onsdag 31. desember 2014

Godt nytt år til alle!


Eit kjapt innlegg heilt på tampen av 2014
for å ønske alle mine kjekke lesarar eit godt nytt år!

 Her er rosa som eg viste i eit tidlegare innlegg.
Dette bilde er teke etter at frosten kom og sukra rosa så vakkert.



 Resten av bilda er teke 2.juledag
då eg måtte ut og lufte kroppen etter alt for mykje god mat.
Det var skikkelig julekortstemning ute
og rein nytelse å gå tur.



 Naturen låg urøyvd og rein etter det nylege snøfallet
og ingen hadde gått før meg på fleire av 
vegane eg vandra på.



Frostrøyken låg over vatnet og skapte ei trolsk stemning. 
Slike opplevingar gjer godt for både kropp og sjel
og ved å ha med kamera får eg nyte
opplevingane mange gonger.


Ønsker at alle får mange fine opplevingar i 2015!
Husk å ta vare på kvarandre.

Klem frå Alva.




3 kommentarer:

  1. Utrolig hvor fort dager, uker og år går! Ønsker deg et godt og kreativt 2015.

    SvarSlett
  2. Veldig fine bilder - som tatt ut av et eventyr. Ønsker deg et flott nytt år - det blir nok spennende dersom det kommer småfolk til :) Jeg gleder meg til å følge deg i det nye året og se det fine du syr. Setter stor pris på bloggfellesskapet. Nyttårsklem :)

    SvarSlett
  3. Flotte bilde som alltid hos deg.
    Her utfor hytta lynar og tordnar det, planen var at me skulle ein tur i lysløypa i kveld før
    gute-borneborna fær heim i morgå, men no blir det kortspel og film i staden.
    Takk for kommentar om koppetvogene, eg likar dei to mønstra eg brukar fordi dei er så enkle at
    eg slepp å tenkje medan eg held på.
    Det er mange fine å sjå her i bloggverda, men det krev meir merksemd å lage.....

    Godt nytt år til deg og dine, og takk for dei fine innlegga dine og alle fine kommentarane du gir vekk.
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no