fredag 13. juni 2014

Skjønne mønster.


Eit lite livsteikn frå meg!
Det vert visst litt langt mellom innlegga no,
men eg får kome sterkare tilbake seinare. Her forberedast bryllaup
så då er det litt andre gjeremål enn sying som stend på timeplanen.
Det vert snart opning av Postkjellaren også, men først 
bryllaup:)




Ein ny pakke med gamle mønster dumpa ned i postkassa mi
og her var fleire skikkelige godbitar! Den over her er då berre til å dåne av!
Sjå den yndige kysa då! 


 Litt av kvart her!



 Ikkje dum denne heller.



 Ser nokså velbrukte ut enkelte av dei.



Synest bilda er så fine på desse gamle mønstrane!
Sjekk kåpa og hatten då! Dååån! Eller kva med frisyrane på den til høgre!
Dette må vel vere frå 60 talet vil eg tru.

Har lagt nokre av desse og andre mønster inn i nettbutikken.
Dei ligg i mappa som heiter mønster.
Du finn den her.

Send meg ein mail om du finn noko
du vil kjøpe. Adressa er postkjellaren@hotmail.no

Ønsker deg ei fin helg.

Helsing Alva.

4 kommentarer:

  1. Artige og varierte kreasjonar du kan lage av desse mønstra.
    Og bryllaup seier du, det er spennande å vere med på, iallfall dersom det er ein næraste.
    Lukke til med førebuingane !
    Juniklem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Takk for kommentaren hos meg. Jeg skjønner det blir spesielt å gifte bort dattera di - kan tenke det blir en utrolig fin dag for både hun, deg og mannen din. Ønsker dere masse lykke til.
    Gleder meg også til å se hva fint du tryller frem av mønsterne. Jeg synes også bildene utenpå er så fine, og jeg har jo flere mønster liggende som jeg må se å få prøvd ut. Men - det er rart med det - det blir ofte til at jeg heller syr det jeg er vant til. Men - i sommer skal jeg forsøke meg på noe nytt!
    Klem :)

    SvarSlett
  3. Hei Alva.
    Ja det blir langt mellom innlegga her også. Du har no mykje å styre med i desse dagar så det forstår eg godt. Berre nokre dagar at så brakar det laust med bryllupsfest hos dåkke. Tida den flyg og jentene våra står bruder i år....tenk det. Litt rart......men slik skal det ver. Spennande er det likevel.
    Lykke lykke til med den store dagen og alle forberedelsane du skal stå for.
    Varm klem frå meg.
    PS!artig med dei gamle mønstrene du har fått :))

    SvarSlett
  4. Hei Alva!
    Det er ikke bare hos deg det er blitt langt mellom innlegga, sånn er det noen ganger.
    Sommeren er ei travel tid på mange vis.
    Ønsker deg lykke til med forberedelser og bryllup!

    En fin kveld og sommer videre:)
    klem

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no