mandag 23. desember 2013

ENKEL JULEPYNT


I år har eg gått for litt enkle
variantar når det gjeld julepynting.
Granbar og rognebær synest eg gjev fin julestemning.
I haust bugna det av rognebær og eg plukka ein del og putta i frysaren.
No har eg teke opp nokre av klasane og brukt i lag med
granbargreiner.
 Den gamle kjøkenvekta er enkelt pynta til jul.



 Norgesglas er både praktisk og dekorativt.
Her har eg brukt det som oppbevaring av pasta og småkaker.
Ei gammal trekasse fungerer som hylle.



 Den gamle bærplukkaren har og fått 
nokre kvastar til pynt.



 Eit par fine gaflar frå bruktbutikken
kan verte eit dekorativt 
innslag.

Leitar ein litt i skuffer og skap
kan ein finne mykje som kan brukast berre ein 
brukar litt fantasi. Heilt unødvendig 
å kjøpe nye ting!!



 Ei glaskrukke fylt med litt forskjellig
 gjev ei fin effekt.



 Denne gamle nisseskåla falt eg for då eg fann den
på bruktbutikken. Og sidan den kosta berre 20 kr var det ikkje så vanskeleg
å bestemme seg:) Fin til bl.a clementiner.


Englekoret mitt har vakse sidan sist eg viste det.
Alt på bildet er bruktfunn unnateke dei to største englane
som begge er gåver frå tidlegare.


Her er det meste klart til jul.
Etter ein hektisk dag på jobb i dag er det godt å 
no kunne senke skuldrane og legge beina høgt og vite at eg har
fri nokre dagar! Dei skal nytast!!


Ønsker alle mine lesarar, kjente og ukjente
ei retteleg god jul!

Takk for at du kikar innom til meg:)

Varme helsingar
frå Alva.


torsdag 19. desember 2013

STALL AV REKVED


Sist eg var på bruktbutikken
fann eg desse fine figurane til julekrybbe.
Dei er i veldig god stand, ser nesten ubrukte ut og låg enno 
i orginaleska. På eska å bedømme er dei frå 80-90 talet, ikkje så veldig gamle
altså men utruleg fine likevel!

 
Figurane måtte få seg ein stall
elles hadde det ikkje vorte ei skikkeleg julekrybbe:)
Og då er det veldig kjekt å ha ein handyman som berre kleiar i fingrane
etter å ta fatt. Hadde liggande ein god del rekved etter sanking for ei tid tilbake og
 det kom godt med no. Stovebordet vart fylt opp med pinnar og fjøler og detaljert arbeidsteikning
 vart laga. Og ein dag eg kom frå arbeid sto stallen ferdig!
Synest den vart kjempefin!
Flinke mannen:))

(Hadde eigentleg tenkt å prøve og gjere det sjølv,men med slik iver han viste
tenkte eg at han kunne få gjere det og så kunne eg heller gjere noko anna)

Det fanst nok ikkje lyslenker 
på den tida Jesus vart fødd, men synest likevel det gjorde seg med lys inni stallen.
Fann ei bittelita batterilenke på Jernia og den passa heilt pefekt.

Figurane er så fine og detaljerte.
Halmen er frå eit julenek kjøpt på Plantasjen.
Er kjempefornøgd med
resultatet!

Det er så kjekt når ein finn slike godbitar
til ein rimeleg penge! 75 kr. kosta figurane og 29kr. for lyslenka
så det kan ein ikkje klage på!

Det nærmar seg jul med stormskritt!
Ser det er veldig stille i blogglandia så eg reknar med
dei fleste er opptekne med dei siste
førebuingane.

Håper de har tid til å senke 
skuldrane innimellom! Jula kjem uansett;)
Ønsker deg fine førjulsdagar vidare!

Helsing Alva

mandag 16. desember 2013

SNICKERSKONFEKT

.
Søtt og salt er ein uslåeleg 
kombinasjon synest eg. Så då eg kom over 
oppskrifta på denne snickerskonfekten måtte den berre prøvast.

 No er eg slik at eg gjerne må lage min eigen vri 
og her er det intet unntak! Konfekten er laga ut i frå denne oppskrifta
men i staden for å trykke den ut i ei form trilla eg ut kuler.
Eg tok også litt mindre peanøtter og tilsvarande
meir cornflakes.


 I tillegg dryssa eg litt maldonsalt på toppen.
Å du himmel og hav noko så godt! Mmmmm!! Så no har eg ein ny porsjon
på gong, men denne gongen trykker eg dei ut i form 
fordi då går det litt raskare.

Og så reduserte eg 
litt på sukker og sirupmengda for 
dei vart litt i søtaste laget
synest eg.


                                              Nokre har eg pakka i cellofan og putta i slike 
kjekke glas frå Europris. Glasa er rimelege og supre til gåver 
med heimelaga godsaker i.

