torsdag 28. november 2013

KJOLAR FRÅ MIN BARNDOM


 Sidan det snart er jul og mange
 har kjøpt eller skal kjøpe kjolar til småjentene sine så tenkte eg 
at det kunne vere artig å vise nokre av kjolane frå
 min barndom på 60 og 70 talet.


 Dette er det som vart kalla ei bondepikedrakt.
Den har rett nok ikkje vore min, men yngste syster mi sin.
Og den er like fin i dag som då den var ny!



 Her er ein variant.
Denne er nok litt eldre.



 Når vi fekk på oss plisséskjørt og kvit bluse
var vi sååå fine! Og med kvit krimplene-strømpebukse
og lakkskoa(som alltid var litt for trange)på
då vart det jul!

Sjekk den søte klehengaren då!
den er også gammal:)





 Denne neonrosa polkadott-kjolen fekk eg til mi eldste
syster sin konfirmasjon i 1971. Dette trur eg må vere den finaste
kjolen eg nokon gong har eigd! Kanskje min eigen konfirmasjonskjole var litt finare
for den var heilt fotsid, hadde puffermar og masse strikk i livet!
((Burde kanskje vist fram den også:) ))


Her er eg med den prikkete kjolen i konfirmasjonen
 til storesyster (ho som skrøna til meg at ho har vore på Bloksberg)
Lillesyster har på seg bondepikedrakta frå første bildet.
Konfirmanten har tidsriktig lårkort kjole og kunstferdig oppsett hår.
Natta før måtte ho sitje i senga og sove heile natta gjennom for ikkje å øydelegge frisyra:)
På beina hadde ho kvite leggisar som best kan forklarast som støvlettar der skaftet var som 
ei strømpe i eit eller anna tynt og merkelig stoff. Huskar at det var ein mann som 
trudde ho hadde gips på begge beina i allefall:)

Dei to gamle damene på bildet er oldemødrene våre.


Måtte le då eg tok bildet ut av albumet for å scanne det -
på baksida hadde eg skreve "Familien Flint, konfirmasjonen til R. 1971" !
Hi hi, ja vi var nok litt sånn familien Flint av og til!
(Hmm....er vel litt sånn endå også kanskje.....)




 Nydeleg sommarkjole i fantastiske fargar!
Veldig vanskeleg å gjengi rette fargar, den er nok meir turkis
enn det ser ut og det grøne er ikkje fullt
så neon.



 Til denne søte jakka var det også eit plissékjørt
men det har ikkje kome for dag endå. Den er bittelita og sydd
av mi mor som påstår at ho ikkje kan sy! Tull og vas seier eg - ho sydde dei finaste
plagg til oss! Men ho seier at ho gjorde det fordi ho måtte og ikkje 
fordi ho likte det. Og takka vere at ho måtte sy vart mi 
interesse for sying vekt. For eg kunne sitje 
på kjøkkenbordet i timevis og 
sjå på:)



Har du sett noko så søtt som denne kåpa!
Det viser ikkje så godt men den er pepitaruta i svart og kvitt.
Veldig fint med dei raude detaljane! Det manglar
visst nokre knappar ser eg:)

Trur dette var lillesyster si.


Håper du likte denne reisa i tid og mote!
Eg har i allefall kosa meg i gjensynet med barndomen:)


søndag 24. november 2013

Nissemor og nissefar pyntar juletre:)


Ein tur på bruktbutikken 
i går gav verkeleg bra uttelling!
Lenge sidan eg har funne så mykje brukbare stoff:)
Fekk rett nok ikkje den store hjertebanken, men mykje fint likevel.
 Det nærmaste eg kom hjertebank var då eg fann tre 
bitar av dette stoffet med nissefar og nissemor som pyntar juletre!
Små bitar, men akkurat passeleg på ei julestrømpe:)
Synest den vart veldig fin eg;) Denne går
rett inn i nettbutikken, så løp
og kjøp om du likar!

Du finn den HER.


 Her ser du størrelsen på biten.
Så bra at det ikkje vart kasta men levert på bruktbutikken
slik at eg fann dei der :))



 Fann litt anna snadder også....har planane klare for det meste her.
Det skal bli vesker av nokre av stoffa.
Lerretstoffet med brune striper
er berre så fint!

