søndag 9. mars 2014

Kjole til besvær.....

Av og til går det skikkelig skeis når eg syr....
Og ofte er det fordi eg gjer dumme og unødvendige feil.
Slik var det med denne kjolen. Eg hadde sydd den heilt ferdig - det sto att berre
knapphol og knappar. Då oppdaga eg det - eg hadde sydd på 
bærestykket bak-fram.


 Er det mulig å gjere ein slik feil uten å oppdage det?
Å jada...når ein syr seint på kvelden så......



 Og feilen starta med at eg applikerte
 sommarfuglen på bakstykket utan å oppdage det!
Sydde like godt ferdig heile kjolen......hadde til og med overlocka saumen mellom skjørtedelen og bærestykket OG kantstikka! Stønn!! Det var like før heile stasen hamna i 
søppelbøtta!! Men det gjorde den sjølvsagt ikkje. Det var berre å leite fram
sprettekniven og gå laus med friskt mot.



 Så slik har det seg at denne kjolen
har ein sommarfugl bak på ryggen også. Laga ein ny og litt mindre på framstykket.
Gjer vel ikkje noko at det er ein sommarfugl bak også, gjer det vel?
På toppen av det heile slitna rynketråden då eg skulle 
rynke skjørtet på nytt. Så dette vart verkeleg
ein kjole til besvær.



 Men vart veldig fornøgd med sluttresultatet då.
Det skjønne sommarfugl/kløverstoffet  fann eg på bruktbutikken for ei tid tilbake.
 Det er berre heilt nydeleg! Trur det er frå 70-80 talet.
Har heldigvis nok stoff igjen til ein kjole til.
Rutastoffet er frå ein duk også
funne på bruktbutikken.



 Her er ein anna kjole i det nydelegaste og mest 
bedårande stoff funne på loppis! Lamunger heiter det og er frå
Sandvika veveri.


Lenge sidan eg har sydd barnekjolar no.....
Veldig kjekt å sy det igjen og har allereie fleire på gong:)

Neste gong skal eg vise kva eg fekk 
på døra i dag......

Ha ein fin kveld du som tittar innom:)

Helsing Alva.

5 kommentarer:

  1. Guri...kor irriterandes. Men smeise de kor fine kjolen vart. Fine stoff du har brukt. Slike kjolar har eg planar om å sy også berre eg kjem meg til. Ha samla i hop ein heil del kle som eg har planar om å bruke til slike småplagg.
    Eg må nok ha meg ei oppfriskingsøkt med øving på aplikering. Har gløymt ein god del men håper det dukkar opp når eg prøvar meg fram.
    Får idear frå deg så eg følge med :))
    Heldigvis har det stilna ute med vinden. Det har vore ei forrykandes helg vermessig.

    SvarSlett
  2. Ikke så galt at det ikke er godt for
    noe;))
    Det ble riktig flott med sommerfugl på ryggen!
    Og kjolen er en drøm!
    Men det er selvsagt irriterende å oppdage slikt når en så og si er
    ferdig. ..har skjedd meg også.
    Du er så flink til å gjenbruke stoffer,en fryd å se alt det fine du lager.
    Jeg har ennå ikke fått tilbake symaskina fra reparasjon. ..begynner å bli utålmodig. Den har vært der over en måned nå...
    Ønsker deg en flott dag!

    SvarSlett
  3. Hehe - jeg kjenner meg veldig godt igjen, og den følelsen når det går opp for en at en har sydd feil…
    Nei, jeg har det med å skulle gjøre ting litt kjapt, og vips så var det gjort! Å sprette opp er ikke noe gøy. Jeg har ei lita pute til dukkevogna der jeg presterte å sy de to stoffdelene sammen retta mot vranga.

    Puta har blitt brukt slik lenge nå, men jeg hver gang jeg ser det irriterer jeg meg. Jeg har bestemt meg for å sprette den opp og fikse på den. Det vil ikke ta lang tid, men der og da kunne jeg bare ikke få meg til å gjøre det.
    Stoffet med lammene på er bare så fint - et superfunn :) Begge kjolene er veldig fine :)

    SvarSlett
  4. Hei ! Nydelige begge kjolane , men den du har sydd av stoffet "Lamungar" er heilt spesiell. Heldig er den jenta som får bruke den kjelen :) Britt- Karin

    SvarSlett
  5. Å herremin, så fin den røde kjolen er ♥ Møkk når man må gjøre opp att arbeid, men den var fantastisk!!!

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no