søndag 2. mars 2014

Dåpskjole


Må berre vise kva eg har styra med i dag!
Eg har sydd ein dåpskjole til Babyborn-dokke:))
 Vart den ikkje nusselig vel?
No kan det vel diskuterast kor vidt ein dåpskjole er eit nødvendig plagg til ei dokke då...
men sidan eg fann dette blondestoffet på bruktbutikken 
i går måtte eg berre.....


Lenge sidan eg har funne så mykje 
fine stoff på bruktbutikken! Ikkje akkurat hjertebankstoff då,
dei fleste er nok av nyare dato, men mykje
fint likevel.



 Eit par dongerigardiner som er supre til barnekle,
eit nydeleg kjolestoff(det lysegrøne blomstra) eit par dukar i retroliknande 
stoff som skal verte ei veske(det gulorange mønstra) 
og ikkje minst eit  barnesengesett med motiv 
frå jungelboka!

Herlig! 
Det er så kjekt å få litt "nytt" i hyllene
for då kjem inspirasjonen for fullt!


 Valgte å bruke lilla sløyfe 
slik at det vert litt meir nøytralt.
Kjempegøy å sy, har kosa meg skikkelig i dag:)
Har nok stoff til ein til så eg kjem nok til å sy ein til ja:))
Blir kaaanskje råååsa sløyfe på den....


Slik ser den ut bak.
Den er open heilt ned slik at den skal vere enkel 
å ta på og av for små hender. Hua er sydd av ein liten blonderest eg 
også fann på bruktbutikken. Mønster på begge deler er  
frå ei av bøkene til Anne Grete Gaaserud.


Vart så ivrig med sying at eg heilt 
gløymde av at eg skulle bake fastelavnsbollar!
Vanlege kveitebollar er eg ikkje så glad i så eg brukar å lage grove
bollar i staden. Sånn kan det gå når ein vert så
oppslukt at ein gløymer tid og stad:)


Igjen må eg takke for alle koselege kommentarar!
 Set stor pris på alle saman!  Det var eit par stykker som synest at
 eg er så effektiv, men det er nok heller det at eg vert så ivrig at eg ikkje klarar
 å vente. Av og til vert eg så inspirert av eit stoff at eg må berre gå laus med sying med ein gong.
Slik var det med dåpskjolen i dag, så snart eg fekk stoffet tørt 
måtte eg sette i gong!

OG DÅ KOSAR EG MEG SKIKKELEG!

Ønsker alle som er innom ein fin kveld
og ei god ny veke!

Klem frå Alva.

6 kommentarer:

  1. Å joda, det er nødvendig med dåpskjole til babydokka! Jeg har sydd flere, og ungene koser seg med å døpe dokkebarna gang etter gang : )
    Kjekt å sy dem er det også!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Rita, det var beroligande å høyre:) Lenge sidan eg hadde ei lita dokkemamma i hus så eg er ikkje heilt oppdatert der;) Har klipt ferdig dåpskjole nr. 2 i kveld så då har eg noko å gjere når eg kjem frå jobb i morgon:)
      Kjempegøy å sy - litt pirkete men mest moro.

      Slett
  2. Så nydelig kjole. Den kommer nok garantert til å falle i smak hos noen søte små :) Jeg får i grunnen lyst til å sy en kjole til dukka snart jeg også. Denne helga har jeg hatt et veldig lite dukkeprosjekt på gang, men ikke i nærheten så fint som ditt :)

    SvarSlett
  3. Åddus kor fine dåpskjole. Du finne så mykje fint på brukten du. Eg er sikkert for dårlig å leite. Der er så mykje å gå gjennom. Men eg skal ha meg ein tur no igjen. Kanskje ein ide å leite fram maskina også, ikkje berre handle :D Eg har visst litt for mange ballar i lufta. Er så mykje eg vil men får (det ikkje til) tidsnød.
    Men no nyt eg i all fall våren og den håper eg er komen for å bli til sommaren kjem.

    Ha ei fine veke med syeria dine.
    Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  4. Så vakker dåpskjole du har sydd!
    Og mange herlige stoffer du fant.
    De er jo så dekorative der de ligger fint sammenlagt:)
    Her har det ikke blitt mye sying i det siste...har maskina til reparasjon...
    Fin kveld til deg!

    SvarSlett
  5. Du og du kor flink du er .
    Fantastiske kjolar. Smart med opning heile vegen bak. Eg kjøpte dåpskjolen
    som tre av bornebiorna har brukt. Me syns den er så praktisk pga den løysinga som du har.
    Ein slepp å vere redd for å miste barnet når ein held inni kjolen.
    Det er nok mange som vil kjøpe dåpskjole til dokka si.
    Og den fine dokkevogga ! Det er så gjennomført og lekkert !

    Ynskjer deg fine vårdagar. I dag oppdaga eg at eit gamalt plommetre er fullt av blomster..
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no