tirsdag 25. februar 2014

Gøyal veske :)


Når Kaspara har ryddesalg er eg rask
til å kike innom bloggen, for hos henne har eg funne fleire godbitar :)
Og då eg kom over denne gøyale gardinlengda (Kaspara sine ord) måtte eg berre sende avgårde ein mail sjølv om det var seint laurdagskveld! Og heldige meg fekk kloa i dette nydelege stoffet!
(Eg var så ivrig etter å sette saksa i den at eg ikkje tenkte på å ta bilde først....)
  Dette var ei gardinlengde i ein litt levande kvalitet.
Her på desse kantar ville vi nok sagt at den var litt "levjete".
Litt glatt og tynn, typisk kvalitet for 70-talet. Sidan eg hadde bestemt meg for å sy ei veske
av det før eg fekk stoffet i hus var eg i gong med det nesten før papiret var av :) 
Pakken kom forresten i ekspressfart, allereie tirsdag var den i postkassa mi!
Snakk om service! Passa bra at eg hadde fri den dagen:)



Sidan stoffet var litt tynt strauk eg volumvlieselin på baksida
både for å forsterke og for å gjere det stødigare. Då vart det også lettare å sy
for stoffet var ganske levande (eller levjete ;) )

Meget fornøgd med denne veska!
Garantert ingen som har maken!!

 Av stoffet som var igjen mellom hankane var det akkurat
 nok til to sminkepungar. Kan ikkje sløse med slikt eit flott stoff så her måtte alt utnyttast:)
Vanlegvis brukar eg å lage botn i desse sminkepungane(syr tvers over i hjørna)
men desse synest eg var så fine flate at eg let dei vere slik.

Eit par små myntpungar vart det også.


Dette vert siste veskeinnlegg på ei stund -
reknar med at de er litt leie av veskene mine no;)


Fekk spørsmål om kvar eg sel desse veskene.
Har svart i kommentarfeltet, men kan også svare her.
Alt eg lagar og viser her skal eg selge i Postkjellaren på Bjørke til sommaren.
(Du kan lese om kva Postkjellaren er under profilen min).
Det eg måtte ha igjen ved sesongslutt i august
vil eg leggje ut i bloggbutikken min.

Ser du noko du har veeeldig lyst
til å kjøpe no så send meg ein mail så skal eg sjå
kva eg får til:)

Tek med eit par bilde frå Postkjellaren frå i sommar:
 Her ser du korleis det ser ut når ein kjem inn døra.


Og her er min dyktige og spreke pappa
i sving med å forklare korleis det gjekk føre seg på telefonsentralen.
Han har forlengst passert 80 men likevel
har han store planar om endringar i lokalet vårt før sommaren!
(Så får ein sjå om vi kjem i mål til rett tid)
Kva som skal skje lyt eg kome tilbake til seinare:)


Tusen takk for alle dei fine kommentarane
i forrige innlegg - set veldig stor pris på tilbakemeldingar!
Alltid hyggeleg med respons på det ein lagar! Lurer ofte på om nokon vil kjøpe dei litt rare
og sære produkta mine så då er det ekstra kjekt når nokon
skriv at dei likar det eg har laga.


Her på Sunnmøre er det vårlege tilstandar i dag -
målaren har vist heile 12 plussgrader!
Klagar ikkje på det eg nei....;)

Ha det fint du også!


Helsing  Alva.

torsdag 20. februar 2014

Tut og køyr


Litt fleire vesker.....
Denne gongen ein anna modell enn sist.
Eg likar så godt denne modellen - den har ein veldig god fasong.
Har brukt eit mønster frå Alt om Håndarbeide som eg har gjort nokre endringar på.
Den har bl.anna fått lang skulderreim slik at den kan hengast på skrå
og då legg den seg så fint over svaien
i ryggen;)
 Stoffet til denne fann eg på bruktbutikken.
Det har ein litt merkelig kvalitet, litt tjukt og glatt og er kvitt og "lodent" på baksida.
Trur kanskje det er eit møbelstoff.



