lørdag 26. april 2014

Teppe i glade fargar:)


Dette teppet har eg hatt planar om å lage lenge.
Rosa og orange er to fargar eg elskar å kombinere fordi dei er sånn passe frekke i lag.
Over ganske lang tid  har eg spart og lagt til side stoff i nettopp 
den fargekombinasjonen for å bruke i eit teppe.
 No hadde eg endeleg spart nok til å sy eit
teppe og i påska sette eg i gong med å kutte opp bitane. 
Supplerte med litt andre stoff i rosa og orange frå stofflageret mitt.
Når det er så mange mønstra stoff er det greit å ha nokre rolegare
innimellom så ein får roe ned inntrykket litt.


 Her er teppet ute og luftar seg i vårsola og fargane glødar i det nydeleg solskinet!



Har for det meste brukt stoff frå brukt sengetøy.
Trur faktisk det einaste nye stoffet er det rosa prikka.
Til bakstykke har eg brukt eit rosa bomullslaken og som mellomlag
har eg brukt bomullsvatt som var heilt supert å jobbe med!

Vart veldig fornøgd med dette teppet.
Så gøy var det at eg laga eit til med det same:)
Men det er i ein heilt anna fargekombinasjon som eg også er veldig glad i.
Nokon som torer å tippe?

Svaret får du i neste innlegg;)

Ønsker deg ein fin søndag!

Alva.


5 kommentarer:

  1. Skikkeleg friskt og flott teppe! Mange godbitar her, ja:)
    Når det gjeld kombinasjonen på det andre teppet, så tippar eg på turkis og kanskje grønt - det hadde iallfall eg likt;)

    SvarSlett
  2. Helt nydelig teppe - og jeg synes jeg kjenner igjen noen stoff der ;)
    Ja, jeg må også ha noen nøytrale stoff sammen med de mer "rotete". For noen dager siden fikk jeg kjøpt et stort, lyserosa dynetrekk som var rutete på en side og stripete på den andre. Litt kjedelig å kjøpe, men jeg vet jo at jeg trenger litt kjedelige stoffer også.
    Det neste teppet tipper jeg er turkis og blått?
    Fin søndag til deg :)

    SvarSlett
  3. Så fantastisk nydeleg! :) Det er slike kunstverk som dette eg òg drøymer om å få laga meg når eg ein gong får satt meg ned framføre symaskina.. Men det ser ut som det kan ta si tid før det skjer. Har jo ein million hekleplanar eg må ta til på først :)
    Tusen takk for kjempefine ord om gardina mi :) Eg var kanonfornøgd sjølv, og alle i heimen likar den veldig godt :)
    Fin veke til deg og dine - ein herleg forsmak på sommaren :)
    Klem, Kristin

    SvarSlett
  4. Love it! Elsker fargane. Kjempefint er også det turkise i det siste innlegget ditt. Er imponert over produksjonen din, har rulla meg nedover bloggen min. Eg har vore veldig inaktiv på bloggefronten i år, håper at det tekseg opp:-). Trur eg må invistere i ei ny datamaskin, har ei som berre driv og skrur seg av og slikt har eg ikkje tålmod til....
    Herleg vær me har hatt i det siste, men i dag tidleg både skein sola og det snøva, eit merkeleg vær! Ha ein fin vår vidare og så kan no det hende det dukkar opp eit blogginnlegg frå meg også med tid og stunder:-) Klem frå mari

    SvarSlett
  5. Jeg bliver altså i SÅ godt humør af det her tæppe - skønne friske og glade farver :-) Flot resultatet; respekt!

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no