torsdag 25. juli 2013

HJERTESTOFF

Av ein eller
anna grunn er eg veldig
svak for stoff med
hjerte på.


Så då Trine
med bloggen Gult hus i svingen
skulle selge ein del av retrodynetrekka sine
var eg snar om å sikre meg dette
superfine dynetrekket!



Nesten eit 
heilt dynetrekk i veldig
god stand og med det søstaste
hjertemønster
på!

Er sååå fornøgd!!!



Kunne 
sjølvsagt ikkje vente
lenge med å sette saksa i det!
Ein liten snikkikk her - resten må vente
til det er ferdig:)

 Sying vert
overhode ikkje prioritert
for tida, for her er endeleg sommaren komen!
Fire dagar på rad med strålande sol 
og gode temperaturar
er jammen ikkje
kvardagskost!

Så det må 
berre nytast medan
den er her!


Håper
sola skin hos deg
 også!


Sommarhelsing frå
Alva.


lørdag 20. juli 2013

SØT KJOLE

Her har kvardagen
innhenta meg og veka har gått i turbofart!
Starta på jobb etter ferien mandag og det vart sannelig ein start med smell i!
Så det har vore null energi til sying eller andre fornuftige gjeremål.
Sidan eg ikkje har laga noko nytt  passar det bra å vise 
denne søte barnekjolen eg laga på
slutten av 70-talet.


Er litt usikker på om det var då eg gjekk på folkehøgskule eller yrkesskule,
men eg trur det var sistnemnde. Huskar iallefall at det var
noko av det fyrste vi laga ved skulestart.

Kjolen har vore så godt gøymd 
at eg ikkje fann den att før no i sommar
då eg og syster mi rydda mørkeloftet i barndomsheimen.
Då dukka den fram på botnen av ei kasse ilag
med andre spanande ting frå den tida.
Det kan du sjå her.



Så no har eg teikna av mønsteret
og har planar om å lage fleire slike.
Likar så godt stoffet den er laga av - kunne 
tenkt meg og hatt meir av det ja...

**************

Har lenge gått med planar
om å lage ein liten nettbutikk her på bloggen,
og no har eg endeleg fått 
det til.

Har lagt ut litt forskjellige
brukte og ubrukte ting der, nye og gamle.
Så ta deg gjerne ein tur innom 
og sjå om det er noko 
som freistar.


Det ligg  lenke på høgre
side av bloggen.

Ha ei fin helg !

Helsing Alva.

mandag 15. juli 2013

LITT DOKKEKLE


Først av alt -
tusen takk for dei fine
kommentarane og alle gode orda
på hageinnlegget! Kor kjekt at dokke likte steinstien min!
Er veldig fornøgd sjølv også - og no har eg fått på
plass endå meir stein i bedet
så då kan eg seie meg 
ferdig!


Men no er det 
på tide med eit syinnlegg igjen!
Det er visst ei stund sidan sist ser eg:)
Ikkje fordi eg ikkje har sydd, men fordi eg 
tek det med til Postkjellaren 
utan at eg har teke
bilde av det.



Dokkekle er populært.
Og så likar eg veldig godt å sy det også.
Denne overallen synest eg vart søt. Den er laga
av ein rest mørkeblå babycord og pynta med eit bamsemerke
eg hadde i tølene mine. For at den ikkje skulle verte
for tung i fargen valgte eg å bruke rosa
som kontrast sidan det er 
bittelitt rosa på ørene
til bamsen.



T-skjorta er 
laga av ein singlett eg fann 
på eit restestativ ein gong. Brukte nederste
delen slik at blonda vart med.



Den er open
bak med borrelåslukking
slik at den er enkel
å ta av og på.



Eit par søte
kjolar i råååsa!
Det  er ei kjennsgjerning 
at små jenter helst vil ha rosa dokkekle.
Har laga i andre fargar også
men det er rosa 
som går....




Her er ikkje
mykje sommarver å skryte av.
Regnet bøttar ned og skodda ligg sidt ned i fjellsida.
Devoldtrøya har vore min beste venn siste dagane.
Temperaturen ligg jamt på
  10 - 12 grader.

Nei vi får
håpe det blir likar 
i morgon!

Ha ei strålande veke der du er!

Helsing Alva

fredag 12. juli 2013

HAGEPROSJEKT


Dette er på
ingen måte nokon hageblogg
og dette vert nok det første og einaste
hageinnlegg frå min 
eigen hage.



