søndag 10. august 2014

Tutti frutti og Marimekko.

 Som dei fleste nok har fått med seg
så likar eg aller best å sy av brukte tekstilar.
Å skape noko nytt av gammalt og brukt gjev meg stor glede og er veldig inspirerande.
Men likevel hender det at eg fell for freistinga til å kjøpe nytt.
 Det skjer ikkje så ofte, men det hender.


 Dette stoffet fann eg i restekassa hos ein gardinforhandlar.
Det har vore ei prøvegardin...så då blir det eit slags gjenbruk likevel:)
Brukar av og til å titte i restekassa for der kan det ligge små godbitar. Dette er eit
ganske kraftig stoff så det egnar seg veldig godt til vesker. Eg sydde rundt kanten på blomen
med tett siksakk for å markere den litt bedre.


 Denne er frå same stoffet men med ein litt annan blome.
Får litt sånn tutti-frutti følelse av dette stoffet.

Då eg var lita var det nokre drops som heitte Tutti -Frutti.
Dei hadde slike herlege pastellfargar og var så deilig klissete og søte!
Om eg let att augene kan eg enno kjenne smaken av 
desse dropsa på tunga!

Smaken av barndoms-sommar!




Denne Marimekko-inspirerte veska er laga av
ei panelgardin som eg fann på turen til Sverige. Synest den 
vart veldig fin. Her måtte eg sprette opp alle sidesaumar for å få nok breidde.

Denne veka har eg brukt mykje tid
 ved symaskina for å fylle opp att i Postkjellaren.
Det var litt slunkent i rekkene så det var godt å få sy litt nytt.
Har enno nokre søndagar igjen før eg gir 
meg for sesongen.

4 kommentarer:

  1. Skjønne vesker. Det nederste stoffet var veldig likt på Marimekko. Jeg går med planer om å sy veske i dag - blir spennende om jeg får det til :)

    SvarSlett
  2. Fine vesker, dei går nok fort unna tenkjer eg.
    Kor kjekt at du sel så mykje at du må lage mange nye ting i vekene før søndagen kjem.
    Den nydelege sommaren har nok lokka mange til vakre Bjørke.

    Nyt dagane framover.
    Klem frå Anne-Mar
    som må ta att alt eg har forsømt når eg var på ferie.
    Ripsgele i dag.

    SvarSlett
  3. Hei Alva!
    Og mange takk for koselig kommentar:)
    Så flotte vesker du har sydd!
    Synes Tutti-Frutti veska er helt nydelig, og navnet passer ypperlig;)
    Har en del syplaner jeg med, men så kommer så mye annet som trenger tid, så det er blitt dårlig med sy.tid:(

    Ønsker deg flotte augustdager videre!

    SvarSlett
  4. Fine vesker du har sydd!
    Har blitt lite av både sying og blogging med meg, men kjekt å sjå at andre framleis er aktive her inne:)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no