Nokre har eg lagt i ei billig skål frå bruktbutikken
og pakka i cellofan frå Plantasjen. Koselege små gåver
til dei som har det dei treng frå før:)

Har laga litt forskjellige
etandes gåver i år. Får sjå om ikkje eg kan få
lagt ut nokre fleire her på bloggen. Problemet er berre at det
er ekstremt dårleg fotolys for tida. Likar ikkje så godt blitzbilde
og utan blitz vert bilda gjerne gule og kornete når
dagslyset er så dårlig.

Vi har veldig mykje vêr for tida.
Den eine stormen avløyser den andre, det er regn og torevêr
og ikkje mykje julestemning  å skryte av!

Håper du har julestemning hos deg!
Ønsker deg gode førjulsdagar vidare, husk og
trekke pusten av og til;)

Helsing Alva


tirsdag 10. desember 2013

PRIKKEDILLA


Eg har visst fått prikkedilla!
På raudt og kvitt vel å merke.....
Heile kjøkenkroken min er full av prikkar!

 Slike sopp-lysestakar likar eg så godt!
Desse fire pluss dei to lavaste på bildet under fekk eg sikra meg på qxl.
Skikkeleg nostalgiske desse:)







Sjølvlaga prikkehjerte i stoff frå 70-talet.....



 Prikkeskål med små tomatar i og ein praktisk brettepose i prikkestoff
til diverse ting og tang (fyrstikker, vitaminer osv.) Også heimelaga - sjølvsagt!

(Mannen: Ååå har du kjøpt ny skål!
Eg: Neeei... den har vi hatt i mange år....har ei til maken, desse har vi alltid
ståande framme i jula.
Mannen: (litt usikker) Åååå ja no huskar eg....
Ja særleg..... tenkjer eg...... du har nok ikkje peiling.....!)

Prikkete kakeboksar - gamle begge to... 
Og jammen så fann eg prikkete serviettar på Kid i dag!
Det måtte eg sjølvsagt ha med meg heim 
til mitt prikkete kjøken:)



Ser at eg gløymde å endre teksta på tavla....
Tenkte det skulle stå noko meir passande der no når det 
nærmar seg jul.

Hi hi, vart det litt i meste laget med prikkar dette, kanskje? 

Ha ein fin kveld, 
med eller utan prikkar;)

onsdag 4. desember 2013

Kyrkje,englekor og litt advent:)


Eit av mine beste bruktfunn
må vere denne julekyrkja  som eg fann på loppis i haust!
Hadde lenge vore på jakt etter ei slik kyrkje og det er vel det næraste eg har vore
hjertestans då eg fekk auge på den bak eit bord. Då sto eg bom fast i ein tett trengsel langt ut på
golvet og måtte kjempe meg fram med dei spissaste olbogar eg nokon gong har hatt! Eg heldt pusten og håpa inderleg ingen andre snappa den framfor nasa mi! Det gjekk heldigvis
bra og den vart mi til den nette sum av 30 kr.!

Og då eg for eit par dagar sidan såg at det
 gjekk ei maken for 550kr på QXL forstod eg at eg hadde gjort eit kupp!
Og eg er så fornøgd med den! Den vesle samlinga mi med porselensenglar frå bruktbutikken 
dannar eit lite englekor. Trur eg må avgårde og sjå om eg finn nokre fleire.


Synest dei er så søte desse små englane i porselen.







Dei skjøre julekulene eg skreiv om tidlegare har fått
plass på eit glasfat med ei osteklokke over seg. Alt på bildet er bruktfunn.
Osteklokka skal visst vere veldig gamal. Trur desse kulene vert 
liggande her for jammen greidde eg å knuse den siste av
 dei gyldne også! Skulle henge den på ei grein då  
klypa med opphenget som går nedi kula 
spratt ut og kula gjekk i knas.
Ergrelig!!




Den flotte terrinen frå Stavangerflint er også frå bruktbutikken.
 Har fylt den med lilla sviblar og litt naturmateriale.
Sviblane må ut av huset så snart dei kjem
i blomst sidan eg ikkje toler
lukta av dei.



Slik vart adventsdekorasjonen i år:)
Fuglen i midten er eit av mine nyaste bruktfunn.
Den har ein make også, men vart litt i meste
laget med to nedi der.


Elles har det vorte fint lite gjort av juleforberedelsar.
Energinivået er ganske lavt for tida sidan Jon Blund er sterkt fråverande.
Men det vert nok jul tilslutt likevel:)

Ute ular det rundt husveggen
og haglet piskar mot ruta. Lyn og tore har det vore også.
Godt å vere i hus!!


Takk for alle koslege kommentarar
på innlegget om dei søte kjolane frå barndomen:)


Ha det fint du som kikar innom meg;)

Helsing Alva