tirsdag 29. april 2014

Turkis,mint og lilla.....


...... vart teppe nummer to:)

Berre diggar den kombinasjonen! Ser at nokre av lillafargane
virkar litt skitne i det skarpe sollyset,  men det er dei altså ikkje i verkelegheita.
Måtte berre ha med litt av den knallblå himmelen som bakgrunn.
Er det ikkje fantastisk vel?

 I dette teppet har eg brukt ei blanding av brukt og nytt.
Til bakstykke har eg brukt eit mintfarga laken
og bomullsvatt som mellomlag.



 Vart så fornøgd med det at eg håpar ingen vil kjøpe det....hi hi....





Når ein syr slike prosjekt der det er ulik kvalitet på stoffa
er det lett for at nokre av stoffa kan dra seg slik at resultatet kan verte litt rynkete
eller at ein kjem skeivt ut. Særleg når eg syr saman alle laga
har eg opplevd at det kan skje.

 Då er det superkjekt å ha overtransportør!
Ein slepp då at stoffa dreg seg og resultatet blir kjempefint!
Her er det kanten rundt teppet som vert sydd tilslutt
 med overtranportøren.







Slik ser den ut.
Veldig glad for at den følgde med symaskina,
elles er det vel råd å kjøpe den som ekstrautstyr vil eg tru.
Min er i allefall flittig i bruk.

Ønsker deg ein fin kveld.
Her er det visst snø i vente....brrrr.
Har du lyst å sjå vår nærkontakt med snøskred på søndag
kan du sjå her.

Helsing Alva.

2 kommentarer:

  1. Åh - det ser skjønt ut - stort også, så det ville passe når en tar seg en lur på sofaen :)
    Har aldri hørt om slik overtransportør - får ta en titt i utstyret som fulgte med maskinen. Jeg må innrømme jeg gjerne skulle gått på et skikkelig maskin-og sykurs. Jeg gjør stort sett det trygge og vante hver gang :)
    Snø? Oj, får inn og ta en kikk på værmeldinga for sørlandet. Blir lei meg dersom været plutselig blir kaldt nå som vi er så godt vant :)

    SvarSlett
  2. Nydelege fargar i teppet ditt.
    Smart labb på maskina. Eg skulle hatt ein slik då eg sydde eit legg på skjørtet av ein barnebunad...
    På blogglista mi er ei anna bloggerske som også syr lappeteppe Ellen Sand.
    Eg vona at snøen som er meldt let vente på seg til den smeltar i lufta...
    No er me innstilt på sol og sommar !
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no