torsdag 20. februar 2014

Tut og køyr


Litt fleire vesker.....
Denne gongen ein anna modell enn sist.
Eg likar så godt denne modellen - den har ein veldig god fasong.
Har brukt eit mønster frå Alt om Håndarbeide som eg har gjort nokre endringar på.
Den har bl.anna fått lang skulderreim slik at den kan hengast på skrå
og då legg den seg så fint over svaien
i ryggen;)
 Stoffet til denne fann eg på bruktbutikken.
Det har ein litt merkelig kvalitet, litt tjukt og glatt og er kvitt og "lodent" på baksida.
Trur kanskje det er eit møbelstoff.



 Diggar desse folkevognbussane!
Motivet er frå ei gardin eg fann i restekassa hos ein gardinforhandlar.
Det er  motiv av mange ulike bussar på den....såååå 
fine alle i hop!


 Her er ein variant....synest den er veldig søt:)
Det grå stoffet er også frå bruktbutikken. Det er ganske tjukt,
er nok eit møbelstoff dette også.



Her er same stoffet, denne veska har fått ei ugle til pynt.
Den er frå eit stoff kjøpt på Jysk.



Ugler er populært så eg reknar med
desse veskene med uglemotiv flyg fort ut av Postkjellaren
til sommaren:)

Det vert nok eit veskeinnlegg til frå meg, men så
skal eg ta ei pause frå vesker ei stund;)

7 kommentarer:

  1. Wow, jeg kjenner det rykker veldig i handlelysten når jeg ser de fine veskene du lager, spesielt de med folkevognbussene falt i smak hos meg ;)
    Synes du bør legge dem inn i bloggbutikken din - du får sikkert solgt noen av dem. De er superfine! :)

    SvarSlett
  2. Herlighet så produktiv du er! Utruleg mange flotte vesker du har sydd, har velsig sansen for folkevognbussveskene:-) Artig:-)))
    Ønsker deg ei fin og produktiv helg! Klem

    SvarSlett
  3. Så kule! :D

    Hvor selger du disse, og hva selger du de for? ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Vibeke!
      Så kjekt at du likar veskene mine:)
      Desse kjem eg til å selge i mitt eige vesle sommarutsalg som heiter Postkjellaren (som bloggen;) ) Det ligg på Bjørke inst i Hjørundfjorden og er mi barndoms bygd;) Desse sel eg for 350 kr. Det eg måtte ha til overs når sesongen er over legg eg inn i bloggbutikken min som det ligg lenke til i høgre marg. Det som ligg der no er litt av det som var til overs sist sesong. Du kan lese meir om Postkjellaren under profilen min;)

      Slett
  4. Så stilige tut og køyr vesker. Fine stoff du finn på brukten då. Ditta grove var superfint. Du har snart lageret fullt no så du kan fylle opp Postkjellaren til sommaren.
    Heldigvis vart det mildare igjen. Gjekk ein tur i åsane i dag og jammen har det blitt oppbløtt. Men likevel bedre enn minusgrader.

    Ha ei strålande veke, klem frå MarJE.

    SvarSlett
  5. Digger disse herlige veskene dine!
    Og denne folkevognbussen...sukk!
    Skulle gjerne hatt en slik bil, de er bare helt knall:)
    Godt å være tilbake med bloggbesøk etter en lang pause på bloggen.

    Ønsker deg en fin kveld og ny uke!
    Klem

    SvarSlett
  6. Du og du, alle fine veskene du har laga.
    Alle fine på kvar sin måte.
    Du må nok stå på skal du ha nok til sommarens innrykk på Bjørke.
    Vona det blir sommar.... er litt usikker etter denne rare vinteren.
    Me hadde ei fin veke på hytta med både sol og regn (på slutten).
    Men det kjekkaste er å vere i lag.

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no