lørdag 12. juli 2014

Ben Redic fy Fasan.......for ei pute :)


Huskar du dette innlegget
om dei tøffe gardinene med motiv frå Flåklypa Grand Prix?
Desse gardinene dukka opp igjen under ei lita opprydding på syrommet.
Dei hadde komt nederst i ein dunge og eg hadde reint
gløymt av dei!

Eg bestemte meg for å lage eit par puter i første omgong.
Motiva er ganske store så det er litt begrensa kva ein kan bruke dei til.
Dessutan er det så synd å klippe sundt dei flotte motiva - som om eg f.eks. hadde laga ei veske.
Så puter var i grunnen heilt perfekt! Eg la ut bilde av putene på facebook sida 
til Postkjellaren - og vips var eine puta tinga vekk og eg fekk
bestilling på to til:)

Så då vart det til at eg laga puter av resten av stoffet også.
Sidan eg ikkje likar å lage to heilt like produkt varierte eg med fargen
på pipingbandet.

Piping band er supert og gir ein veldig fin effekt.
Eit tips om du vil lage sjølv er å ikkje dele skråbandet i to på langs-
mykje lettare å få fint om du brukar skråbandet heilt.

Utruleg tøffe motiv! Diggar det!
Resten av putene er på plass i Postkjellaren.

Denne helga er det liv og røre på Bjørke med
 Indie pop konsertar og mange tilreisande til den bittelille bygda.
Gøy med så mykje aktivitet.

Har hatt ope i dag og er på plass i morgon også.
Og endeleg er vergudane på vår side!

For her på Sunnmøre har sommaren verkeleg slått til i år!
Vi har fantastisk flotte sommardagar og slik varme som vi ikkje er heilt
vande med her! Og det nytast!

Håper du også har fine sommardagar:)

Sommarklem frå Alva:)

2 kommentarer:

  1. Knallfine puter som vil pynte fint opp på alle barnerom! Det stoffet er berre lekkert :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no