onsdag 29. januar 2014

VESKEPARADE.


To dongerivesker til ferdige.
Dette vert dei siste av dette slaget på ei stund.....
no er dongeribukselagert mitt nokså slunkent så då må eg snart på jakt etter fleire:)
 Dette var ei fin bukse i veldig
kraftig dongerikvalitet. Resultatet vart ei stødig og fin veske.
Det vart raude detaljar på denne også.....synest raudt er så fint til dongeri.



 Den fekk eit kraftig glidelås til lukking under linningen.
Men trur ikkje eg skal gjere det fleire gongar for det var vanskeleg å få til.
Mange og tjukke lag med dongeri - blant anna over gylfen - gjorde det vanskeleg å greie med
symaskina. Så akkurat der måtte eg sy til for hand.
Men er veldig fornøgd med resultatet då....



 Brukte dette koseleg hjertestoffet frå eit dynetrekk til fôr.



 Dette vart ei heilt anna veske!
Buksa er ca. 15 år gammal og veeeeldig høg i livet!
Den hadde ballonglår og smale bein.....
Ikkje alle motar som har vore
like fine nei.....







Og her er heile flokken.....


Lovar at neste innlegg ikkje vert om dongerivesker!
Men kan ikkje love at det ikkje handlar om vesker, for eg har meir
under produksjon - herleg retro denne gongen:)
Så følg med......

Ein fin kveld til deg:)

Klem frå Alva.

lørdag 25. januar 2014

COKE - OLD KENTUCKY


Her kjem ei veske til
frå veskefabrikken! Håper de tåler å sjå fleire:)
Denne er laga av resten av skjørtet frå forrige innlegg.
Dongeriskjørtet hadde ei meget sømmeleg lengde - langt under knea,
nærare midt på leggen tenkjer eg.
Dette vart ei litt annaleis veske enn 
dei to andre sidan her ikkje var linning og gylf.
Ei baklomme frå ei avlagt bukse gjer nytte som lomme på veska.
Teikna av ein blome frå stoffet eg brukte til fôr
og applikerte den på til dekor.


 Sydde først ferdig veska utan dette bandet øverst.
Men synest den vart litt kjedeleg så eg grunda ei stund på kva eg skulle finne på.
Så kom eg på at eg hadde liggjande dette bandet og tenkte at det kanskje
passa til. Og det gjorde det absolutt synest eg!



 No er vel ikkje coke noko som passar seg
å gå rundt og reklamere for sånn normalt sett, men sidan bandet 
er frå midten av 70-talet let eg det passere. Det var eg sjølv som kjøpte det
og brukte det til å forlenge ei bukse med. Huskar eg hadde det nederst 
på ei dongeribukse med megasleng på!

Googla ordet coke 
og det har fleire tydingar. Det vert brukt
i forbindelse med cola, slangutrykk for kokain, koks og
  så er det eit fylke i Texas som heiter Coke County.
Alt dette kan du lese meir om her

Kva meininga er på dette bandet veit eg ikkje,
men eg får iallefall assosiasjonar til
  Coka Cola når eg ser det...



Det heilt perfekte fôr her var ein
 løpar av nyare dato som hadde fått ein skjemmande flekk.
Den vart kamuflert bak lommene.

Nok ein gong har eg laga ei 
veske heilt etter min eigen smak og mine fargar!
Må visst slutte med det for det vert så aldeles freistande å
behalde dei sjølv! 


Ønsker ei fin helg til alle
som kikar innom! Takk for alle fine 
kommentarar på veskene mine:)
Veldig inspirerande!

Klem frå Alva.

tirsdag 21. januar 2014

FLEIRE REDESIGNVESKER


Det har vore litt meir veskeproduksjon
i det siste. Redesigna dongerivesker denne gongen.
Dei eg hadde i fjor vart det nesten
kamp om så det er best 
å lage nok;)

 Denne er laga av eit skjørt
som var gått ut på dato for leeenge sidan
Men superfint til veske! Beheldt lommene framme som lommer
til veska, laga knapphol og sydde i knappar eg hadde i samlinga mi frå før..
Applikerte på ein fantasiblome laga av det stoffet eg 
brukte som fôr - eit knallfint
retrodynetrekk!



 Til innvendig lomme brukte eg ei 
baklomme frå ei avlagt dongeribukse i stor herrestørrelse.
Veska fekk til slutt glidelåslukking.



 Til hank brukte eg linningen av same
buksa som eg tok baklomma frå. Brukte heile linningen slik som den var.
 Festa den på utsida på begge sider som artige detaljar.



 På den sida der knappholet
på linningen er sydde eg på ein knapp maken til dei andre
berre eit nummer større.



 Denne veska er sydd av ei bukse som har
tilhøyrt dotter mi. Det står str.16 på den så då reknar eg
med ho brukte den i 14-års alderen - altså for 12-13 år sidan.
Dette var ei bukse med mange fine detaljar og veldig kjekk å sy av!
Det raude synest eg gjorde veska endå meir spanande.



 Det rette fôret til denne veska var dette 
småruta stoffet som kjem frå eit gammalt dynetrekk.


