mandag 28. oktober 2013

Lampeskjerm av skråband.


Endeleg har eg
prøvd meg på litt kreative syslar igjen!
Den heilt store utfordringa var det rett nok ikkje,
men litt annaleis enn det eg vanlegvis held på med. Eg har pimpa lampeskjermar!

 Desse lampane som eg har i
kjøkkenvindauga i mørkaste tida vart kjøpt på Jysk 
for nokre år sidan. Kosta ikkje all verden, men greie til dette bruk.
Opprinnleg var dei kledde med plastliknande strimlar , såg litt sånn plissert ut.
I vår byrja desse banda å gå i oppløysing, den lave vårsola tok rett og slett knekken på dei.
Sidan eg er veldig for gjenbruk byrja eg straks å tenke på kva eg skulle gjere med dei.
Vurderte forskjellige alternativ, sy eit trekk, rive eller skjære strimlar....
men då hadde eg fått mange skøytar så det slo eg frå meg.


 Då var det eg kom
på at eg kanskje kunne bruke skråband.
Og det er det eg har styra med i helga! Det var egentleg ganske kjapt gjort,
men sidan eg er litt "trenøvete" for tida tok det litt tid. Prøvde først å legge bandet slik at det
såg plissert ut, men det vart for tett og gav for lite lys. Så difor tok eg oppatt og la det
kant i kant, det vart betre. Brukte limpistol til å feste endane med.
  Hadde nok vore finare å sy fast for hand men det 
greide eg ikkje.


 Vart finare lys
no enn slik det var, det var heilt kvitt opprinneleg.
Vurderte og bruke band med litt farge, men så likar eg best slik lunt lys så då vart det ubleika.
No må eg berre få kjøpt meg nye plantar så eg kan sette vekk graniumane.
 Vart litt store desse i lag med lampane.....


Med skråband 
på rull frå Stoff og Stil vart det ei
ganske rimeleg fornying dette! Alternativet hadde vore og
kjøpe nye lampar, men eg er som kjent sterk motstandar av bruk og kast 
så dette passar meg ypperleg! Supert å bruke
omatt og likevel få noko nytt!!



tirsdag 22. oktober 2013

ABSTINENSAR......


No har eg kraftige abstinensar....
Syabstinensar.... det er 7 veker sidan eg sist sydde noko!

 Dette søte putetrekket
ligg inne på syromet og ropar på meg i lag med 
det vesle dynetrekket under. Har såå mange planar og idear til kva
 eg skal lage at no mååå eg snart kome igong!

Fekk av gipsen for
ei veke sidan så no trenar og trenar eg handa
for å få den i gong igjen, men hjelpe meg kor tregt det går!
Utruleg kor "dau" den vert etter 6 veker i gips! Fingrane er kjempestive 
og kraftlause, men det kjem seg sakte men sikkert.
Det viktigaste er at tommelen 
virkar.......

........OG DET GJER DEN!!! HURRA:)))
Mykje trening att for å få den til å fungere skikkelig igjen,
men no har eg trua på sying snart!!




Er det nokon
som veit kva desse bitane under her er meint til?
Fann nokre posar på bruktbutikken (kjøpte berre ein for det er mange bitar
 i kvar pose) Ser ikkje ut som alle rutene er heilt ferdig broderte heller. Det låg i ein uopna pose
frå butikken så det er tydelig at det er meint til noko. 
Kvar rute måler ca. 10x10cm.

Tenkte kanskje dei 
kunne vere fine å bruke til dekor på noko
av det eg syr.



Problema eg hadde på
fotobloggen med å lagre endringar ordna seg sjølv etter ei veke.
Det rare er at eg også fekk akkurat same problem her på denne bloggen etter nokre dagar.
Merkelig.... men bra det ordna seg iallefall.


**************


Tusen takk for alle fine
kommentarar og helsingar på forrige innlegg!!
Det varmar mitt hjerte at så mange bryr seg og tek seg tid til 
å legge att helsing:) Set kjempestor pris på det!
Tusen tusen takk!

