onsdag 12. februar 2014

Middagsplanlegging.


Eit innlegg litt på sida av det vanlege i dag.
Eg vil rett og slett slå eit slag for middagsplanlegging!
Eit av mine ønske for det nye året var å verte flinkare til å lage middag frå botnen av.
For å greie å gjennomføre det vart eg nøydd til å lage vekemeny. Det vart gjerne til at eg stoppa
 på veg heim frå arbeid for å kjøpe med meg noko til middag. Ofte er eg ikkje ferdig på
 jobb før i fem-tida og då enda det gjerne opp med lettvinte løysingar slik at det skulle gå raskt.
Gryter frå pose, ferdig spaghettisaus, frosen-pizza osv osv. var gjengangarar. No likar eg grunnen
veldig godt å lage mat så eg var ikkje heilt fornøgd med denne utviklinga. I tillegg så inneheld
desse halvfabrikata ganske mange E-stoff og unødig mykje salt. Og ikkje smakar det så spesielt godt heller alt. Som sagt så ønskte eg ei endring og starta med å lage vekemeny.
Eg lagar meny for to veker i gongen og handlar inn for ei og ei veke. Og det fungerer supert! No slepp eg å lure på kva vi skal til middag og eg kan forberede om morgonen når det er behov for det.
Og mannen kan også starte på middagen når han veit kva som skal lagast. Det smakar SÅ mykje bedre med mat laga frå botnen av og med litt planlegging tek det ikkje så mykje lenger tid heller.
Tomatsuppe foreksempel.... eg har aldri vore så veldig glad i pose-tomatsuppe (eller posesupper i det store og heile) men lagar ein den frå botnen av smakar det kjempegodt! Og det er sååå enkelt!
Med hardkokt egg og eit par klattar med lettrømme i så blir det fullgod middag. Grovt brød er også godt til. (Eller endå bedre: heimelaga foccachia, nam nam!!)

Eg er ofte innom denne bloggen for å få
 inspirasjon til middagsrettar. Trine lagar utruleg mykje godt
og eg har prøvd mange av oppskriftene hennar. Var så heldig å få boka hennar i julegåve
og den er flittig i bruk.

Bilde lånt frå Trines Matblogg.
Ein av rettane eg har laga nokre gonger er denne tacogratengen. Den er utruleg god!
Tenkjer at den må passe godt for dei med born som kanskje er litt matlei.
Eg brukar å lage ein grønn salat til. Dette er super fredagsmiddag:)
(Denne står på menyen til komande fredag;) )
Oppskrifta finn du HER.


Eit par gode fiskerettar finn du her og her.
Har prøvd begge og kan virkelig anbefalast!

Håper nokon vart inspirert til å lage vekemeny og 
lage fleire rettar frå botnene av. Ein treng ikkje gjere det kvar dag, men eg trur
at når ein vert vand med det kan ein ikkje tenkje seg noko anna.
Merkar i allefall at det er slik her i huset:)

Eg lagar menyen annankvar søndagskveld
og så handlar eg inn for resten av veka mandag for då er eg 
tidleg ferdig på arbeid.

På denne måten vert det også handla 
mindre og det vert mindre svinn for eg kjøper berre det
eg veit eg skal bruke. Berre fordelar
altså!

Brukar du vekemeny?

3 kommentarer:

  1. Kor lur du er, og flink !
    Eg hugsar godt det med handling i full fart på veg heim.
    No er eg heime og har eigentleg kontroll, men av og til er det
    greit med noko lettvint.
    Med altfor full frysar skulle er det mykje å finne på, men ein må ha ånda og lysta...
    Eg kjøpte den boka til svigerdottera vår, ho brukte mykje av oppskriftene då ho var heime i fødselspermisjon, og
    eg trur jo prøver no også.
    Takk for gode tips :)
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Kjempelurt med meny......alt blir så mykje lettare når ein veit kva ein skal lage.
    Frå botnen er det her i huset også. Tek ikkje lenger tid heller når ein veit kva ein skal lage og har tatt opp av frysaren.
    Nytt år og lettare kost hadde eg bestemt meg for at det skulle bli her i huset. Har faktisk klart å holde det + mykje mosjon :)) jada, trava ut gjennom åsen veldig ofte :D
    Har vore innom bloggen du linka til fleire gongar. Veldig mykje godt.
    Meny skal eg vurdere.......supert tips.

    Fin kveld til deg.
    Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  3. Det så godt ut! Jeg skulle ønske vi kunne lage en slik plan, men min kjære er ikke helt med på laget.
    Så - det blir litt tilfeldig. Men - jeg er helt enig. Vi vil jo spise mat laga fra bunnen av.
    Det er både sunnere og smaker bedre, så posemat bruker vi veldig så godt som aldri. Men - det blir noen dager med pølser eller kokt egg når vi har dårlig tid. Noen matbutikker her selger varme komper til 10 kr stykke, så det bruker vi også av og til :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no