Vart rett så søtt synest eg:)



 Til hempe har eg brukt eit
hårstrikk eg hadde liggjande frå eit tidlegare prosjekt.
Festa det i buksehempa midt bak.



Fine detaljar:)


Veldig kjekke prosjekt dette!
Det er slik som dette eg likar aller best å halde på med -
lage nytt av gammalt, gje nytt liv til brukte tekstilar i 
staden for å kaste!

tirsdag 14. januar 2014

PUTESTIM....


Eg kom visst brått inn i ein putestim:)
Puter er noko som er kjapt å lage difor likar eg det så godt.
Desse er basert på ulike små brikker som har levd 
eit liv som små dukar før.

Trur ikkje det er så mange
som legg slike dukar på bordet lenger.
Då er det greit å gje dei eit nytt liv 
som puter:)



 Denne har eit herleg mønster synest eg!
Var eigentleg tenkt å lage ei veske av denne brikka, men ombestemte meg.
Såg brått at den sikkert hadde vore innmari fin som pute og slik vart det.
Gjorde absolutt ingenting anna enn å stryke den på førehand.
Fann eit eigna stoff til bakstykke og klipte ut 
i nøyaktig same størrelse.



 Sydde rundt kantane og sette glidelås i botnen,
dermed kan puta brukast på begge sider:)
(Kjenner du att stoffet, Elisabeth?)

Vips - ferdig, tok ca ein halv time å lage!
Angrar ikkje på at det vart pute i staden for veske;)
Likte den veldig godt sjølv om grønt
ikkje er min farge.....



 Ei herleg fargerik brikke som eignar
seg bedre som pute enn duk etter mi meining.
Siksa den fast på stoffet eg velgde ut -
enkelt og greitt. 



 Her ei tilsvarande brikke med
den skjønnaste retroblomen ein kan tenkje seg!
Akkurat same framgongsmåte på denne.

Dette kan ein gjere med både
heklabrikker og andre fine tekstilar ein måtte ha liggjande.
Raskt og enkelt - og ein fin måte å få brukt fine ting som berre ligg
 ubrukt i ei skuff. Bedre det kjem til nytte enn 
at det ligg gøymt ;)


Vart oppmoda om å vise 
meir av stolen eg har brukt som kulisse
til desse putene. Det har eg gjort før i eit innlegg
for snart eit år sidan:)

Så det kan du sjå her, Kristin;)

Endå har eg fleire ferdiglaga produkt
så fortsettelse følgjer;)

Jepp, det er godt å vere inne i stim!

Ha det fint der du er:))

Klem frå Alva


søndag 12. januar 2014

VESKE AV GAMMALT ULLSKJØRT


Som eg skreiv i forrige innlegg
har eg hatt litt problem med å kome i gong med syinga igjen.
Følte at motivasjonen mangla. I helga har eg prøvd å gjere noko med det.
For å motivere meg sjølv leitte eg fram nokre stoff som eg har hatt ein plan for sidan i haust.
Og det virka! I løpet av helga har eg ferdigstilt fleire av desse prosjekta
og eg må sei at eg er meir enn fornøgd med meg sjølv:)


 Denne veska starta eg rett nok på for nokre dagar sidan
og i går vart den ferdig! Og eg er kjempefornøgd sjølv om eg måtte gjere
nokre endringar undervegs. Når ein held på med gamle tekstilar kan ein få seg nokre 
overraskingar. Skjørtet var fora med silkestoff og det hadde eg tenkt å bruke som for i veska.
Men då eg byrja å klippe oppdaga eg at det var fullt av bittesmå hol i det så då måtte eg 
fjerne heile foret. Oppdaga også eit lite hol midt på magen difor applikerte
eg på ei stjerne der. Ser i ettertid at eg skulle trekt den 
litt lenger ned.....


Fargen på øverste bilde er heilt feil -
den er noko rettare på bildet over, men ikkje heilt der heller.
Fargen er heilt nydeleg i mine auge, aqua eller grønturkis vil eg kalle den.
Helst ville eg brukt skjørtet som det er, men sidan eg verken er nokon utprega skjørteperson
eller sylfide valgte eg å lage ei veske i staden. Og sjølvsagt har eg lyst til å
behalde den sjølv - veskegal som eg er, men trur nok eg kjem til å 
selge den. Noko må eg ha med meg til Postkjellaren!
(Veska i forrige innlegg har eg selt allereie)



 Gløymde å ta eit skikkeleg førbilde av skjørtet
men her er i allefall eit av nesten heile. Sidan det var eit miniskjørt
trur eg nok det er frå 70-talet. I utgangspunktet hadde eg tenkt å ha glidelåslukning på veska
men ombestemte meg undervegs. Laga ein rouleau til hempe og brukte ein lekker 
vintage knapp til å lukke med. Veldig fornøgd med det valget.



Leitte lenge i stofflageret mitt for å finne eit
passande stoff til for - ville helst bruke eit frå omlag same tidsepoke
men det fann eg desverre ikkje. Eg er litt rar når det gjeld å finne stoff til for - det vere
rett i mine auge. Ikkje nødvendigvis matche, men det må vere rett. Kan ikkje
forklare det nærare - veit det med ein gong eg finn det rette.
Og det rette denne gongen vart eit ganske nytt
stoff frå Stoff og Stil.

