søndag 23. juni 2013

FLOTT OPNINGSHELG!

Ikkje mykje jonsokfeiring her i garden!
Helga har gått med i Postkjellaren og ingen av oss 
tenkte på at det var jonsokafta så det vart ikkje handla inn noko av
 grillmat og godt å drikke! Men vi fekk servert rjømegraut 
på Bjørke så kvelden vart redda likevel!


No er vi heime igjen og ganske slitne etter helga. Opninga har gått over
all forventning! Mykje folk innom dørene og godt sal begge dagar!
Laurdag var veret ganske grått med skodde langt ned
som du ser på bildet over her!



Det slutta heldigvis å regne utpå dagen, men skodda letta aldri.
I dag derimot vart det eit strålande ver og det 
strøymde folk til den vesle bygda!
Ja det var nesten trafikkaos
ei stund!




Utruleg kjekt! 
Mange gode tilbakemeldingar 
på utstillinga og arbeida mine er veldig inspirerande
og gjer at det er verdt alt arbeidet!



For det er mykje arbeid!
Ikkje berre det som skal lagast,
men det å lage ei bra utstilling er ganske krevjande!
Mange mange timar med arbeid og mange omsnuingar før 
denne dama vart fornøgd. Perfeksjonist vert
eg kalla - og det stemmer nok bra....



Den gamle symaskina etter farmora til mannen gjorde seg veldig godt 
i gangen. Bordet den står på har han laga for mange 
år sidan. Det har stått i kjellaren siste åra 
men har no kome til nytte 
igjen!



Det var til tider folksomt i det vesle lokalet vårt!

Veldig fornøgd med opningshelga!
No har eg heldigvis ferie for det må litt sying til!
Det vart nokre store hol i utstillinga
som må fyllast!


Ha ei strålande fin veke!

Oppdatering mandag:
Flott bildeserie i Sunnmørsposten i dag!
Trykk her så får du sjå!

Helsing Alva

torsdag 20. juni 2013

VELKOMMEN TIL SESONGOPNING!
























Då er Postkjellaren klar for den fjerde sesongen!
Laurdag klokka 12 opnar vi dørene
og gled oss til å ta imot
nye og "gamle"
gjestar!

For å finne oss køyrer ein mot kyrkja.
Der er det også greit å parkere.

Det vert skilta, så eg trur det skal vere
greit å finne fram.

Så får vi håpe at vergudane er på vår side slik at 
det går an å nyte utsikta frå den fine 
terassen vår og smake den
himmelske gode
sommerkaka
mi!

Det vert ope både laurdag og søndag frå kl.12- 17 denne helga.
Resten av sommaren vert det ope kun søndagar.

VELKOMMEN TIL POSTKJELLAREN
PÅ BJØRKE!


PS. Hugs og ta med kontantar då eg diverre
ikkje har betalingsterminal!

Er du usikker på korleis du kjem deg til Bjørke?
Frå Volda køyrer du Kvivsvegen innover mot Fyrde. Er litt
usikker på kva som står på skilta. Men du køyrer iallefall heilt til Kalvatn
og like før Kvivstunnelen tek du av til Bjørke, det er skilta.
Krysset kjem litt brått på mellom to tunnelar, så ver obs.
elles hamnar du i Hornindal!

tirsdag 18. juni 2013

NY KJOLE!

Har sydd meg ny kjole til helga!
Så får vi berre håpe at det ikkje vert tropevarme
for då vert den litt i
heitaste laget!


Den er nemlig laga av velour som eg fann på
bruktbutikken for ei tid tilbake.
Mjuk og deilig - og varm!



Veldig fornøgd med resultatet
og heilt meg!!
Og så er den mitt eige
design!

Blomen som er applikert på 
er varemerket mitt - så den måtte sjølvsagt
vere med:)

Snart dreg eg og mannen til Bjørke og 
gjer ferdig utstillinga.

Og då er eg klar til helga!!


Til dei som lurer:
Eg kjem til å ha ope kvar søndag heile
sommaren til og med 
25. august!

Håper eg ser deg !
Og husk å gje deg til kjenne då ;)

Fin tirsdag ynskjer eg deg!

Helsing Alva.

søndag 16. juni 2013

DET TEK FORM.....


Har vore på Bjørke og styra i Postkjellaren heile dagen i dag!
Det byrjar å ta form - men mykje arbeid att!

