søndag 16. november 2014

Er her enno....


 Jada....eg er her enno
sjølv om det har vore stille på bloggen ei stund.

 Dagane har gått til å samle krefter
og mannen og eg prøver å bruke naturen så mykje som mulig.
Det blir ikkje dei lange og krevjande turane men gjerne turar i nærområdet 
.....slik som i dag.

 Vi tok turen over fjellet (med bil) mot Hjørundfjorden.
Naturen på Standalseidet er vill og vakker med kvasse fjelltindar på rekke og rad!
Er ikkje sikker på kva alle desse fjella heiter men eg trur  den høgste
toppen litt til høgre midt i bildet er Kolåstinden.



 Mektige og majestetiske fjell som gjer at ein
sjølv føler seg veldig liten.



Det var ei tynn ishinne på det vesle vatnet på Standalseidet.
I bakgrunnen ser ein delar av Hjørunfjordfjella.
Målet for dagens tur ligg i den retning.



 I fjøresteinane i stranda utanfor Standal
har vi funne ein fredelig plass. Sidan det var ein litt kjølig dag fyrte vi opp
eit lite bål. Det var stilt og vakkert der i sjøkanten
og kaffen og nista smakte fantastisk godt!



Få ting er så fredeleg som eit bål.....
Å sitje slik i sjøkanten med kaffekoppen mellom hendene
og nyte lukta frå det knitrande bålet og den fantastiske utsikta innover Hjørundfjorden
gav slik ei inderleg ro i sjela.



Vakre og ville Hjørundfjorden!
Langt og lengst der inne ligg Bjørke og Postkjellaren.....


Det går sakte men sikkert framover med forma.
Har prøvd meg på litt sying siste dagane og det gav meirsmak.
Aldri hyggelig når sylysta forsvinn men dess kjekkare når den dukkar opp igjen:)
Så snart vil eg vise litt av det eg har laga. Litt "nye" stoff
har også komt i hus.


Takk for gode helsingar i forrige innlegg.
Orda frå dykk varmar meg.


Og velkomne til nye følgarar!
Håper de vil trivast her inne hos meg:)


Gode klemmar frå Alva.


1 kommentar:

  1. Bilda frå turen er heilt fantastiske !
    Og så kjekt med bål og rast i fjøra.
    Bra dokke finn måtar å nyte naturen på.
    Og enda betre at det går framover med deg. Du har nok att for at dokke tek naturen til hjelp for å bygge seg oppatt.
    God klem frå Anne-Mari

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no