lørdag 5. juli 2014

Veske og meire til........


Her kjem bilde av det eg laga 
av dånestoffet eg skreiv om i forrige innlegg.
 Som Elisabeth tippa vart det ei veske:)
Det var det første eg laga. Stoffet ropte til meg at det måtte bli ei veske.
Har du opplevd at eit stoff ropar til deg om kva det vil bli?
Eg opplever det stadig vekk:) Og det blir jammen 
meg ikkje stilt før det er gjort, hi ,hi ;)



 Det neste eg laga var denne puta.
Heilt enkel med glidelåslukking i botnen.
Synest den vart grei, men ville gjerne lage ei med litt 
ekstra pynt på.



 Då vart det slik.
Har sett fleire bruke pipingband rundt kanten
og synest det gjer seg veldig godt. Eg hadde ikkje pipingband men tok likegodt
og laga av skråband og tynn anorakksnor.
Funka som berre det det.

Litt arbeid er det, men ikkje meir enn at det er overkomeleg.



 Her får putene lufte seg i det milde veret me har no.
25gr. viser målaren no, så då snakkar vi sommartemperatur!
Nesten så det er litt haust i lufta også....
Litt tidleg det vel?

Og jammen såg eg at bringebæra har begynt å modne......
 det er i allefall veldig tidleg!



Det siste eg laga var ein søt sminkepung.
Og som eg skreiv i forrige innlegg så har eg endå ei heil gardinlengde 
igjen av dette stoffet så her vert det nok meir etterkvart.

Desse tinga vert med meg til Postkjellaren 
i morgon :)

Ønsker deg ei fin helg!

Helsing Alva.

4 kommentarer:

  1. Flott stoff ! Einige med deg indet, og forstår at du nesten dåne, med din lidenskap for fine stoff :)
    Fine foresgjorde puter og veske.
    Eg tenkte på deg i stad, eg skulle hatt meg ein sånn liten pung til medisinane mine til eg skal på ferie.
    Me har planer om å fare til Bjørke neste helg, mannene min har lyst til å høyre på desse ungdomane som spelar. Me har ikkje sett programmet kva dag det er. Du har vel ope søndagane ? Viss det passar stikk eg innom :)
    Fin laurdagskveld frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Så lekre de ble - alle sammen.
    Jeg blir så inspirert av de fine veskene du lager at jeg har planer om å sy ei. Mange av stoffene jeg har "skriker" at de vil bli veske de også. Nå må jeg bare se om jeg får tid. Gøy med piping bånd. Jeg er jo som du sikkert vet litt hekta på dem, men jeg pleier å kjøpe dem ferdig. Ellers synes jeg det blir litt for mye jobb :)

    SvarSlett
  3. SÅ flink du er :-)
    Bør nok ta meg ein tur til Bjørke i sommar.

    Nyt Juli!

    SvarSlett
  4. Åh, så mykje fint du fekk ut av det nydelege stoffet :)
    Du er heilt rå med den symaskina! :)

    Det blir snart impulsiv sunnmørstur på oss - det blir så kjekt :) Håpar vi får tid til å ta turen innom Postkjellaren òg :) Då blir nok lommeboka rimeleg tom, skal du sjå ;)

    Framleis fin sommar til deg og dine :)
    Klem, Kristin

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no