(Jada, eg veit eg er litt rar, hi hi)


 Laga ei lita lomme med to rom - den eine med glidelås.

Som ein liten kuriositet beheldt eg 
 glidelåset i sida på skjørtet slik at det viser kva det har vore.
Hankane er laga av det eg klipte av nederst på skjørtet. Absolutt alt på skjørtet er brukt, 
det einaste eg løyvde var opplegget nede:)


Veldig kjekt prosjekt, men litt tidkrevjande sidan
eg ikkje brukte noko mønster og vegen nærast vart til mens eg sydde:)
Og sidan eg er litt av ein petimeter vel eg sjeldan lettvinte løysingar, alt skal gjerast
skikkeleg elles kan eg ikkje selge eller gje frå meg med godt samvet.

Dei andre tinga eg laga i helga
lyt eg vise i neste innlegg for dette vart visst
langt nok no:)

Takk for dei oppmuntrande ord
og hyggelege kommentarar på forrige innlegg -
det varmar:)

Og velkomen til ny følgjar,
lenge sidan sist nokon la seg til no, så det var 
ekstra kjekt! Håper du vil trivast
her inne:)

Klem frå Alva


torsdag 9. januar 2014

I GONG IGJEN :)


JIPPI!
Endeleg er eg i gong med litt sying igjen!
Det har vore litt tungt å kome i gong etter jul..... sylysta har i høgste grad
vore tilstades, trur heller det er motivasjonen det har skorta på.

 Ei veske i favoritt- fargekombinasjonen var ein bra start:)
Det stripete stoffet fann eg på bruktbutikken,  men det var berre ei lang remse.
I utgangspunktet for smalt til denne veska så då måtte eg tilpasse mønsteret til stoffbreidda.
 Laga den litt kortare også elles så hadde den fått ein litt merkeleg fasong:)
Ugla som er applikert på er klipt ut av eit stoff frå Jysk. Det stoffet
har eg også brukt til fôr. Det er desverre ikkje 100%
bomull så då egnar det seg best til slike
ting etter mi meining.



Innvendig lomme til mobil, nøklar og anna dilldall er kjekt å ha.


Godt å vere i gong igjen....
håper motivasjonen kjem for fullt no.
Har i allefall starta med eit nytt veskeprosjekt, denne gong i redesign.
Veldig kjekt - og litt tidkrevjande for det må litt tenking til.
Og det kan vere utfordrande nok....


Bloggelysta er heller ikkje 
på topp for tida, difor litt langt mellom innlegga.
Håper den tek seg opp i takt med
syinga:)


Ønsker alle saman ein fin fredag!

Helsing Alva.

onsdag 1. januar 2014

GODT NYTT ÅR......



Så har det brått vorte 2014. 
Her vart det som vanleg skote opp enorme mengder med fyrverkeri.
Eg er ingen tilhengar av at det skytast millionar av kroner rett opp i lufta på denne måten
sjølv om eg synest det er fint å sjå på i moderate mengder.

 Det small frå tidleg kveld og til nesten ut på morgonkvisten
med topp rundt midnatt sjølvsagt. Katten var vetaskremd og gjekk i dekning sjølv 
om den så og seie er heilt døv. 




Jula har gått i turbofart med jobb,
selskap og koseleg veninnebesøk. Alt for mykje god mat
gjev ein sløv kropp så difor var det godt å ta seg ein tur i skogen i dag.
Kan ikkje tenkje meg ein bedre start på det nye året ein ein tur ut i naturen i lag 
med min kjære. Og med vårleg temperatur og snøfritt vart
det ei god oppleving.

Her har eg prøvd og fange litt av opplevinga
med kameralinsa:


 Irrgrøn mose er godt å kvile augene på.



 Utruleg kva fargar ein finn i naturen sjølv i januar.





Fekk meg litt nytt fotoutstyr i julegåve
som måtte testast ut.  Kombinert macro og telelinse er ukjent for meg
så den må eg lære meg å bruke. 


 Her er det macroen eg har prøvd.



 Sjå knuppane som står klar til å sprette ut heilt i vasskanten!



Klar og fin luft og spegleblankt vatn.



Gled meg no til å ta fatt på eit nytt sy år!
 Må berre få rydda vekk alt som har hamna inne på syromet først.....
alle kassene til julepynten og alt anna som vert til overs i jula har ein tendens til å ende opp
der inne. Ein eller anna plass må ein gjere av slike ting og sidan syromet som regel 
ikkje er i bruk i jula vert det lagerrom i staden. Men no kjenner eg 
at det klør i fingrane etter å sy -  og litt "nye" stoff har eg
liggande på vent også.


Då vil eg ynskje alle som
finn vegen innom eit godt nytt år!
Takk for at du fylgjer med på bloggen min,
og takk for dei hyggelege kommentarane som vert lagt att,
set veldig stor pris på det!

Helsing frå Alva.