fredag 28. mars 2014

Gamle mønster


Som eg skreiv i forrige innlegg er eg stadig på jakt
etter unike stoff frå 60 og 70 talet. Det same gjeld også alt av syutstyr og mønster.

 Så då eg kom over nokre mønster frå 60 -70 talet på ei nettside var eg snar om
 å legge inn bud. Og gleda var stor då eg vart budvinnar på desse tre!


 Særleg denne over her hadde eg veldig lyst på.
Det vart hard kamp om den, men heldigvis trakk eg det lengste strået tilslutt:)
Gled meg til å prøve ut både overallen og kjolen.
Likar begge to veldig godt, mine favorittar:)



 Den søte kjolen med hjertelommer 
på skal også prøvast og kanskje B-modellen også.



Synest B-modellen her er veldig søt.
Men kjem nok til å teste begge .

Alle mønster er ubrukte og uåpna.
Superkjekke funn, veldig glad for at dei vart mine:)
Kva for ein er din favoritt?

Ønsker alle som kikar innom ein fin
fredag og ei god helg:)

Helsing frå Alva.

4 kommentarer:

  1. Synes alle var riktig søte jeg!
    Vanskelig å velge:)
    Gleder meg til å se det ferdige resultatet.

    Ønsker deg ei super helg!
    Klem

    SvarSlett
  2. Fantastisk å kome over slikt., og så ubrukte då.
    Eg likte best kjolane på mønsteret i midten, men alle er fine på kvar sin måte.
    Det blir spennande å sjå kva du kjem til å sy.

    ps, Eg laga Alva-pizzaen i går kveld, igjen. Kan eg legge ut bilde og linke til deg trur du ? Oppskrifta er ikkje nødvendig å skrive for du har vel sletta det innlegget. Mannen min seier det er den beste pizzaen han har smakt, og me er fleire som er einige i det. I dag var det restar til lunsj for oss to.

    God laurdagskveld frå Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Av og til kjem ein over skattar, og då er det kjekt å bli den heldige;) Desse plagga er like aktuelle no som då;)

    SvarSlett
  4. Åh, de var fine alle sammen. Og tenk - ikke åpna en gang! Min favoritt - vanskelig valg - men har lyst til å se kjolen med hjertelommer i virkeligheten :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no