torsdag 9. januar 2014

I GONG IGJEN :)


JIPPI!
Endeleg er eg i gong med litt sying igjen!
Det har vore litt tungt å kome i gong etter jul..... sylysta har i høgste grad
vore tilstades, trur heller det er motivasjonen det har skorta på.

 Ei veske i favoritt- fargekombinasjonen var ein bra start:)
Det stripete stoffet fann eg på bruktbutikken,  men det var berre ei lang remse.
I utgangspunktet for smalt til denne veska så då måtte eg tilpasse mønsteret til stoffbreidda.
 Laga den litt kortare også elles så hadde den fått ein litt merkeleg fasong:)
Ugla som er applikert på er klipt ut av eit stoff frå Jysk. Det stoffet
har eg også brukt til fôr. Det er desverre ikkje 100%
bomull så då egnar det seg best til slike
ting etter mi meining.



Innvendig lomme til mobil, nøklar og anna dilldall er kjekt å ha.


Godt å vere i gong igjen....
håper motivasjonen kjem for fullt no.
Har i allefall starta med eit nytt veskeprosjekt, denne gong i redesign.
Veldig kjekt - og litt tidkrevjande for det må litt tenking til.
Og det kan vere utfordrande nok....


Bloggelysta er heller ikkje 
på topp for tida, difor litt langt mellom innlegga.
Håper den tek seg opp i takt med
syinga:)


Ønsker alle saman ein fin fredag!

Helsing Alva.

6 kommentarer:

  1. Hei Alva og Godt nyttår.

    Same her du ...... lite blogging for tida.
    Veska di var eit gnistrande nyttårs prosjekt. Kjempefin og fargane likte eg godt. Til å bli glad av.
    Kor mykje fint stoff du finn på brukten. Må visst ha meg ein tur igjen.

    Nattaklem frå meg.

    SvarSlett
  2. Eg syns veska er kjempefin.
    Fine fargar.
    Motivasjonen kjem nok skal du sjå :)
    Nattaklem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Så tøff veske - stripete stoff er i grunnen veldig fint. Fargene passa godt sammen også :)
    Håper motivasjonen kommer. Du må vel sy en del til sommerbutikken din? Gleder meg til mange innlegg fremover jeg - liker så godt å følge med, klem :)

    SvarSlett
  4. Hei :-)
    Herlig farger på den veska :-) utrolig fin :-) Godt med litt kreativitet :-) Ha en fin helg :-)

    Klem fra Alven :-)

    SvarSlett
  5. Herlig veske, og så flott med redesign! Artig at ugla titter opp av lommen. :) Synes fasongen på veska ble veldig fin jeg.
    Ha en fin søndag! :)
    Hilsen Lisa

    SvarSlett
  6. Kjempefin veske i glade fargar:)
    Lysta til å sy kjem og går her med meg, og for tida heklar eg heller enn å sy.
    Fortsatt god søndag!

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no