fredag 28. mars 2014

Gamle mønster


Som eg skreiv i forrige innlegg er eg stadig på jakt
etter unike stoff frå 60 og 70 talet. Det same gjeld også alt av syutstyr og mønster.

 Så då eg kom over nokre mønster frå 60 -70 talet på ei nettside var eg snar om
 å legge inn bud. Og gleda var stor då eg vart budvinnar på desse tre!


 Særleg denne over her hadde eg veldig lyst på.
Det vart hard kamp om den, men heldigvis trakk eg det lengste strået tilslutt:)
Gled meg til å prøve ut både overallen og kjolen.
Likar begge to veldig godt, mine favorittar:)



 Den søte kjolen med hjertelommer 
på skal også prøvast og kanskje B-modellen også.



Synest B-modellen her er veldig søt.
Men kjem nok til å teste begge .

Alle mønster er ubrukte og uåpna.
Superkjekke funn, veldig glad for at dei vart mine:)
Kva for ein er din favoritt?

Ønsker alle som kikar innom ein fin
fredag og ei god helg:)

Helsing frå Alva.

lørdag 22. mars 2014

Flåklypa, dobbelt hjertebank og Disney.


Det er vel ingen stor løyndom at
 eg er hekta på stoff. Heldigvis er det eit ufarlege slag stoff
eg er avhengig av....eller ufarleg og ufarleg fru Blom....  det kan gå
ganske hardt ut over blodpumpa nokre gongar når eg kjem over skikkelege godbitar!
Og til tider kan eg føle meg ganske rusa av alle fine fargar og flotte mønster, særleg av stoff frå
  60 og 70 talet. For det er det eg helst jaktar på.....stoff frå denne tidsepoka. Eg trålar alt eg kjem
 over av bruktbutikkar og loppemarknadar, eg følger med på auksjonar på forskjellige
 nettsider og kjempar med nebb og klør om nødvendig viss eg finn noko eg
berre må ha.....slik som dette stoffet her :
Solan Gundersen, Ludvig og Reodor Felgen.



Dette er mitt siste kupp....desse kjempekule gardinene med motiv frå Flåklypa!
Eg er sååå fornøgd med dette funnet! To lengder i heilt topp kvalitet....ingen slitasje
eller falma i det heile teke! Desse gir meg skikkeleg hjertebank!
Og prisen vart heilt grei sjølv om det var fleire om beinet.


IL TEMPO GIGANTE.

Huskar godt når filmen Flåklypa Grand Prix kom på kino i 1975.
Heile familien drog til Ålesund for å sjå den og det var eit skikkeleg storhende! Det var nesten ein dagstur å reise til Ålesund den gongen. Har forresten eit spesielt minne frå det kinobesøket....
Då vi gjekk oppover midtgangen for å finne plassar høyrde eg nokon rope namnet mitt.
Og på øverste rad sat ein som hjertet mitt banka litt ekstra for....han vinka på meg
og eg fekk sitje ved sidan av han og halde han i handa gjennom heile filmen:)
Dååån! Snakk om hjertebank.....:))



Men eg synest minnast at eg fekk ei lita skjennepreike av min far etterpå.... hi hi....
Ifølgje han skulle ikkje ei jente ha kjæreste før ho var minst 30 år....og eg var halvparten av det.
 Så då så.......Stakkars - han hadde 3 døtre å halde styr på så det
var vel ikkje alltid så greit;)


Ben Reddik Fy Fasan.

Så det er vel ikkje så rart at eg fall for
 dette stoffet:) Om du lurer på korleis det gjekk så stoppa det der fordi
 vi budde litt langt frå kvarandre. To år seinare møtte eg han som etterkvart vart mannen min.
 Han møtte eg også på ein spesiell måte........men det er ei anna historie;)

"Det er fali det....."




Av same dame kjøpte eg også denne søte gardina med Disney motiv:

Den er litt falma her og der men superfine motiv -
og fargane er til å dåne av! Mint og lilla er sååå fint i lag!

Gled meg til å sette saksa i begge stoffa!
Ideane strøymer på men først må eg sy ferdig ein del dokkekle eg har klipt opp.
Viss eg klarar å vente då......det spørst.....

Ønsker deg ei fin helg!

Klem frå Alva.

torsdag 20. mars 2014

"Rosa på ball"......


Eg kom brått i dokkekle modus:)
Synest det er veldig moro å sy dokkekle så det kosar eg meg skikkeleg med.
 På jakt i stoffhyllene mine etter passande stoff til det formål
fann eg att dette artige stoffet her. Fann det på bruktbutikken for ei tid tilbake
men hadde heilt gløymt av det. Såg med ein gong at det måtte 
verte ein ballkjole til dokka av det.



 Måtte lage eit hårband også .....
sidan ho skal på ball må ho vere ekstra fin;)



Og ein liten pompadour til små
nødvendigheiter er kjekt å ha sjølv for ei dokke:)

Ide, inspirasjon og mønster kjem frå
bøkene til Anne Grethe Gåserud.

Litt dårleg bildekvalitet i dag men det er lite dagslys for tida.
Difor vart det ikkje store bilde heller..... for då vart dei rett og slett kornete.
Det var også vanskeleg å få fram rette fargen på stoffet...
det skal vere rosa-lilla.


Tusen takk for alle fine kommentarar
som vert lagt igjen! Eg er heilt overvelda over alt det fine de skriv til meg!
Å verte kalla gjenbruksdronning er ei stor ære, men eg veit no ikkje heilt om eg fortjener ein
så flott tittel då.....det er så mange andre flinke gjenbrukarar der ute også.
Men eg takkar og bukkar for den ærefulle tittel:))


Her bøttar det ned etter nokre
dagar med snø. Skikkeleg surt sunnmørs- vêr med andre ord.
Fint vêr til å kose seg inne iallefall.

