tirsdag 25. februar 2014

Gøyal veske :)


Når Kaspara har ryddesalg er eg rask
til å kike innom bloggen, for hos henne har eg funne fleire godbitar :)
Og då eg kom over denne gøyale gardinlengda (Kaspara sine ord) måtte eg berre sende avgårde ein mail sjølv om det var seint laurdagskveld! Og heldige meg fekk kloa i dette nydelege stoffet!
(Eg var så ivrig etter å sette saksa i den at eg ikkje tenkte på å ta bilde først....)
  Dette var ei gardinlengde i ein litt levande kvalitet.
Her på desse kantar ville vi nok sagt at den var litt "levjete".
Litt glatt og tynn, typisk kvalitet for 70-talet. Sidan eg hadde bestemt meg for å sy ei veske
av det før eg fekk stoffet i hus var eg i gong med det nesten før papiret var av :) 
Pakken kom forresten i ekspressfart, allereie tirsdag var den i postkassa mi!
Snakk om service! Passa bra at eg hadde fri den dagen:)



Sidan stoffet var litt tynt strauk eg volumvlieselin på baksida
både for å forsterke og for å gjere det stødigare. Då vart det også lettare å sy
for stoffet var ganske levande (eller levjete ;) )

Meget fornøgd med denne veska!
Garantert ingen som har maken!!

 Av stoffet som var igjen mellom hankane var det akkurat
 nok til to sminkepungar. Kan ikkje sløse med slikt eit flott stoff så her måtte alt utnyttast:)
Vanlegvis brukar eg å lage botn i desse sminkepungane(syr tvers over i hjørna)
men desse synest eg var så fine flate at eg let dei vere slik.

Eit par små myntpungar vart det også.


Dette vert siste veskeinnlegg på ei stund -
reknar med at de er litt leie av veskene mine no;)


Fekk spørsmål om kvar eg sel desse veskene.
Har svart i kommentarfeltet, men kan også svare her.
Alt eg lagar og viser her skal eg selge i Postkjellaren på Bjørke til sommaren.
(Du kan lese om kva Postkjellaren er under profilen min).
Det eg måtte ha igjen ved sesongslutt i august
vil eg leggje ut i bloggbutikken min.

Ser du noko du har veeeldig lyst
til å kjøpe no så send meg ein mail så skal eg sjå
kva eg får til:)

Tek med eit par bilde frå Postkjellaren frå i sommar:
 Her ser du korleis det ser ut når ein kjem inn døra.


Og her er min dyktige og spreke pappa
i sving med å forklare korleis det gjekk føre seg på telefonsentralen.
Han har forlengst passert 80 men likevel
har han store planar om endringar i lokalet vårt før sommaren!
(Så får ein sjå om vi kjem i mål til rett tid)
Kva som skal skje lyt eg kome tilbake til seinare:)


Tusen takk for alle dei fine kommentarane
i forrige innlegg - set veldig stor pris på tilbakemeldingar!
Alltid hyggeleg med respons på det ein lagar! Lurer ofte på om nokon vil kjøpe dei litt rare
og sære produkta mine så då er det ekstra kjekt når nokon
skriv at dei likar det eg har laga.


Her på Sunnmøre er det vårlege tilstandar i dag -
målaren har vist heile 12 plussgrader!
Klagar ikkje på det eg nei....;)

Ha det fint du også!


Helsing  Alva.

6 kommentarer:

  1. Herlighet kor lekkert, og artig !!
    Du er genial til å finne stoff og til å lage fine ting av dei.
    Eg må visst ta meg eit tur til Bjørke denne sommaren også :)

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Snakk om effektivitet! Og veska vart kjempefin! Du er jammen dyktig. Og nei, er ikkje lei av veskeinnlegga dine:-) Klem

    SvarSlett
  3. Fargerik og "godthumørside", glade fargar og her fekk eg mange idear. Tusen takk !!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for hyggelig kommentar, Grethe! Det er det eg ønsker, spre litt glede og inspirasjon!
      Veldig kjekt med slike tilbakemeldingar!

      Slett
  4. Så herlig når man kommer over så fine stoffer - veska og pungene ble supre.
    Du har virkelig fått gjort mye. Jeg holder på å strikke litt, så syinga står litt på vent :)

    SvarSlett
  5. Heisan Alva
    Så morsomt å se! Synes vesken og sminkepungene var helt herlige!!! Det oser glede av dem!
    Skal si du er effektiv. Kan se deg for meg som nesten er i ferd med vesken før papiret er av pakken.
    Ble inspirert av bildene dine og heldigvis har jeg en gardinlengde selv også. Kanskje det blir et strikk i livet-skjørt på meg...
    hvis ikke stoffet er for skjelvent da...
    Takk for titten og ha en koselig torsdagskveld! Her har jeg akkurat laget fastelavensris. Guttene er så store at de ikke er så interessert i den slags lengre. Vel, jeg kan klippe og velge akkurat av de papirene jeg vil da...
    Klemmer fra Kaspara

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no