lørdag 19. april 2014

Vårlig løpar


For mange år sidan dreiv eg mykje med lappeteknikk og quilting.
Etterkvart gjekk eg meir og meir over til sying av andre ting og no er det fint lite eg lagar
  av det slaget. Men det er veldig kjekt å ha lært det for det er mange av teknikkane eg kan ta med 
meg vidare og bruke i andre prosjekt. Eg gjekk fleire kurs og sydde til dels ganske avanserte saker.
Så vart eg bitt av gjenbruksbasillen og då var det andre ting eg heller ville lage.

 Denne løparen har litt av begge deler.
Eg laga den for fleire år sidan og er vel noko av det siste eg laga i typisk lappeteknikk.
Utgangspunktet var to søte lysegule brikker i handangersaum 
som eg fann på bruktbutikken.


 Eg hadde lyst til å bruke dei i ein vårlig løpar.
Midt på løparen valgte eg å applikere ein ring av tulipanar.
Mønsteret er sjølvkomponert unnateke tulipanane 
som eg teikna av frå ei quiltebok.



Det som ser blått ut på bildet er lilla.
Eg likar veldig godt å applikere, det gjer eg ofte endå
på både vesker, kjolar og andre produkt. No brukar eg som regel tett siksakk
rundt det eg applikerer - her har eg brukt knappholsting som er meir vanleg i lappeteknikk.
Huskar for ei lette det var då eg kjøpte meg ny symaskin som kunne sy knappholsting!
Før det sydde eg alt for hand med moulinegarn. Litt av eit arbeid det....huskar eg
 laga eit stort veggteppe med masse applikasjon og sydde rundt alt for hand!
 Men eg kosa meg faktisk med det. I tillegg handquilta eg også det
 meste eg laga. Då var det nødvendig å investere i
fingerbøl av skinn!




Det er nokre år sidan eg hadde den framme
sist sidan eg ikkje er noko løpar-menneske lenger.
Men i år fekk eg plutselig lyst til å leite den fram igjen og det var i grunnen 
eit hyggjeleg gjensyn:) Så den får i allefall ligge
framme i påska.


Då er vi komt til påskeafta og endeleg
kan eg også ta heilt fri eit par dagar:) Fineveret har også kome
så det teiknar bra for resten av påska.

Her vert det beina høgt
i kveld etter nok ein hektisk dag på jobb.
Ønsker deg fine påskedagar vidare.

Alva.

2 kommentarer:

  1. Så koselig med slikt gjensyn. En fin duk med masse arbeid bak.
    Jeg har aldri lært å quilte, men da jeg var student fikk lyst til å prøve meg etter å ha sett ei fin pute i et ukeblad. Denne hadde et fint stjernemønster sydd av små lapper. Jeg gikk til innkjøp av noe ganske dyrt quiltestoff i stoffbutikken. Planen var to puter - ei til meg og ei til en venninne. Det var en mye større jobb enn jeg hadde tenkt så det ble med den ene puta som venninna fikk i julepresang. Etter studietida bosatte hun seg langt vekke, så da jeg var på besøk forrige sommer ble jeg nesten rørt over å se igjen den gamle puta. Hun hadde den fremdeles - etter 20 år :)

    SvarSlett
  2. Alt du kan Alva !
    Fint handarbeid med fine innslag av nostalgi.
    Forstår du har det travelt på jobb, er folk i Ørsta flinke å besøke
    den koselege fru Svendsen, eller er det turisttid allereie ?

    Nyt dei fine kveldane, det er så vakkert.
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no