Men sidan eg har 
nemnt dette prosjektet tidlegare og veit at ei
viss hagedame er spent på resultatet
så vert det eit hageinlegg
denne gongen;)



Skulle i grunnen hatt 
førbilde for då kunne ein verkeleg
sett forvandlinga! For den er formidabel!
Dette området var totalt attgrodd før eg tok spada fatt
for ein dryg månad sidan. Gjorde det så grundig
at hender og rygg måtte ha nokre
veker å kome til
hektene att:)



Siste par dagane 
har det vore perfekt ver for haging
med lettskya og 18-20 grader. Så med hjelp frå
mannen har eg endeleg fått fullført 
dette prosjektet!
(nesten iallefall)



Nussi-pusen er storfornøgd
med den nye gangvegen! Tidlegare gjekk
hellegangen midt gjennom bedet. Men sidan den bakerste
delen var ein vanskeleg plass å få noko til å vekse
pga. stein,røter og alskens ugras
valgte eg å legge 
den der.

Manglar enno noko stein,
må på jakt etter nokre flate til å ha i bakkant
og nokre store runde til å ha
i bedet.

Småsteinen mellom
hellene er sjøstein kjøpt på Felleskjøpet.
Neida, eg er ikkje sponsa sjølv
om faren min arbeidde
der til han vart
pensjonist;)


Her er jungelområdet.
Det er umulig å få noko til å trivast her fordi
store bregner og ei etterkvart høg rogn tek mykje lys.
Så difor la vi bark her og prøver
med litt vintergrønt.




Vanskeleg å sjå
på bildet, men det er nesten ei
hule bak hostaen .

Viser betre
på bildet under.



Det einaste eg ikkje 
spadde opp var to buksbom og
 ei bergenia pluss den store
hostaen under
bregna.


Resten av plantene
er nykjøp unnateke kuleprimulaene
som er planta langs hellegangen. Delte nokre
røter eg hadde frå før. Synest dei er så fine
og så er det så kjekt å ha noko 
som kjem tidleg.


Er kjempefornøgd 
med resultatet! Vert sååå
inspirert av alle flotte hagebloggar rundt om,
men eg har desverre ikkje rygg til å 
halde på slik eg 
ynskjer.

Men eg er glad
for at vi endeleg har fått ordna 
dette området for det ligg rett utanfor inngongen.
 Eg var ganske så flau over
korleis det såg ut!



Måtte berre 
ta med bilde av den nydelege
potterosa eg har i ei 
krukke....



og desse fantastisk flotte
georginene!

Ynskjer deg ei fin 
og blomstrande  helg!

Helsing Alva


tirsdag 9. juli 2013

BLOGGBESØK:)


Sist søndag var eg så heldig 
at eg fekk koseleg besøk av ei anna
bloggedame i Postkjellaren. Det var søte Anne-Mari
med bloggen "amo sin blogg".

Bildet har ikkje noko med bloggbesøket å gjere - det viser min dyktige far som fortel om telegrafutstillinga til eit lydhøyrt publikum!

Og tenk - ho har laga eit 
heilt innlegg om Postkjellaren!
Innlegget kan du sjå her!

Anne-Mari har ein veldig fin blogg
og skriv om litt forskjellig frå kvardagslivet.
Og så tek ho veldig fine bilde
av blomar og naturen
elles.


Det er så kjekt å 
treffe andre som bloggar for du føler
at du kjenner dei litt allereie og ein får fort kontakt.
Anne-Mari og eg var raskt på nett
og skravla som gamle
kjenningar!

Tusen takk for
 at eg fekk treffe deg Anne-Mari,
vi må absolutt
møtast att!



Her har veret vore slik
at det var mest freistande å halde
seg innandørs i dag så då har det vorte innesyssel.
Og for ein gongs skuld vart ikkje symaskina prioritert.
 Starta dagen med å rime av frysaren og det 
enda med 13 flasker med
bringebærsaft!
(Pluss 6 liter usukra saft til frysaren:)
Den vart så tom etter avriminga at
eg måtte fylle litt nedi att!)


Så no har eg oppvask
på størrelse med eit fjell på kjøkkenet!
Men sidan ryggen måtte ha ei kvild
passa det bra å blogge
først:)

Håper på 
betre ver i morgon!
I dag har vi knappast sett
dagslyset!

