fredag 14. mars 2014

Besøk av julenissen:)


Søndag fekk eg besøk av julenissen...
Det var i allefall nokon som hadde med seg sekk....
Personen hadde rett nok ikkje skjegg eller nissehue men det gode 
smilet liknar mistenkjeleg på nissen sitt. Denne personen er det snillaste og rausaste 
 menneske eg veit om, heilt på høgde med julenissen:) Og sjå berre kva som var i sekken.....
den var full av gammalt sengetøy....
blant anna dette nydelege dynetrekket her! Heilt fantastisk fint!
Heldt på å dåne!! Den frå før nokså ustabile hjerterytma mi vart aldeles på styr då
dette dukka opp djupt nede i  sekken til "nissen"! 

Det var litt vanskeleg å få fram rette fargane på bilde, 
det er ikkje fullt så lilla som det ser ut, det heller nok meir mot rosa.
Diggar den fargekombinasjonen....rosa og orange -
sånn passe frekt og freidig:)

Måtte sjølvsagt sette saksa i det fortast råd!
Synest det passa godt til ein barnekjole:)


Vert både rørt og glad når nokon tenkjer på
meg med stoff og sengetøy!

For nokre veker sidan fekk eg mail frå ei ukjent
dame som hadde noko stoff som ho lurte på om eg var interessert i.
Ho hadde funne bloggen min:)

Den hyggelege dama og familien tok turen til Ørsta med stoffa til meg, og det var ein
ganske lang køyretur også! Eg er utruleg takknemleg for slik omtanke!


Fredag og helg igjen.....
Våren har vorte til vinter her ....i kveld har det kome litt
snø og vinden ruskar skikkeleg innimellom.
Men det får vi tåle så fint som vi har
hatt det i heile vinter.


Ønsker deg ei fin helg!

Klem frå Alva

7 kommentarer:

  1. Einige med deg, dette er eit knallfint stoff !
    Skikkeleg fint til kjole.
    Det er kjekt at folk gir deg trekka istadenfor å kaste.
    Kanskje du skulle ha vorte intervjua i lokalavisa så fleire vart obs på at du
    lagar så mykje fint av nettopp slike ting.
    Her ved hytta snør det tett i dag. Det er sjølsagt flott for skisentret som har slite med snømangel
    heile vinteren. Jammen ikkje greit å få forteneste på slike aktivitetar her på våre kantar.
    Men eg er innstilt på vår no og kan greie meg utan snø.

    God helg-klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Det var snill "julenisse" det!
    Forstår din begeistring:))
    Kjolen er knallfin!
    Synes det er så kjekt at slike stoffer kan brukes på nytt, og du er en sann dronning på redesign!
    Den blå veska med stjerna på ( som du viser til høyre på sida her) er bare helt skjønn!

    Våknet til vinter i morres...og det snør fremdeles.
    Men jeg skal ikke klage, vinteren har vært helt utenom det vanlige i år:)

    Ønsker deg ei flott helg, kos deg masse!
    Klem

    SvarSlett
  3. Så heldig da - nydelig stoff, og kjolen ble kjempesøt! Det hadde vært som i en drøm dersom noen hadde kommet med en pose fint sengetøy - skjønner godt du setter pris på det :)
    Gleder meg til å se de fine du vant budrunden på også :)

    SvarSlett
  4. Dån og dobbeltdån - for eit fantastisk nydeleg fint stoff! :) Snakk om å få nissen på besøk, ja :)
    Og for ein UTRULEG flott kjole du sydde av stoffet. Heldige jenta som får pynte seg med den :)
    Uansett vêr utandørs: Ein får i alle fall vårkjensle av dette vakre stoffet :)
    Klem, Kristin

    SvarSlett
  5. Oi oi oi ! !
    Flott kjole og stoff : )
    Så koselig at du fikk en pose med dåne stoffer !

    Ha en fin ukestart
    Janne

    SvarSlett
  6. Så kult stoff!! :D Kjolen ble kjempefin ♥

    SvarSlett
  7. Herlig stoff!! Har aldri sett det før! :D Jeg er også slik at jeg må klippe i det så fort som mulig! Hehe!
    Mange andre har jo ikke "råd" til å klippe i sine, men det er jo det som er moro, å lage noe nytt av det!
    Skulle ønske jeg var like flink og effektiv med symaskina som deg :)
    Riktig god helg! klem, Randi.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no