 Fann også eit par fine brokadestoff.
Veldig vanskeleg å gjengi rett farge på det lilla,
det rette er syrinlilla. Ser føre meg at det kan vere fint til toalettmapper.

  Dette er kremfarga og ikkje beige. Bilda er tekne i dårleg lys....
(Det snør det snør....)



Synest dette var eit morsomt stoff.
Fann ein god bit av det.


Kjekt å finne slike godbitar -
det gir ny inspirasjon og masse sylyst!
Handa fungerer bedre og bedre, men slit med klipping.
Så  difor brukar eg skjerekniven i staden for saksa, og tape i staden for knappenåler:)
Gjeld å innrette seg best ein kan....... fungerer det;)
Har til og med prøvd meg på strikking,
det gjekk greit, men hekling
går ikkje endå.

Er også tilbake i jobb igjen,
går bra det og:)


Ønsker deg ei fin og kreativ veke!

Helsing Alva.


fredag 15. november 2013

SØT JULESTRØMPE


Sidan eg var så godt i gong med sying igjen og sykløa fortsatt var sterk tok eg like godt
 og sydde ferdig julestrømpa som eg hadde planane klare for allereie!
Med litt klippehjelp frå min bedre halvdel gjekk det
fint å få det til:)

Det er jammen ei utfordring å få til fine bilde med slikt dårleg dagslys vi har for tida!
Grå og kornete bilde er ikkje fint, men slik vert det no om dagen....
Vart veldig fornøgd med strømpa. Vurderer om eg skal
selge den eller behalde den sjølv.....
Må tenkje på det....



 Den passar veldig godt her på knaggen på hylla mi då, i lag med den 
prikkete pynten eg brukar å ha der.
(har ikkje pynta til jul endå - berre for fotografering)



 På hempa for oppheng har eg brukt ein vintage knapp som pynt.



 Marta i farta har eg lyst å kalle denne herlege retrojenta på den kule kjelken:)
Denne brikka har nok vore på ein kalender eller noko slikt, for det
var nokre stiftar på den. Tippar den er frå tidleg 70-tal,
den minner meg om ting eg hadde som barn.
Diggar den!!!



Sidan lyset var så dårleg inne måtte eg prøve å ta bilde ute også.
Veldig tøft med rekvedfjøler som bakgrunn mot
den grove linen!


Det er sååå kjekt å vere kreativ igjen - 
 storkosar meg  på syrommet når eg held på der!
Desverre er det litt begrensa kva eg får til endå så det lyt bli dei små
prosjekta eg satsar på framover. Klipping av grove stoff er umulig endå, så alle vesker
eg har planar om lyt nok vente ei stund til. Tålmod er ikkje mi sterke
side, men her har eg ikkje noko val....viss eg ikkje
 skal hyre meg ein klippar då;)


***********

Så var det jammen meg helg igjen!
Herlighet som dagane flyg! Midt i november allereie...
og berre ein god månad til sola snur!
Gled meg allereie:)

Ute bøttar det ned med regn og innimellom bles det skikkelig! Det er visst Hilde som er på ferde;)
Perfekt ver til å kose seg inne på ein fredagskveld:)
Og snart er det Voice!

Takk for at du tok turen innom bloggen min
og god helg til deg!

Helsing Alva.

tirsdag 12. november 2013

EIT HYGGELEG GJENSYN:)


I dag har eg hatt eit hyggeleg gjensyn med mi gamle symaskin!
Tenk at den er 33 år gammal og kjøpt for pengane eg fekk att på skatten for første gong!
Den var bra dyr, heile 5500kr. gav eg for den, og det var mykje pengar på den tida.
Men jammen har eg fått valuta for pengane, for betre symaskin skal ein leite lenge etter!
Den går framleis som ein draum - hadde faktisk gløymt kor god den er!
Sakna sjølvsagt ein del tekniske finessar som er på den nye.... som nåletreing (synet er ikkje lenger 
som det var) automatisk nålestopp, senking av nåla med pedalen osv...
men eg vil påstå at denne maskina er betre å sy på enn den nye! Og så går den mykje stillare
og er stødigare (så veg den ca.10 kg også då...)
Skikkeleg solide saker desse gamle symaskinene!