*******

Her vart det brått 
verskifte frå kaldt, klart og strålande sol til mildver og
regn som bøttar ned!!

Håper du har det fint der du er!

Klem frå Alva.

torsdag 17. oktober 2013

Min beste venn og gode hjelpar.....



.......det er mannen min.


Vi deler ei interesse - fotografering.
 Det kjekkaste vi veit er å pakke ei god nistekorg og sette 
oss i bilen for å dra på fototurar. Ofte dreg vi etter innfallsmetoden, set oss i bilen uten å ane 
kvar vi skal. Det er gøy! Det er ofte då vi finn dei mest
spanande plassane!



For vel fire år sidan
fekk han ein alvorleg sjukdom.
Det kom som eit stort sjokk, men eg var aldri i
tvil, eg skulle sjølvsagt støtte han og vere ved hans side heile tida.
I fjor vår fekk han tilbakefall og nye runder med behandlingar måtte til.
No i haust var det eg som trengde hans hjelp, og han har vore heilt eineståande!
  Desse hendingane har knytt oss mykje sterkare saman og vi set 
så uendeleg stor pris på kvarandre!


Siste åra har vi
brukt mykje meir tid saman enn tidlegare -
vi prioriterer heilt annaleis enn før. Føler at vi ikkje har noko tid å miste.
No handlar det om å leve her og no og å ta vare på
augneblinka.


Han har bra no, men vi
  kjenner ikkje morgondagen.... ting kan fort endre seg igjen.
 Vi har det veldig godt saman og er klar til å møte det
som måtte kome, men det er ikkje noko
vi tenkjer på til dagleg.


Huskar at det eg
sakna mest når det sto på som verst var kvardagen.
Difor er det så viktig å sette pris på dei små og tilsynelatande uviktige tinga i livet,
det er gjerne dei som betyr mest!


Dette innlegget er
nok heilt utanfor det denne bloggen handlar om
men eg synest det er så viktig å sette fokus på dette med å ta
vare på kvarandre og innsjå kva som betyr mest
her i livet. Det er så lett å gløyme i ein
stressande kvardag.


Fekk ei påminning
om dette i går då eg såg programmet om
Kari Bremnes på TV2  der ho fortalde om korleis
ho opplevde å få lymfekreft i ein alder av 36 år og med 50 %
sjanse til å overleve. Etter det prioriterte ho musikken til fordel for ein
trygg journalistjobb fordi den betydde mest for henne.
Tøff dame!


Ta vare på deg sjølv og dei rundt deg....
......ingenting er sjølvsagt!

Ønsker deg alt godt:)


Klem frå Alva.


tirsdag 8. oktober 2013

GULT ER KULT......


Sjølv om eg ikkje
kan sy for tida så synest eg det er kjekt 
å ta turar innom bruktbutikkar for å leite etter stoff-godbitar.
Og når min snille mann fungerer som sherpa
er det ikkje noko problem!


 Dette herlege retrostoffet
gav meg skikkelig hjertebank då eg fann det!
Var litt usikker på kvaliteten, men etter å ha testa med ei fyrstikk
kom eg fram til at det er bomull! Heile 7 meter langt og 150cm. breitt var det!!! 
Berre elskar denne blomsten - den er faktisk også varemerket mitt:)


Trur nok det har vore eit 
gardinstoff - og det har aldri vore brukt:)
Det var litt vanskelig å få fram rette gulfargen på bilde -
er vel nærmast på bildet under, men ikkje
heilt rett der heller.

Solgul vil eg kalle fargen.


 Ser føre meg
både barnekjolar, vesker
og kanskje også ein kjole til meg sjølv til
neste sommar!


 Denne vesle brikka
fall eg også for. Har ein plan for den....

Men først må eg få orden på handa mi.....
Det er fleire som lurer på korleis det går....og det går framover. Men slik som det kjennest 
ut no så er det ei stund til eg kan sy  igjen....desverre.
Skulle nok ynskje det gjekk litt fortare, men dette tek si tid.
Om ei veke får eg av gipsen så då vert det forhåpentlegvis bedre etter kvart.
Men takk for omtaken, det varmar!