 Diggar desse folkevognbussane!
Motivet er frå ei gardin eg fann i restekassa hos ein gardinforhandlar.
Det er  motiv av mange ulike bussar på den....såååå 
fine alle i hop!


 Her er ein variant....synest den er veldig søt:)
Det grå stoffet er også frå bruktbutikken. Det er ganske tjukt,
er nok eit møbelstoff dette også.



Her er same stoffet, denne veska har fått ei ugle til pynt.
Den er frå eit stoff kjøpt på Jysk.



Ugler er populært så eg reknar med
desse veskene med uglemotiv flyg fort ut av Postkjellaren
til sommaren:)

Det vert nok eit veskeinnlegg til frå meg, men så
skal eg ta ei pause frå vesker ei stund;)

onsdag 12. februar 2014

Middagsplanlegging.


Eit innlegg litt på sida av det vanlege i dag.
Eg vil rett og slett slå eit slag for middagsplanlegging!
Eit av mine ønske for det nye året var å verte flinkare til å lage middag frå botnen av.
For å greie å gjennomføre det vart eg nøydd til å lage vekemeny. Det vart gjerne til at eg stoppa
 på veg heim frå arbeid for å kjøpe med meg noko til middag. Ofte er eg ikkje ferdig på
 jobb før i fem-tida og då enda det gjerne opp med lettvinte løysingar slik at det skulle gå raskt.
Gryter frå pose, ferdig spaghettisaus, frosen-pizza osv osv. var gjengangarar. No likar eg grunnen
veldig godt å lage mat så eg var ikkje heilt fornøgd med denne utviklinga. I tillegg så inneheld
desse halvfabrikata ganske mange E-stoff og unødig mykje salt. Og ikkje smakar det så spesielt godt heller alt. Som sagt så ønskte eg ei endring og starta med å lage vekemeny.
Eg lagar meny for to veker i gongen og handlar inn for ei og ei veke. Og det fungerer supert! No slepp eg å lure på kva vi skal til middag og eg kan forberede om morgonen når det er behov for det.
Og mannen kan også starte på middagen når han veit kva som skal lagast. Det smakar SÅ mykje bedre med mat laga frå botnen av og med litt planlegging tek det ikkje så mykje lenger tid heller.
Tomatsuppe foreksempel.... eg har aldri vore så veldig glad i pose-tomatsuppe (eller posesupper i det store og heile) men lagar ein den frå botnen av smakar det kjempegodt! Og det er sååå enkelt!
Med hardkokt egg og eit par klattar med lettrømme i så blir det fullgod middag. Grovt brød er også godt til. (Eller endå bedre: heimelaga foccachia, nam nam!!)

Eg er ofte innom denne bloggen for å få
 inspirasjon til middagsrettar. Trine lagar utruleg mykje godt
og eg har prøvd mange av oppskriftene hennar. Var så heldig å få boka hennar i julegåve
og den er flittig i bruk.

Bilde lånt frå Trines Matblogg.
Ein av rettane eg har laga nokre gonger er denne tacogratengen. Den er utruleg god!
Tenkjer at den må passe godt for dei med born som kanskje er litt matlei.
Eg brukar å lage ein grønn salat til. Dette er super fredagsmiddag:)
(Denne står på menyen til komande fredag;) )
Oppskrifta finn du HER.


Eit par gode fiskerettar finn du her og her.
Har prøvd begge og kan virkelig anbefalast!

Håper nokon vart inspirert til å lage vekemeny og 
lage fleire rettar frå botnene av. Ein treng ikkje gjere det kvar dag, men eg trur
at når ein vert vand med det kan ein ikkje tenkje seg noko anna.
Merkar i allefall at det er slik her i huset:)

Eg lagar menyen annankvar søndagskveld
og så handlar eg inn for resten av veka mandag for då er eg 
tidleg ferdig på arbeid.

På denne måten vert det også handla 
mindre og det vert mindre svinn for eg kjøper berre det
eg veit eg skal bruke. Berre fordelar
altså!

