lørdag 22. mars 2014

Flåklypa, dobbelt hjertebank og Disney.


Det er vel ingen stor løyndom at
 eg er hekta på stoff. Heldigvis er det eit ufarlege slag stoff
eg er avhengig av....eller ufarleg og ufarleg fru Blom....  det kan gå
ganske hardt ut over blodpumpa nokre gongar når eg kjem over skikkelege godbitar!
Og til tider kan eg føle meg ganske rusa av alle fine fargar og flotte mønster, særleg av stoff frå
  60 og 70 talet. For det er det eg helst jaktar på.....stoff frå denne tidsepoka. Eg trålar alt eg kjem
 over av bruktbutikkar og loppemarknadar, eg følger med på auksjonar på forskjellige
 nettsider og kjempar med nebb og klør om nødvendig viss eg finn noko eg
berre må ha.....slik som dette stoffet her :
Solan Gundersen, Ludvig og Reodor Felgen.



Dette er mitt siste kupp....desse kjempekule gardinene med motiv frå Flåklypa!
Eg er sååå fornøgd med dette funnet! To lengder i heilt topp kvalitet....ingen slitasje
eller falma i det heile teke! Desse gir meg skikkeleg hjertebank!
Og prisen vart heilt grei sjølv om det var fleire om beinet.


IL TEMPO GIGANTE.

Huskar godt når filmen Flåklypa Grand Prix kom på kino i 1975.
Heile familien drog til Ålesund for å sjå den og det var eit skikkeleg storhende! Det var nesten ein dagstur å reise til Ålesund den gongen. Har forresten eit spesielt minne frå det kinobesøket....
Då vi gjekk oppover midtgangen for å finne plassar høyrde eg nokon rope namnet mitt.
Og på øverste rad sat ein som hjertet mitt banka litt ekstra for....han vinka på meg
og eg fekk sitje ved sidan av han og halde han i handa gjennom heile filmen:)
Dååån! Snakk om hjertebank.....:))



Men eg synest minnast at eg fekk ei lita skjennepreike av min far etterpå.... hi hi....
Ifølgje han skulle ikkje ei jente ha kjæreste før ho var minst 30 år....og eg var halvparten av det.
 Så då så.......Stakkars - han hadde 3 døtre å halde styr på så det
var vel ikkje alltid så greit;)


Ben Reddik Fy Fasan.

Så det er vel ikkje så rart at eg fall for
 dette stoffet:) Om du lurer på korleis det gjekk så stoppa det der fordi
 vi budde litt langt frå kvarandre. To år seinare møtte eg han som etterkvart vart mannen min.
 Han møtte eg også på ein spesiell måte........men det er ei anna historie;)

"Det er fali det....."




Av same dame kjøpte eg også denne søte gardina med Disney motiv:

Den er litt falma her og der men superfine motiv -
og fargane er til å dåne av! Mint og lilla er sååå fint i lag!

Gled meg til å sette saksa i begge stoffa!
Ideane strøymer på men først må eg sy ferdig ein del dokkekle eg har klipt opp.
Viss eg klarar å vente då......det spørst.....

Ønsker deg ei fin helg!

Klem frå Alva.

3 kommentarer:

  1. Dån - jeg skjønner hva du mener. Herlig gult Flåklypastoff!!
    Jeg husker også kjempegodt den filmen. Å gå på kino var noe jeg og brødrene mine sjelden fikk penger til, men en 17. mai var det gratisfilm. Da ble denne sendt, og jeg var der med mine to storebrødre. Jeg husker at filmen var det mest spennende jeg hadde sett - og på slutten i racet da han trykka foten ned gjennom gulvet tror jeg vi alle satt og småhoppa av spenning :)
    Et fint minne. Morsomt å høre om ditt minne også. Kan se det hele for meg :)

    SvarSlett
  2. Det er spennende å være på utkikk etter spesielle stoffer!
    Det å kjenne gleden når en finner et stoff som en liker veldig godt, det være seg mønstret, farger eller begge deler:)
    Har mange stoffer liggende og er stadig på jakt etter nye på div gjenbruksbutikker og loppiser.
    Og nå har jeg endelig fått symaskina tilbake fra reparasjon, så jeg håper å få sydd litt snart;)

    Du skriv så koselig i innleggene dine:)
    Gleder meg til å se hva du skal sy;)

    Fin uke videre til deg Alva!

    SvarSlett
  3. Artig stoff.
    Desse var heilt nye for meg. Eg var no i den alderen ;)

    Klem

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no