tirsdag 22. juli 2014

Ei utruleg historie.....


At verda ikkje er stor får vi bevis på gong etter gong.
Eg har nyleg opplevd det.....
 Dette knallfine retrostoffet som egentleg 
er eit dynetrekk....vart mitt etter ei budrunde på ei nettside.
Då eg og dama som solgte det skulle utveksle informasjon viste det seg
at ho har ei dotter som bur i same bygd som meg. Så då avtalte vi at ho skulle 
ta det med neste gong ho skulle besøke dotter si. 
Dama sjølv bur på ein annan kant av landet.


 Etter litt undersøking fann eg ut at dottera 
faktisk bur i nabohuset her hos meg!!!! Er det mulig!!!!
Ho bur så nær at ho nesten kunne ha kasta det ned til meg!
Kan tru vi fekk oss ein god latter:)

 Og i går kom dama på besøk til 
dotter si og eg fekk levert to flotte retrodynetrekk på døra.
Slettes ikkje verst det. Mange kroner spart i porto.

Slik kan det altså gå....
nesten for utruleg til å vere sant men det
er det altså:)

Likar så godt fargane i det....
blått og grønt er ein kombinasjon eg er veldig glad i.
Og den blomen er då berre min:)


Her nyt vi ein fantastisk flott sommar
med temperaturar på mellom 25 og 30 grader.
Slik sommar har vi ikkje hatt på årevis så det nytast verkeleg til fulle!
Det vert litt late dagar i varmen - litt for gale å 
sitje inne ved symaskina når veret er 
så fint.

Har også nokre dagar att å jobbe før eg kan ta resten av ferien. 
Må seie eg gler meg stort til det.

Håper du også nyt sommaren!

Sommarhelsing frå Alva

3 kommentarer:

  1. Nei, verda er ikkje så stor, der oppleve ein av og til.
    Fint stoff. Skal tru kva du skal lage av det ?
    Her har vore litt skodde i dag, men me køyrde ca ei mil til Løset og gjekk rundt vatnet der i strålande sol.
    Skodda er vår svøpe her ute, men godt å få gjere noko inne også ;)

    God ferie !
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Så artig historie :)
    Og fantastisk fint hjartebankstoff :)

    SvarSlett
  3. For et utrolig sammentreff da, og stoffet er helt skjønt :) Sommeren i år har vært helt utrolig fin. Neste for varm noen dager. Det stod i avisen at det ikke hadde blitt målt så varme dager her siden 1941… Jeg håper den varer til du skal ha ferien din også :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no