Her kjem nokre bilde -
 det nytta ikkje med anna enn nærbilde!
Ganske kaotisk rundt!






Sjekk den søte leikekomfyren då!
Fann den i eine uthuset der inne då eg var på leiting etter noko anna:)
Den er frå 60 - talet og eg leika med den som lita jente!


Elskar den turkise fargen!
Litt rusten og slitt og manglar eine brytaren
men såå sjarmerande likevel!!




Litt rosa i "barneavdelinga"














Vert ein dag til med jobbing før eg er i mål.
Har tre vindusutstillingar igjen 
og nokre oppheng som
 må på plass.

Men reknar med at
 eg kjem i mål før
laurdag.

Kjem med fleire bilde 
utover veka.

Ynskjer deg ein fin ny veke:)

Helsing Alva.


Ps. I morgon slettar eg innlegget med pizzaoppskrifta!
Har fått søppelkommentar i dag også
med alle slags tilbud!
Så husk og kopier oppskrifta om du ikkje har gjort det allereie!
(Sjå forrige innlegg)

onsdag 12. juni 2013

DISK


Som eg har nemnt før har eg kjøpt eit skap på bruktbutikken 
som har vorte gjort om til disk til 
Postkjellaren.


Slik såg det ut før arbeidet tok til.
Skapet har nok stått på
eit kontor.

Det geniale er at det har ei skyvedør som dekkjer heile opninga
og så kan det låsast.



Når døra vert opna rullar den rundt til baksida.
Ikkje akkurat fint som front 
på ein disk...



Og slik vart den innvendig etter at husbonden hadde gjort sitt.
Ei skuffe og to hyller. Toppen vart pussa ned
og lakka.



Til fronten har han trekt ei kryssfinerplate med strie slik at den og kan fungere
som opphengstavle til plakatar og anna.


Denne sida var ikkje så fin så den fekk og ei plate med strie på.

Er veldig fornøgd med den nye disken - trur den vil fungere supert!
Tidlegare hadde eg ei stor trekasse som disk.
Tøft, men litt lite og
upraktisk.

Den viser forresten på bildet over - 
heilt bak ved veggen.



Og over her har det gamle kjøkkenbordet frå forrige innlegg kome på plass!
Det var råfint i lag med dei gamle kjøkkenskuffene som
var der frå før!!

Så no gled eg meg verkeleg til å fylle opp Postkjellaren
med alt eg har laga gjennom 
siste året!

Berre 10 dagar att til opning!!

Panikk nei???
Ikkje i det heile teke.......
(berre bittelitt....)

Helsing Alva.


Ps: No er Postkjellaren også på facebook!
Trykk her så kjem du rett inn.
Kjekt om du vil følge meg
der også!

(Takk til anonym som hjalp meg slik at eg greide å linke!
Eg er ganske amatør når det gjeld slike ting!)



lørdag 8. juni 2013

LOPPER OG BRUKTFUNN!


Dagens loppemarknad var ikkje av den sværaste eg har vore på
men resulterte likevel i eit par fine funn!


Den fine kaffikjelen med raude detaljar kunne eg berre ikkje gå i frå! Såå fin!!
Den skal få kome til Postkjellaren og verte ein del av utstilliga der.

I tekstilavdelinga var det lite trengsel og få godbitar.
Ikkje eit einaste retrostoff å sjå! Det blå og kvite
stoffet låg i ei kasse under bordet og eg såg
det ikkje før eg hadde gått derifrå
og snudde meg for å ta ein 
 siste kikk.....

Kofferten i raudt og kvitt var heller ikkje lett å få auge på under ei hylle!
Og lukka var stor då eg opna den og såg at det ikkje berre 
var ein koffert men heile tre!!



Dei to største er rett nok i ganske dårlig forfatning - 
men for 20 kr. går det likevel an!
Desse vert og med til 
Postkjellaren.

Elles var det ikkje så mykje spanande å finne.
I møbelavdelinga var det ein del fine ting
men ingenting eg har bruk 
for no.

Dette var den andre loppemarknaden eg har vore på denne våren.
Den forrige gjekk eg tomhendt i frå og det er
fyrste gongen det har skjedd! Der var 
absolutt ingenting eg kunne tenke
meg, og prisane var 
altfor høge!


 Som eg nemde tidlegare fann vi eit par fine ting på 
gjenbruksbutikken tidlegare denne veka - 
blant anna eit knallstilig bord.



