lørdag 8. februar 2014

Søtaste bruktfunn:)

Sist eg var på bruktbutikken
fann eg dette søte koppestellet eller dokkeservise....
Kunne berre ikkje gå i frå det sjølv om eg verken har små barn eller
barnebarn endå. Men tenkte kanskje eg kunne bruke
det til utstilling i Postkjellaren.


 Det er heilt og fint og utan slitasje.
Ser nesten ikkje ut som det har vore brukt i det heile teke!
Det var vel ofte slik med fine ting før i tida at ein knappast fekk lov til å leike med det.
Sjå den flotte kanna då! Nydelig fasong på den!



 Eska er heil og fin og heilt intakt.



 Lokket er så fint!
( bortsett frå at dei på bruktbutikken hadde klistra prislappen der slik at det vart merke)

Trur det må vere frå
70-talet etter motivet på eska å bedømme.
Desverre ingen stempel eller merke, står ingenting på eska heller.
Hadde vore kjekt å visst litt om det....


Helg igjen og morsdag i morgon!

Dekorasjonen vart laga av underteikna til 100 års jubileet til sanitetslaget i 2011. Kun rosene er kjøpte, resten er plukka i hagar her i bygda!
Med desse blomane vil
eg ynskje alle mødre der ute ein superfin morsdag!
Og spesielt ei helsing til mi eiga kjære mor!
Glad i deg, mamma:))


Husk og ta vare på kvarandre,
livet er så skjørt....


Klem frå Alva.

3 kommentarer:

  1. Hei.
    For eit søtt lite servise du har funne deg. Tenk at det er i orginalpakninga.......ja, nokon som har fere fint med det.
    Den dekorasjonen var flott. Nydelige fargar var det. Ser at serviettane har same georgineblomsten på......det var stilig det.
    Mykje fint du har laga under her ....veskefint og artig at innlegget har vore gjesteinnlegg i ein anna blogg.
    Deilig uteplass du har oppm huset, stor og fin og ser at snøklokkene dine er i knupp også. Det er ikkje mine trur eg. Må sjekke i morgon :))

    Ha ein fin og god morsdag og god Laurdagskveld.
    Morsdagsklem frå meg.

    SvarSlett
  2. Næ, så skjønt servise - det blir kjempefint til utstilling, og der kan det jo stå til det kanskje kommer smårollinger hos dere? :)
    Og skal si du er flink til å lage blomsteoppsats. Virkelig fin pynt på bordet.
    Ja, morsdag i morgen. Vi skal til middag hos min mor - vi har kommet med lokalfisket torsk til henne i dag. Mellomstemann er på overnattingsbesøk der, og de storkoser seg i hverandres selskap.
    Håper du får en fin dag sammen med dine. Klem :)

    SvarSlett
  3. Dette var utruleg søtt og fint! Du kan verkeleg det med å snuse opp skattane på bruktbutikken:-).
    Mange fine innlegg her sia sist eg kika innom! Det er framleis litt labert her på bloggefronten, men får håpe at det kjem seg.
    Ja, det var nok meg og jenta mi som var innom fru svendsen på nyåret, så det var du altså, som deg var eg litt usikker, men no veit eg det:-))))) Ynskjer deg ei fin, fin veke og så snakkastn me. ( no veit eg kven du er;-) Klem Mari

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no