Brukar du vekemeny?

lørdag 8. februar 2014

Søtaste bruktfunn:)

Sist eg var på bruktbutikken
fann eg dette søte koppestellet eller dokkeservise....
Kunne berre ikkje gå i frå det sjølv om eg verken har små barn eller
barnebarn endå. Men tenkte kanskje eg kunne bruke
det til utstilling i Postkjellaren.


 Det er heilt og fint og utan slitasje.
Ser nesten ikkje ut som det har vore brukt i det heile teke!
Det var vel ofte slik med fine ting før i tida at ein knappast fekk lov til å leike med det.
Sjå den flotte kanna då! Nydelig fasong på den!



 Eska er heil og fin og heilt intakt.



 Lokket er så fint!
( bortsett frå at dei på bruktbutikken hadde klistra prislappen der slik at det vart merke)

Trur det må vere frå
70-talet etter motivet på eska å bedømme.
Desverre ingen stempel eller merke, står ingenting på eska heller.
Hadde vore kjekt å visst litt om det....


Helg igjen og morsdag i morgon!

Dekorasjonen vart laga av underteikna til 100 års jubileet til sanitetslaget i 2011. Kun rosene er kjøpte, resten er plukka i hagar her i bygda!
Med desse blomane vil
eg ynskje alle mødre der ute ein superfin morsdag!
Og spesielt ei helsing til mi eiga kjære mor!
Glad i deg, mamma:))


Husk og ta vare på kvarandre,
livet er så skjørt....


Klem frå Alva.

lørdag 1. februar 2014

Å DU HERLEGE RETRO!!!


Lovde i forrige innlegg 
å vise retrovesker neste gong:)
Og her kjem eit par stykker!

 Ei skulderveske laga av
eit aldeles skjønt retrodynetrekk!
Diggar blomane, fargane, prikkane, mønstert...ja alt!


 Var så utruleg heldig at eg fekk
sikra meg to slike dynetrekk hos ei dame for ei tid tilbake.
Og prisen var ingenting å seie på!

Har planar om å sy meg ein
kjole av dette stoffet - har ganske mange meter
til rådigheit sidan eg har to dynetrekk!



 Sidan stoffet er litt tynt
brukte eg eit litt kraftig lerretsstoff til fôr.
Fann eit ganske stort stykke på bruktbutikken,
ser ut som det har vore tenkt til ei liftgardin eller liknande.
Det måtte sjølvsagt verte ei lomme
med blome på:)


 Dette stoffet er og frå bruktbutikken.
Det var eit putetrekk som egentleg hadde sett sine beste dagar.
Men med slikt fantastisk mønster måtte eg berre gje det ein sjanse!
Så då vart det eit handlenett av det. Sjå kor perfekt det
passar til merkelappen min!

Skulle ønske eg fann maaaange
meter av slikt stoff - helst i perfekt stand ;)
Min favoritt!!


 Det var både flekkete, utvaska og gulna her og der,
men ved å sprette det heilt opp og bruke det frå begge yttersider unngjekk
eg dei verste flekkane. Nettet er fora med ubleika lerret 
slik at det vert litt sterkare.


Tilslutt må eg berre ta med eit par
bilde som viser kor fantastisk flott vinter vi har!
(I allefall etter mi meining....er nok nokon som saknar snøen!)
Veit at de sørpå har masse snø og uver - og dette er
ganske unormalt for å vere her på
nordvestlandet!



 Her kan eg faktisk snart leite fram hagemøblane!
(Og byte dei ut med vinterdekka til sonen i huset......!)
No har vi akkurat fått tilbake sola som har vore vekke sidan slutten av oktober!



Og i den snølause hagen fann eg desse spirane -
snøklokker klare til å sprette ut!
(Her skulle eg ha brukt macrolinsa, men den låg att inne;) )

Har ingenting i mot ein slik vinter, men med
slik stor fare for lyng og skogbrann som det er no så hadde det nok
gjort seg med litt nedbør. Her i kommuna har det vore tilløp til fleire lyngbrannar
men heldigvis har brannmannskap fått kontroll på dei i tide.
Så no er det innført totalforbod mot all bruk
av ild utandørs.


Ønsker alle ei fin helg!
Takk for at du tok turen innom
til meg:)

Klem frå Alva