tirsdag 23. desember 2014

Enkel julepynt

Gamle kjøkengjenstandar
egnar seg ypperlig til å pynte med.
Med enkle grep kan det verte den flottaste dekorasjon du kan få.
Nokre greiner med grønt og litt band eller hyssing 
er alt som skal til.
 Denne kjempesøte vesle kaffekjelen
fann eg til ein latterleg lav pris på bruktbutikken.
Den var prisa til 15kr og i tillegg var det halv pris på alle varer.
Eg insisterte på og betale 10kr men det var det berre så vidt eg fekk lov til!
Denne står til pynt på kjøkenbenken.



 Ei gammeldags dynkeflaske, sjarmerande skeiv
men akk så vakker! Ei slik kan eg huske frå min barndom. Denne er eit bruktfunn.
Med litt grønt og eit sløyfeband er den pynta 
og klar for jul.



 Vassausa eller koksa som mannen seier 
er arv frå hans barndomsheim. Denne har han mange minner frå.
Dei brukte å drikke vatn av den når dei kom inn og var tørste.
Tesilen bak er bruktfunn.



 Ausa og holsleiva er også arv.
Den vesle desiliterkoppen er bruktfunn.



Slik ser heile hylla ut.
Vart litt fullt der i år men ville så gjerne ha med alle desse tinga:)
Har funne meg ei ny gammal hylle som er litt større så den skal få kome opp på nyåret.
Må berre bestemme meg om eg skal male den eller ikkje.
Trur det blir ikkje:)




Tilslutt må eg berre vise denne vakre rosa
som står ute i snøen og blømer så fint! Heilt utruleg!


Ønsker alle ei fin jul
og alt godt for det nye året!

Helsing frå Alva.

3 kommentarer:

  1. Kor fint du har pynta. Litt av eit røvarkjøp av den kjelen. !!
    Eg likar godt slike zinkkjørel.
    Tenk at rosamstår enno etter alt styggeveret siste vekene.
    Her ved hytta er det masse snø og 10 gr minus i dag.
    Litt kaldt for skitur, men i morgå må me prøve.

    God jul vidare !
    Klem

    SvarSlett
  2. Så fint du har pynta. Det er lurt å bruke ting fra naturen slik, jeg synes det blir så fint og hyggelig. Mye bedre enn en haug med nytt "julejuggel" produsert langt borte. Jeg håper du koser deg masse med dine :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no