tirsdag 14. januar 2014

PUTESTIM....


Eg kom visst brått inn i ein putestim:)
Puter er noko som er kjapt å lage difor likar eg det så godt.
Desse er basert på ulike små brikker som har levd 
eit liv som små dukar før.

Trur ikkje det er så mange
som legg slike dukar på bordet lenger.
Då er det greit å gje dei eit nytt liv 
som puter:)



 Denne har eit herleg mønster synest eg!
Var eigentleg tenkt å lage ei veske av denne brikka, men ombestemte meg.
Såg brått at den sikkert hadde vore innmari fin som pute og slik vart det.
Gjorde absolutt ingenting anna enn å stryke den på førehand.
Fann eit eigna stoff til bakstykke og klipte ut 
i nøyaktig same størrelse.



 Sydde rundt kantane og sette glidelås i botnen,
dermed kan puta brukast på begge sider:)
(Kjenner du att stoffet, Elisabeth?)

Vips - ferdig, tok ca ein halv time å lage!
Angrar ikkje på at det vart pute i staden for veske;)
Likte den veldig godt sjølv om grønt
ikkje er min farge.....



 Ei herleg fargerik brikke som eignar
seg bedre som pute enn duk etter mi meining.
Siksa den fast på stoffet eg velgde ut -
enkelt og greitt. 



 Her ei tilsvarande brikke med
den skjønnaste retroblomen ein kan tenkje seg!
Akkurat same framgongsmåte på denne.

Dette kan ein gjere med både
heklabrikker og andre fine tekstilar ein måtte ha liggjande.
Raskt og enkelt - og ein fin måte å få brukt fine ting som berre ligg
 ubrukt i ei skuff. Bedre det kjem til nytte enn 
at det ligg gøymt ;)


Vart oppmoda om å vise 
meir av stolen eg har brukt som kulisse
til desse putene. Det har eg gjort før i eit innlegg
for snart eit år sidan:)

Så det kan du sjå her, Kristin;)

Endå har eg fleire ferdiglaga produkt
så fortsettelse følgjer;)

Jepp, det er godt å vere inne i stim!

Ha det fint der du er:))

Klem frå Alva


3 kommentarer:

  1. Jøss for ei produktiv flink dame......her var det mykje fint. Det gjeld berre å kome på det og det gjer du. No forstår eg at du virkelig har fått foten på sypedalen, og då reknar eg med at handa di er nokså bra blitt.
    Kor fin veska i innlegget før er. Skikkelig flott at du har med alle detaljane som var på skjørtet og foret passa perfekt syns eg.
    Eg ser du har kjøpt det på stoff og stil. Kjøper du sytilbehør der i frå? Eg det bra greier det. Må nok bestillast har eg funne ut for her er det dårlig med utval.

    Ha det fint og kos deg med syinga.
    Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  2. Puter er så kjekt å sy, og ja, det grønne stoffet har jeg enda litt igjen av. Det passa veldig fint sammen med den nydelige grønne brikken - den var fin :) Jeg synes det er så gøy å skifte på hvilke putetrekk jeg bruker. Du er så flink til å sy når du syr ei slik pute med glidelås på en halvtime. Jeg bruker nok en god del lengre tid. Skulle gjerne vært litt mer effektiv :)

    Her er det en liten snøstorm på gang, men temperaturen er ikke så lav. Jeg synes det er greit når jeg kan gå ut og leke litt med barna og så inn og kose seg med noe god mat etterpå.
    Håper du får ei fin helg i vest også :)

    SvarSlett
  3. Hei:-) Flotte puter og fine vesker! Bra du har fått inspirasjonen til å sy tilbake! Var kjekt å kike innom her igjen. Eg har hatt ei uplanlagt bloggepause men håper eg får inspirasjonen tilbake snart:-) Klem frå mari

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no