Det er 5-6 år sidan eg kjøpte meg ny og sidan har eg ikkje brukt denne.
Men no vart sykløa altfor sterk (hi hi ) og sidan den andre er på service enno måtte eg fram med 
denne gamle, velbrukte og trufaste maskina mi:) 


Så då fekk eg sydd ferdig denne blusen som eg klipte i forrige veke.
Ekstemt dårleg bildekvalitet, men i dag har det knappast vore dagslys her.



Her er putetrekket blusen er laga av.
Fekk akkurat nok stoff. Blusen er str. 4 - 5 år.

Fantastisk kjekt å sy litt igjen, det gav absolutt meirsmak!
Syinga gjekk ganske greit, det er klipping som er litt problematisk.
Men det går seg vel til det også etterkvart:)

Ønsker deg ein fin novemberkveld:)


fredag 8. november 2013

Langt inni skogen den grøne....


Denne veka har det vore mange fine dagar!
Mannen og eg har vore ute og gått tur kvar dag i det fine turområdet vi har.
Ein av dagane måtte kameraet vere med.

 Denne plassen i skogen er favorittstaden!
Mosen er irrgrøn i den tette granskogen og solstrålane kjempar seg inn mellom granleggane.




Her kunne eg ha vandra rundt i timevis!
Her er så fredeleg og godt å vere....her finn eg ro i sjela....


 Får mest lyst til å leggje meg i den grøne mosen og nyte freden og roen.....
Brukar å trekkje pusten djupt nokre gonger når eg kjem hit... trekkje inn den gode
lukta av skog, mose og natur. Fylle lungene med den friske og reine lufta
vi er så heldige å puste inn. Kjenne at det er godt å leve. Vi snakka om det eg og mannen...
kor heldige vi er som får oppleve dette......... kor godt vi har det. Ingenting er sjølvsagt.........
Vi har brukt godt desse vekene eg har vore sjukmeldt.  Det har vorte mange turar i lag.
Det gjev påfyll og styrke til dagar som ein gong måtte kome.....
Dette kan vi leve lenge på!


 Naturens kunstverk.












Med desse bilete og tankar vil eg ynskje alle ei god helg!
Husk og nyt dagane og ta vare på
kvarandre!


Klem frå Alva.

onsdag 6. november 2013

PLANAR.......

Eg har så mange planar!
På syrommet ligg fleire prosjekt rada utover klippebord og strykebrett
og berre ventar på at eg skal verte klar!

 Dette skal verte ein bluse.
Den er faktisk ferdig klipt no! Måtte prøve om eg fekk det til....
og det gjorde eg i grunnen ikkje. Å klippe var litt vanskelig så eg måtte bruke
skjerekniven i tillegg. Ikkje heilt godt det heller....
men det gjekk på eit vis.

Symaskina er på service 
så sying har eg ikkje prøvd meg på endå.
Akkurat denne kan eg bruke overlocken på....til sammensyinga iallefall.....
så det skal eg prøve snart....


Dette skal verte ei veske.
Har planen klar for korleis den skal sjå ut.



Dette skal også bli ei veske.
Fargen er heilt feil på bildet, den er meir aqua og aldeles nydelig!
Det er eit gammalt ullskjørt som eg fann under loftsryddinga i barndomsheimen i sommar.
Skjørtet er kjempefint og eg har sååå lyst til å bruke det sjølv men då må eg nok
på slankekur.... aaaltfor trangt til meg!


Denne bittelille og søte brikka
skal eg bruke på ei julestrømpe (Takk for tips, Elisabeth)
Strømpa trur eg vert i naturfarga lin.



Og så har eg 7 meter
av dette knallfine gule stoffet som berre ventar på
å bli til noko! Har allereie laga 2 ulike vesker, eit par barnekjolar, sommarkjole til meg sjølv
og eit par puter......inne i mitt hode....vel å merke!!


Jepp, planane er klar så her
 må det trenast og trenast og trenast endå meir! Trur kanskje det er like greit at
symaskina er på service ei stund til.....


**********

Ha ein fin kveld alle saman,
her er det fyr i omnen
i kveld!

Helsing Alva.