - og då var svaret:
Lag det du vil! Og slike ord lyder som
musikk i mine øyre!!


Etter å ha sett på det i ca. 5 sekund etter at eg pakka det ut
hadde eg planane klare! Det fyrste eg såg var at 
det i allefall måtte verte ein forklekjole
og mammelukke.
  


Slik såg det ut - forskjellig stoff på begge sidene!
Litt dårlige bilde men eg kom litt seint
på at eg skulle ta bilde av det.

Sengesettet er kjøpt på Jysk
og er i barnestørrelse.



Så då var det berre å få det i vaskemaskina og få det tørt i ein fei!
(Strauk det tørt tilslutt)











Ein artig detalj er å bruke oppatt merkelappane. 
Då ser det straks meir proft ut:)




Forklekjolen er vendbar, så her er det to i ein!



Putetrekket (som eg gløymde å ta bilde av) 
passa perfekt til ein bluse.
Ermane frå dynetrekket.







Resten av dynetrekket (øverste delen) var akkurat nok til eit skjørt.
Til bakside måtte eg bruke eit anna stoff.



Og resten av baksida av dynetrekket vart ermar til ein finkjole.
Passar perfekt som 17-mai kjole:)


Dette var eit veldig morsomt oppdrag og plagga vart laga i rekordfart!
Så fort gjekk det at hendene måtte kvile eit par dagar etterpå.
Men sånn er det når ein vert ivrig - då er det
 vanskeleg å stoppe i tide:)

Helsing Alva

torsdag 9. mai 2013

VESKE TIL EI HESTEJENTE


For ei tid tilbake fekk eg bestilling på ei skulderveske til ei hestejente.
Ho ynskte seg ei veske i dongeri med rosa for
og som dekor ville ho ha bilde av
favoritthestane - det eine 
forma som eit hjerte.
Og så måtte der vere litt blonde:)
Veldig jentete med andre ord!

Og slik vart resultatet:


Jenta har venta ei stund på veska si.
Fyrst fekk eg vondt i ei hand og måtte ta ei pause i sying.
Når så handa var såpass at eg kunne sy igjen så ville ikkje printeren 
lage fine bilde. Striper i alle regnbogens fargar er ikkje fint tvers over ein hest!
Etter utallige forsøk på rensing var det framleis like ille.



Enden på visa var at husbonden spanderte ny printer på meg 
og fine bilde kunne igjen printast ut:)
Så då fekk eg endeleg fullføre prosjektet!



Innvendig lomme til mobiltelefon og nøklar er greit.
I tillegg har eg laga ei glidelåslomme.
Kjekt til f.eks pengar og 
liknande.

Håper at jenta vert fornøgd med den nye veska si!
Eit er iallefall sikkert:
Det finst ingen som 
har maken!


søndag 5. mai 2013

70 - TALS SNADDER :)


Ein dag eg kom frå arbeid sto det tre posar med stoff i gangen.
Mi utømmelege kilde hadde vore der med ny forsyning:)
Hadde ikkje tid til å ta av meg verken 
sko eller jakke før eg gjekk
laus på posane!


Å himmel og hav kva som openberra seg!
Det var som om hjertet både stoppa og ville opp og ut!
Det over her er berre så fint! Fargen er ikkje heilt rett på biletet.
Gardina har allereie vore under saksa - kva eg har laga
får du sjå ein annan gong.
Nokon som vil
tippe?



For nokre år sidan hadde eg synest at denne gardina over her var heslig stygg!
Veit ikkje om eg kan seie eg synest den er FIN no heller -
men eg får seie som Tone Damli  :
eg berre ELSKAR den!!

Den skarpaste orangefargen er nærast neonfarga.
Gardina er i veldig god stand,
ikkje falma i det heile
teke!



Dette er berre ei lita gardin, men ååå så herlig!



Typisk 70- tal.
Og dette er berre noko av det som var i posane!
Takk igjen, Ingunn!

**********


Så vil eg ynskje velkommen til alle nye 
fylgjarar!

Håper de vil trivast her inne:)

Helsing Alva

torsdag 2. mai 2013

SLIK VART DET.....


Huskar du dette fantastiske stoffet her som eg skulle sy
noko av til ei lita snuppe?


No er plagget forlengst kome til sin eigar
og eg kan vise det til deg:)


Ein kjole måtte det sjølvsagt verte!
Og her er så og seie heile stoffet brukt. 
Det vart eit lite puslespel for å få det til, men det gjekk!
Var veldig lei meg for at eg måtte klippe av det orange huset,
men det var plassert så midt på stoffet at det ikkje var til å unngå.
Synest det var synd med alle figurane eg måtte klippe i også, men det måtte til....
Slike stoff kallar eg dilemmastoff . Med det meinar eg at uansett 
kvar ein klipper så vil ein øydelegge noko!
Hjerteskjærande!!!

Mønsteret til denne kjolen kjem frå eit eldre Alt om Håndarbeide.
(Men ikkje frå 80- talet nei....)

Og eigaren vart strålande fornøgd, ansiktet lyste opp i eit stort smil då ho såg den!
Hadde kamera liggjande klart for å ta bilete då ho prøvde den - 
men huska eg det? Neida...

Ha ein fin kveld!

Alva