søndag 29. september 2013

Verdas beste eplesmuldrepai!



I dag har eg lyst å dele oppskrift på ein himmelsk 
god og veldig enkel eplesmuldrepai.


Etter ein vanvittig god
fårikålmiddag i dag måtte det toppast med ein god dessert.
Og kva passa då betre enn denne nydelege
smuldrepaien!




Desse norske epla
var eit perfekt utgangspunkt -
syrlege og knasande sprø og saftige!



Dette var alt som
var att etter at tre grådige hadde forsynt seg!
Så lag gjerne dobbel porsjon for her går det unna!!


Her er oppskrifta:

4 store eple (ca.1/2 kg)
100g smør
125g. kveitemjøl
50g. sukker
50g. hakka hasselnøtter el.mandlar.

Skrell og skjer epla i båtar el. bitar og fyll dei i botnen av ei ildfast form.
Smuldre saman smør og mjøl til ei grynete masse og tilset sukker.
Fordel massa over epla og strø på kanel, sukker el.perlesukker og hakka nøtter.
Steikast midt i omnen ved 200gr. ca. 30 min.
Smakar best lunken(og vel så det)
med vaniljeis eller
piska krem.

Her hadde vi ikkje
tid til å vente meir enn 15 min. etter at
den var teken ut av omnen og det var perfekt etter
min smak! Då smeltar isen litt og det smakar
heilt himmelsk!

Nam nam!!

onsdag 25. september 2013

Og slik går no dagane......


 Berre eit lite
livsteikn frå meg slik at de ser
at eg har det bra og er høgst oppegåande!


Litt handalaus
men slettes ikkje hjelpelaus!
Utruleg kva ein kan greie med ei hand og ein 
god porsjon staheit!




I går fekk eg 
teke stinga og skifta gips og då
fekk eg frigjort litt meir av handa. Så no greier eg
å skrive på dataen i små dosar:)

Dagane går i sneglefart -
rart å vere så rolig for meg som er ei aktiv sjel!
Går mykje i lesing - fem bøker ferdig - den sjette på gong!
Starta med tre krimbøker, så har det vorte litt tyngre stoff etterkvart.
Nyleg ferdig med "Seierherrene" av Roy Jacobsen.
Litt tunglest men med fantastiske skildringar!
Kan absolutt anbefalast!




Saknar syinga,
samtidig som det er litt godt 
å ikkje ha noko som  vere ferdig!
Heldigvis har vi flotte haustdagar no så det går fint
an å sitje ute i solveggen og nyte den gode
varmen frå septembersola!


Bileta er frå 
Stryn og Loen der vi var
sist søndag og feira ei familiebegivenheit.
Den rosa traktoren står sjølvsagt
utanfor Moods sitt
utsalg.

Håper alle har det fint
og nyt hausten! Det gjer iallefall eg!
Klem til deg:)

tirsdag 17. september 2013

BAKKETUNET PÅ BJØRKE


I dag vil eg vise deg ei perle
 av ein gard som ligg i mi barndomsbygd - Bjørke.
Same bygda som eg har mitt eige vesle sommarutsalg - Postkjellaren.

 Denne unike gamle garden
har bygningar som er mellom dei eldste i landet.
Du kan lese meir om det HER og HER.




Tunet ligg idyllisk og  
lunt til med høge fjell rundt på alle kantar.
Det karakteristiske fjellet på bildet over og under er Bjørkehornet
som står breibeint og breier vengjene sine over bygda!
Eit av dei største husa på garden er stabburet
som du ser på bildet over.



Vandrande i tunet er 
dagens drivar - Marita Bett Jensen -
alltid klar til å ta i mot besøkjande og gje dei ei omvisning
i dette særmerkte tunet.






I kammerset som ligg i enden av
våningshuset er det ulike utstillingar gjennom sesongen.
Denne søndagen var det keramikkutstilling.
Fin og fargerik keramikk laga av
Anne Lise Aarset.

Og her frå utstillinga
til Ingrid Riddervold sommaren for 2 år sidan.
Fekk heldigvis høve til å ta ein tur innom den gongen og handla meg ei kartonglommebok:)
Ho var også ein snartur innom Postkjellaren!
Meget kreativ dame!



Utsikt frå stabburet
 mot ei av dei nyare bygningane på garden -
kunstnarboligen.



I stabburet er det
laga til utstilling med mellom anna gamle leiker.



Nydelege geraniumar
i vindauget i røykstova der det også er kafè.



 Ein kik inn i kjøkenet.....




Døra inn til fjøsen
som vert brukt til kunstutstillingar er
vakkert dekorert.

Formødrene 
til dagens drivar har vore 
særs kunstnariske og Marita Bett er også
sjølv kunstnar.


Denne vesle kroppen låg og kosa
seg i eit av husa og brydde seg lite om at det trakka folk 
inn og ut av dørene heile tida!


 Må berre ta med eit par bilde frå
den såkalla kunstnerboligen også sjølv om det er eit av dei nyare
 husa.  Det er pussa opp og innreidd i 50-tals stil
med dei herlegaste pastellfargar!

Utsikta frå vindauget
på bildet over kan ta pusten frå
nokon og einkvar!


Dette huset har fått namnet fordi det ein gong i året (trur eg)
vert delt ut eit stipend til ein eller anna kunstnar. Og der høyrer det også
med eit opphald i tunet og i denne boligen samt 
utstilling av kunstverka til
vedkomande.




Ein skulle nesten tru
at husa er bygde etter forma til fjellet i bakgrunnen!
Fjellet heiter Kjerringkjeften.




Det er idyllisk og vakkert i
Bakketunet som har ope for publikum kvar søndag frå juni til ut september.
Vel verdt å ta ein tur om du er
i området!


onsdag 4. september 2013

SYR PÅ SPRENG....


 ......for å verte ferdig
med noko eg skal gje i gåve!
Og jammen ser det ut til at eg greier det:)

Kva det er lyt eg vente
med å vise til gåva er overlevert;)
Men overtransportøren var i allefall nødvendig
til quiltinga... supert ekstrautstyr til 
symaskina!




Har vore tett i mellom
innlegga frå denne kanten no, men dette 
vert nok det siste på ei stund for i morgon skal handa opererast.
Det er ingenting alvorleg - berre noko som er utslete
som skal ordnast. Men får nokre veker
med gips så då vert eg litt
"handalause".

Så med dette vil eg
ønske alle mine lesarar ein fin haust!
Eg kjem nok attende
snart;)

Helsing Alva.

mandag 2. september 2013

TROLLKREM


Ein dessert som
har gått litt i gløymeboka er trollkrem.
For meg er det ein barndoms dessert som eg både likte og ikkje likte.


Den ser så fantastisk god ut 
med sin lekre rosa farge og luftige konsistens!
Men eg vart alltid like "skuffa"... Kan vel sei at eg synest det i mellom bæra var godt.
Tytebæra er med sin bitre smak ikkje så veldig  barnevenleg.
Men åt det gjorde eg likevel - litt grøssande -
for det var både godt og ikkje godt
på same tid:)



Søndag vart det trollkrem til dessert.
Hadde litt tytebær ståande etter skogsturen tidlegare i veka.
Har du lyst til å sjå bilde frå den turen kan du 
klikke HER.




Og det smakte fortreffelig!
I barndomen brukte vi mjelk på men no brukar vi vaniljesaus.
Og det smakar slettes ikkje noko dårlegare -
heller tvert imot:)




Her er oppskrifta eg brukte:

7 dl.tytebær
1 dl.sukker
1eggekvite

Alt blandast i mixebolle og vispast til det er luftig og lett.

Velbekome!