Ha det fint!

Helsing Alva.

fredag 5. juli 2013

KISTEFORNØYELSE


Her på desse kantar har vi eit uttrykk som heiter "kistefornøyelse".
Veit ikkje om det vert brukt elles i landet,
men her vert det iallefall brukt når ein 
leitar/ryddar i gamle ting som ein 
ikkje har sett på 
lang tid.

Eg og syster mi har hatt kistefornøylse denne veka.
Vi har nemlig rydda på mørkloftet i barndomsheimen vår!
Å hildrande du!!! Der var heile vår barndom og ungdom samla på eit brett!!
Der dukka det opp ting som vi ikkje huska at vi har eigd før 
vi såg det igjen no!



Hadde aldeles gløymt denne snacksoppsatsen min frå 70-talet!
Desverre manglar det ei skål - det er sååå synd!!
Super til både dip og taco.



Og sjekk korleis den ser ut under då!!
Som ein diger klassisk 70-tals blome:)
Oppdaga det tilfeldig då eg 
vaska den i dag.



Dette søte kam/spegelsettet har også tilhøyrt meg:)
Sjå den søte spegelen då! Alt skulle vist sjå ut som ein blome den tida!
Veldig gulna - men akk så sjarmerande!



Koppen er desverre ikkje min - den er syster mi sin.
Den er såååå fiiin!!!! Får heldigvis låne den til utstilling i Postkjellaren:)

Mykje av kleda var øydelagde pga. fukt
men noko var brukbart.
Så her går det eine eddikflaska etter den andre
om dagen for å få ut gammal lukt.

Håper eg kan krype inn i eit par av mors kjolar frå 70-talet.
Trur kanskje ho var litt slankare då
enn eg er no;)

Men du skal ikkje sjå vekk i frå at eg dukkar opp i
 Postkjellaren i ein kjole med kjempelange
snippar ein dag:)

Kistefornøyelse er i allefall utruleg moro!

God helg til alle som kikar 
innom!

Helsing Alva.


torsdag 4. juli 2013

HJERTEBANKSTOFF OG SØTE BAMSAR

Det er kjekt å ha gode naboar!
Her ein dag kom nabodama på døra til meg med ein 
blytung sekk med avlagt sengetøy frå svigermora ! Og når svigermødre
ryddar skap er det store sjansar for at det kan dukke opp 
nokre retroperler! Eg hadde ikkje tid til å vente til 
sekken kom innomhus så eg endevendte 
den like godt ute på trappa :)


Og då to av dette ultrafine dynetrekket dukka opp kom det eit 
gledeshyl eller to ja! Var vel nokre andre naboar som 
lurte på kva som foregikk
tenkjer eg!



Dette synest eg også er knallfint!
Elles var det mange gode kreppdynetrekk i forskjellige
 fargar i sekken.



Dagen etter tok eg ein tur til bruktbutikken og der fann eg ein 
pakke med stoff som eg først trudde var eit dynetrekk
men som viste seg å vere heile 5 meter
av dette søte bokstavstoffet!

Det låg i ein uopna pose
og på merkelappane å dømme er det ikkje
eit stoff av nyare dato.




Og jammen fann eg ikkje dette søte Ole Brum-sengesettet
på ein annan bruktbutikk denne veka!



Der fann eg også dette putetrekket.
Kjekt å finne slike herlige 
godbitar!


mandag 1. juli 2013

VESKER FOR DEI VÅGALE!


Veskene flyg ut av Postkjellaren i ekspressfart
så i dag måtte eg lage nokre fleire.


Desse veskene er nok for dei litt vågale.
Spent på om nokon torer og gå 
for denne:)



Denne likte eg veldig godt sjølv i allefall!
Den er laga av putetrekk som
framleis låg i orginal-
pakninga!



Og her er ei i favorittstoffet mitt - kløver heiter det
og er signert Carl Larsson!


Det er ikkje
berre veskene som flyg-
dagane og vekene raser avgarde i full fres!
 Er allereie ferdig med ei ferieveke!
Har vorte lite blogging men har 
rett og slett ikkje
hatt tid!

Har mange
prosjekt på gong og 
innimellom må eg prøve og få
sydd litt for å fylle opp i
Postkjellaren.


Håper du får ei 
fin veke!

Helsing Alva