Og tusen takk for 
dei fine og hyggelege kommentarane
på forrige innlegg!! Set stor pris
på kvar og ein:)

Takk for at du tok turen innom....
ein fin tirsdag til deg:)

Klem frå Alva

torsdag 3. oktober 2013

KRABBETEPPE


Huskar du dette 
innlegget der eg sydde på spreng
for å verte ferdig med eit prosjekt før eg skulle opererast?
Her er det eg laga - eit krabbeteppe slik
som fleire tippa:)
 Fadderbarnet vårt
vart mor i vår og då måtte eg sjølvsagt sy 
noko til den vesle guten. Planen var å få det ferdig til dåpen 
men det rakk eg desverre ikkje.


 Det som er litt
spesielt er at eg har brukt nokre
gamle stoff i dette teppet som stammar heilt tilbake frå då
bestefaren til guten var liten. Det er dei to flanellstoffa du ser på bildet 
over - det eine i gult med leikande born og det andre i
lyseblått med roseknuppar. Det småblomstra
blå og kvite til høgre er også
frå den tida.


 Teppet er maskinquilta
med bommulsvatt mellom toppen og
flanellslakenet som er brukt som bakside. Har for det meste brukt
gjenbruksstoff. Stoffet nederst til høgre stammar frå ein kjole etter oldemora til guten.
Aller best likar eg å handquilte og avslutte med ein lukkekant som eg syr
 fast med hand på baksida. Det synest eg gjev finast resultat.
Men slikt arbeid greidde ikke høgrehanda mi
lenger så difor måtte eg maskinquilte
og vrangsy teppet.


Flanellslakenet
som eg brukte som bakside var litt for kort
sidan eg hadde brukt noko av det frå før. Difor skøytte eg på
med dei to flanellstoffa frå 50 -talet.

Teppet er overlevert
og det vart sett stor pris på! Trur absolutt dette
vert brukt!


Synest det er så fint
å lage slike minneteppe med gamle stoff
som fortel ei historie!

Og gjenbruk er så supert!
Det er miljøvenleg sidan tekstilane kanskje hadde vorte kasta elles,
produkta vert mjuke og gode sidan stoffa er vaska fleire gonger og då er også alle
 fargestoff vaska vekk! Og sist men ikkje minst så får ein eit heilt
unikt produkt og også noko veldig personleg!
Berre fordelar altså;)

*******

Ha det fint alle saman
og velkomen til ny følgjar - så kjekt at
du la deg til her hos meg:)

Helsing Alva.

tirsdag 1. oktober 2013

SOMMAR I OKTOBER.....?


I dag skriv vi
1. oktober men det skulle ein ikkje tru
når ein ser kva som finst i grøftekanten enno!

 Det er rett nok
kvitrima om morgonen 
men når sola får tine opp att så struttar
blomane så ein skulle tru det var vår og ikkje seinhaust.
Sidan eg har god tid om dagen så tek eg med meg
kameraet og ruslar turar i det nydelege
vèret vi har for tida.


 Eg er så heldig
å bu slik til at eg kan gå rett 
frå stovedøra og ut i den vakraste sunnmørsnatur
ein kan tenkje seg. Eg kan velge mellom ulike turstiar i ulendt terreng
eller gå etter ein fredeleg grusveg langs eit vatn.
I dag gjorde eg det siste.


 Prestekrage og lupin....



 .....og blåklokke.



 Ikkje berre sommarblomar då....
ein kan tydeleg sjå at det er haust.....





Dette er Hovdevatnet 
som eg bur 5 minutters gange i frå.....



 Vakrare enn dette kan det ikkje verte....



Strengt tatt skulle vel dette
innlegget vore i fotobloggen min, men 
sidan eg la ut bilde frå gårsdagens tur der så vel eg
å legge det ut her i staden:)

I går gjekk eg 
på andre sida av vatnet langs ein fin skogsveg.
Har du lyst å sjå korleis det ser ut
der kan du klikke 
her.

Takk for at du
stakk innom bloggen min,
håper du også har fine
haustdagar!