Og her er det!
Synest det er råååfint!
Bordplata er voksa, så det einaste
som er gjort er at husbonden 
har pussa den rein.



For hundre kroner vart det vårt:)
Kosta egentlig det doble, men sidan vi  også kjøpte
skapet som skal verte disk så slo han av prisen.
Fint for oss det:))

Husbonden er i full sving med å gjere skapet om til disk.
Veldig kjekt med ein handyman som kan trå til!
Eg berre seier korleis eg vil ha det - 
og han utfører ordre:)

No skal det seiast at han er ganske så nevenyttig og likar
å halde på med slikt arbeid. Og at han har 
bakgrunn som møbelsnekkar
er ikkje noko minus:)

*******

Tusen takk for dei fine kommentarane
på innlegga om kortbuksene!
Set stor pris på kvar 
og ein:)

God helg til alle som finn vegen innom!

Helsing Alva.

torsdag 6. juni 2013

KORTBUKSE I DONGERI


Då er kortbuksa i dongeri ferdig!


Bamsen på lomma er frå ei gardin funne på gjenbruk.
Buksa er i størrelse 2 år.



Kjekke å sy desse buksene, men mange detaljar så det tek litt tid.
Får sjå om det vert fleire - har lyst å lage ei i 
retrostoff, men har ikkje funne det
rette stoffet enno.



Stoffet bør ikkje vere for tynt - det må tåle litt røff bruk.
Får ta ein kikk til i stofflageret mitt,
har heilt sikkert noko som
kan brukast!

Så får vi håpe at det vert ein fin sommar  slik at
nokon har bruk for ei slik bukse:)

*******

Her vart det regn og kjølig igjen
dvs. sy-vêr!

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko;)

Helsing Alva.

tirsdag 4. juni 2013

KORTBUKSE


Har lenge tenkt på at eg skulle hatt litt meir kle til gutar.
Og i går gjorde eg alvor av den tanken
og prøvde meg på ei kortbukse.


Synest den vart fin. Litt plukk å sy men ikkje verre enn at det går.
Stripete stoff er vanskeleg å ta bilde av,
det ser rett og slett uklart ut.

Stoffet fann eg på bruktbutikken for ei tid tilbake
og eg trur det er frå -70 eller tidleg -80 tal.
Passa supert til bukse!


Fann eit strykemerke i sysakene mine som eg brukte som dekor på lomma.
Anar ikkje kvar det kjem i frå, men eg trur eg har fått det.
Får av og til spennande posar med saker og ting
så eg har ikkje heilt oversikt over
kvar alt kjem i frå.

Knappane kjem frå brukt-knappelageret mitt. 



Slik ser den ut bak.
Er i gong med ein til, den er i dongeri.
Den var gøy å sy sjølv om det var litt plukkete!

Ein tur på bruktbutikken i dag resulterte i eit par fine funn!
Eit skap som skal gjerast om til disk i Postkjellaren
og eit kjempekult gammalt bord
som og skal dit!

Bilde kjem etterkvart!

Det er visst litt forvirring ute og går om kva tid vi skal opne.
Har fått mange spørsmål om eg ikkje har opna 
allereie, men det har eg alså ikkje!

POSTKJELLAREN OPNAR LAURDAG 22. JUNI KL.12.00
OG HAR OG OPE SØNDAG 23. FRÅ 12.00 - 17.00.

Resten av sommaren vert det kun ope søndagar 
og då er opningstidene 13.00 - 17.00.

Håper alle no har fått det med seg:)

Fin kveld til deg som kikar innom!

Helsing Alva.

søndag 2. juni 2013

SVELE


Få ting er vel så typisk sunnmørsk som svela!
I dag vart det sveler til søndagskaffien.


Hadde ståande noko surmjølk som gjekk ut på dato for nokre 
dagar sidan og då passa det bra å lage sveler. 



Har mange forskjellige oppskrifter
men den eg brukte i dag synest eg er den beste.
Og så er den veldig enkel!



3 koppar mjøl (knapt)
1 kopp sukker
2ts.natron 
2 koppar surmjølk(vel)
2 egg.
Eg brukte store koppar i dag så då tok eg eit egg ekstra og litt meir natron.
Bland alt raskt saman og la røra stå og svelle ein halv time.
Der av namnet svele.....




Godt med rømme og rørt jordbærsylte på....



men aller best med.....



.....smør og sukker....mmmmmm!!!
Fekk du lyst på svele no?