torsdag 8. mai 2014

Flower


Hadde ikkje tenkt å sy fleire vesker eg.....
men jammen så vart det ei til!


 Fann dette kule stoffet på bruktbutikken
for nokre dagar sidan og då måtte eg berre sy denne veska!
Det sommarlege stoffet formeleg ropte etter å verte til ei veske så då kunne eg ikkje
late att øyrene :)  Stoffet er frå Ikea og var merka med 2006.  
Er så glad i denne veskemodellen,
min favoritt!


 Blomen passa perfekt til -
skulle nesten tru stoffa høyrer saman.
Men det gjer dei altså ikkje. Den er klipt ut frå eit gardinstoff som er
eit par år gammalt. Har brukt mange av desse tidlegare.
Perfekt som pynt på ei veske.


På same gardinstoffet er det trykt "flower"
i mange ulike variantar. Klipte ut dette og applikerte det på.
Synest det vart litt tøft:)

Trur jammen eg må sy ei veske til
når eg først er i sving:) Har ikkje nok stoff til ei til
men kan kanskje kombinere med eit anna.

Ønsker deg fine vårdagar:)

Helsing Alva.


3 kommentarer:

  1. Jeg er så fan av veskene dine. Tør jeg spør hvilket mønster du bruker? Kankje et du har laga selv? De stoffene passa virkelig fint sammen. Veskene dine får nok bein å gå på til sommeren :)

    SvarSlett
  2. Sommarleg og fin veske !
    Det stripa er noko kjent med, trur eg har ei veske i det stoffet som eg har brukt til strandveske.
    I kveld har det vore ein spektakulær solnedgang. Eg fær so lenge å knipsar, spring ned til sjøen for
    å sleppe ledningar og skorstein på nabohuset. Litt trim attåt.
    Me leve i eit flott land.
    Nattaklem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Øøøøøjjj! Hvor er den bare flot! Skønne farver og sikke glad jeg bliver af at se denne taske :-))))) Det er jo indebegrebet af FLOWER POWER :-)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no