onsdag 15. oktober 2014

Når kroppen seier stopp....


Det vart visst ei lita pause frå bloggen dette.
Og det er ikkje heilt utan grunn....forma har nemlig ikkje vore heilt på topp.
Kroppen har rett og slett sagt stopp og eg har måtta ta ei pause frå det meste,
også frå bloggen.

 Naturen er ein fin plass å samle krefter.

Her frå gamle Strynefjellsvei ein litt hustrig dag.
Men haustfargane var likevel til å misse pusten av.




 Hausten har vist seg frå si beste side 
og mannen har drege meg med på mange flotte turar.
Med kaffe på termos, freistande niste i korga og kamera som følgesvenn har vi hatt mange fine
stunder enten i fjøresteinane, i skogen eller rett og slett
i bilen visst veret ikkje tillet anna.



 Å sitje heilt i sjøkanten og sjå og høyre bølgene 
som slår inn mot land er rett og slett balsam for kropp og sjel.
Desse bilda er frå Flø.



 Naturens palett er vakrast.




Så no går livet i sakte kino og symaskina
og det meste elles lyt vente.
(Det er ikkje eg som rir, det var ei som kom ridande forbi oss
på vår rusletur i skogen)


Eg stikk innom bloggen når eg føler for det.
Inntil då.....ha det fint! Husk å senke skuldrane
og ta vare på kvarandre!

Eg er så heldig at eg har ein som
tek godt vare på meg:)

Klem frå Alva.


4 kommentarer:

  1. Leit å høyre at du ikkje er i form. Har sakna innlegg frå deg ja.
    Aldeles nydelege bilde du har, ser du har vore i ytre strøk også :)
    Vona kreftene vende tilbake, ta det med ro og gjer berre det som er kjekt og gir energi i lagera i kroppen.

    God betringsklem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Hei Alva!
    Håper det går bra med deg,og at du får samla krefter nye krefter.
    Naturen er ein flott plass til det, det vet jeg av erfaring.
    Helt fantastiske bilder du viser, måtte se dem flere ganger:)
    Godt du har en som tar vare på deg og drar deg med på slike fine turer:)

    Ønsker dere begge ei god helg og fortsatt god bedrig!

    Her i trøndelag har vi fått nattekulde og rimkvite bakker, flott når sola titter frem og skaper masser av "diamanter" på alt utenfor;))

    Varm klem

    SvarSlett
  3. Nydelige bilder <3

    Ikke kjekt når kroppen streiker....
    Ta vare på deg selv, god bedring <3

    Klem

    SvarSlett
  4. Hei Alva. Håper det går bedre nå. Jeg skal krysse fingrene for deg, jeg. Har hatt en vanskelig høst selv. I tillegg til et fryktelig studie som jeg skal ha en eksamen i neste uke (setter pris på noen gode tanker selv da...) så har svigerfar gått bort, og det har vært masse som har skulle ordnes. Noen perioder i livet er litt tøffere enn andre. Håper vi kommer sterkere ut etterpå .... Stor klem fra meg :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no