mandag 26. august 2013

KROKEN PÅ DØRA


Då var det kroken
på døra for Postkjellaren for i år!
Utstillinga er plukka ned og pakka vekk
og vi skal ikkje lenger køyre 
dei ca 4 mila til Bjørke
kvar søndag!


10 søndagar
har vi køyrt fram og tilbake.
Tilsaman har det vorte 80 - 90 mil,
altså tilsvarande ein 
lang ferietur.



Så då kan vi no seie
at vi har vore på ferie då:)
Har møtt mange trivelege mennesker - 
 kjekt at så mange kjem att 
år etter år!

Det einaste 
negative må vere vêret,
men det får vi ikkje gjort noko med.
Siste søndagen var vêret perfekt! Så då var det mykje
folk innom dørene og mange som kosa seg med
kaffi og kake eller is på den koselege terrassen
vår med den finaste utsikt ein kan 
tenkje seg:))




Den gamle
potta har ønskt velkomen
ved døra fleire sesongar no og har vore
gjenstand for både latter og beundring! Eg kan tenkje
meg at eg var eit underleg syn søndag formiddag då eg gjekk med potta 
nedom vegen for å tøme ut innhaldet frå forrige søndag! Fargen 
kunne lett forvekslast med det som vanlegvis er i ei potte,
for den søndagen hadde eg ei gul georgine 
til pynt i den.....

Og etter ei veke i 
potta var vatnet ganske
misfarga......

***************


Det vert rart
å ikkje skulle ut gjennom 
døra kvar søndag men eg kjenner
at det skal verte godt 
også!


*************** 

Takk til alle
som har teke turen til
 Bjørke og vitja meg i Postkjellaren
i sommar!

Reknar med
at vi sjåast neste sommar
også:)

Gled meg allereie!!

Helsing frå Alva.


mandag 19. august 2013

Bilde frå Postkjellaren

Litt bilde frå
Postkjellaren i dag!
Det nærmar seg sesongavslutning,
faktisk berre ein
søndag att!

 Det var ein
haustleg velkomst for
dei som var innom dørene i går!
Synest rognebæra er så 
dekorative.

Den gamle Singer
symaskina etter farmora til mannen
har fått nokre klasar
til pynt.



Eit vintage
nålebrev høver godt i lag med den.
Og dei gamle tretråsnellene eg fekk av ei dame
som rydda etter mor si har også
fått plass her.


 Friske orangefargar....



 ..... og duse pastellar








 Etter kvart som
eg har selt unna har utstillinga endra seg.
Spegel og børste-settet er mitt
frå barndomen.











Hjerte er populært.


Veret skifta mellom
solskin og styrtregn. Bildet under
tok eg i det sola kom fram 
etter ei regnbyge.

Kan ikkje klage på utsikta!


Neste søndag 
er altså siste dag det er ope
 denne sesongen!

Så då håper eg 
vergudane kan vere litt snille
med oss for det har vore litt for mange
regnvêrs-søndagar denne
sommaren!


************

Kjekt at de likte
syrommet mitt i forrige innlegg!
Men de må berre ikkje tru at det ser slik ut heile tida!
Det ser igrunnen nesten aldri slik ut ;)
Berre ei lita stund etter
det er rydda.....

Fort gjort å rote ut att!


Fin veke til
alle som finn vegen
innom:)


Klem frå Alva.

onsdag 14. august 2013

SYROMMET MITT.


Normalt sett egnar
ikkje  syrommet mitt seg på trykk!
Men siste dagane har eg hatt
storopprydding der!

Pus har fast plass i vinduskarmen:) Etter ei stund brukar ho å legge seg ved symaskina når eg syr:)
  
Eg fann nemlig
nokre bilde som eg tok då
 syrommet  var nyoppussa for eit par år sidan.
Bilda har lege på den gamle pc-en min 
og no har eg helde på og
flytta dei over til
den nye.



Og då eg såg dei bilda 
vart eg så inspirert at eg straks gjekk
 i gong med rydding!



Dette bildet er frå då det var nyoppussa.
Dei to første bilda har eg teke no.





Bildet over og under er også frå då.
Har mykje meir styr i hyllene og på klippebordet no.
Det var nok ikkje lenge det var 
så ryddig og fint!





Litt meir stoff i hyllene no
ser ein under her.





Oppslagstavla er ei 
gammal korktavle som eg mala kvit og
 trekte med eit av favorittstoffa
mine:)


Koseleg morsdagskort
frå eldstemann må få henge
framme ved sidan av eit koseleg bilde 
av meg og mammaen 
min:)

Godt å få rydde opp iallefall!
Det vert ufatteleg mykje støv av stoff -
eg fekk både nyse - og hoste anfall medan eg heldt på!
Så støv var der ja.....


Under oppryddinga dukka 
det opp litt forskjellig eg ikkje har bruk for lenger
så det fann vegen inn i nettbutikken:)
Ta deg gjerne ein tur
innom;)

*********

Tusen takk for alle
koselege kommentarar på forrige innlegg!
Dokke er berre dei beste!

Her har hausten
gjort sitt inntog! I skrivande stund
viser målaren 9 grader!
Brrrrrr!!!

Håper det er varmare hjå deg;)

Klem frå Alva.

torsdag 8. august 2013

HJERTEKJOLE


Huskar du
at eg fekk sikra meg 
eit kjempefint hjertedynetrekk
av Trine med bloggen "Gult hus i svingen"?
Du kan lese om det her. No har eg
endeleg fått ferdig kjolen eg
 starta på nesten med
 det same pakken
kom!


Eg har kopiert
mønsteret til denne kjolen
som eg laga på slutten av 70-talet.
Synest denne også vart
ganske søt:)



Veit ikkje 
kva slag størrelse 
det er, men trur det må 
vere ca. 1år.





Vi har vore
så heldige og hatt
koseleg besøk nokre dagar.
Dette besøket hadde med seg ein sekk
med forskjellige stoff og tekstilar
til meg! Dobbelt heldig
med andre ord;)



Nesten heilt
på botnen av sekken
dukka denne megasøte vesle brikka opp!
Berre elskar den!!!!!!

Må finne på noko lurt å lage
av denne til jul!

Kanskje bruke
den på ein julepost?
Tek gjerne i mot andre forslag!
Den er ikkje så stor,
ca 15x15cm.

Heldigvis 
ei stund til jul då!

God helg 
til deg som tittar
innom:)

Helsing frå Alva