Takk for at du kikar innom til meg....
ha det fint der du er:)

Klem frå Alva.


fredag 14. mars 2014

Besøk av julenissen:)


Søndag fekk eg besøk av julenissen...
Det var i allefall nokon som hadde med seg sekk....
Personen hadde rett nok ikkje skjegg eller nissehue men det gode 
smilet liknar mistenkjeleg på nissen sitt. Denne personen er det snillaste og rausaste 
 menneske eg veit om, heilt på høgde med julenissen:) Og sjå berre kva som var i sekken.....
den var full av gammalt sengetøy....
blant anna dette nydelege dynetrekket her! Heilt fantastisk fint!
Heldt på å dåne!! Den frå før nokså ustabile hjerterytma mi vart aldeles på styr då
dette dukka opp djupt nede i  sekken til "nissen"! 

Det var litt vanskeleg å få fram rette fargane på bilde, 
det er ikkje fullt så lilla som det ser ut, det heller nok meir mot rosa.
Diggar den fargekombinasjonen....rosa og orange -
sånn passe frekt og freidig:)

Måtte sjølvsagt sette saksa i det fortast råd!
Synest det passa godt til ein barnekjole:)


Vert både rørt og glad når nokon tenkjer på
meg med stoff og sengetøy!

For nokre veker sidan fekk eg mail frå ei ukjent
dame som hadde noko stoff som ho lurte på om eg var interessert i.
Ho hadde funne bloggen min:)

Den hyggelege dama og familien tok turen til Ørsta med stoffa til meg, og det var ein
ganske lang køyretur også! Eg er utruleg takknemleg for slik omtanke!


Fredag og helg igjen.....
Våren har vorte til vinter her ....i kveld har det kome litt
snø og vinden ruskar skikkeleg innimellom.
Men det får vi tåle så fint som vi har
hatt det i heile vinter.


Ønsker deg ei fin helg!

Klem frå Alva

søndag 9. mars 2014

Kjole til besvær.....

Av og til går det skikkelig skeis når eg syr....
Og ofte er det fordi eg gjer dumme og unødvendige feil.
Slik var det med denne kjolen. Eg hadde sydd den heilt ferdig - det sto att berre
knapphol og knappar. Då oppdaga eg det - eg hadde sydd på 
bærestykket bak-fram.


 Er det mulig å gjere ein slik feil uten å oppdage det?
Å jada...når ein syr seint på kvelden så......



 Og feilen starta med at eg applikerte
 sommarfuglen på bakstykket utan å oppdage det!
Sydde like godt ferdig heile kjolen......hadde til og med overlocka saumen mellom skjørtedelen og bærestykket OG kantstikka! Stønn!! Det var like før heile stasen hamna i 
søppelbøtta!! Men det gjorde den sjølvsagt ikkje. Det var berre å leite fram
sprettekniven og gå laus med friskt mot.



 Så slik har det seg at denne kjolen
har ein sommarfugl bak på ryggen også. Laga ein ny og litt mindre på framstykket.
Gjer vel ikkje noko at det er ein sommarfugl bak også, gjer det vel?
På toppen av det heile slitna rynketråden då eg skulle 
rynke skjørtet på nytt. Så dette vart verkeleg
ein kjole til besvær.



 Men vart veldig fornøgd med sluttresultatet då.
Det skjønne sommarfugl/kløverstoffet  fann eg på bruktbutikken for ei tid tilbake.
 Det er berre heilt nydeleg! Trur det er frå 70-80 talet.
Har heldigvis nok stoff igjen til ein kjole til.
Rutastoffet er frå ein duk også
funne på bruktbutikken.



 Her er ein anna kjole i det nydelegaste og mest 
bedårande stoff funne på loppis! Lamunger heiter det og er frå
Sandvika veveri.


Lenge sidan eg har sydd barnekjolar no.....
Veldig kjekt å sy det igjen og har allereie fleire på gong:)

Neste gong skal eg vise kva eg fekk 
på døra i dag......

Ha ein fin kveld du som tittar innom:)

Helsing Alva.

søndag 2. mars 2014

Dåpskjole


Må berre vise kva eg har styra med i dag!
Eg har sydd ein dåpskjole til Babyborn-dokke:))
 Vart den ikkje nusselig vel?
No kan det vel diskuterast kor vidt ein dåpskjole er eit nødvendig plagg til ei dokke då...
men sidan eg fann dette blondestoffet på bruktbutikken 
i går måtte eg berre.....


Lenge sidan eg har funne så mykje 
fine stoff på bruktbutikken! Ikkje akkurat hjertebankstoff då,
dei fleste er nok av nyare dato, men mykje
fint likevel.



 Eit par dongerigardiner som er supre til barnekle,
eit nydeleg kjolestoff(det lysegrøne blomstra) eit par dukar i retroliknande 
stoff som skal verte ei veske(det gulorange mønstra) 
og ikkje minst eit  barnesengesett med motiv 
frå jungelboka!

Herlig! 
Det er så kjekt å få litt "nytt" i hyllene
for då kjem inspirasjonen for fullt!


 Valgte å bruke lilla sløyfe 
slik at det vert litt meir nøytralt.
Kjempegøy å sy, har kosa meg skikkelig i dag:)
Har nok stoff til ein til så eg kjem nok til å sy ein til ja:))
Blir kaaanskje råååsa sløyfe på den....


Slik ser den ut bak.
Den er open heilt ned slik at den skal vere enkel 
å ta på og av for små hender. Hua er sydd av ein liten blonderest eg 
også fann på bruktbutikken. Mønster på begge deler er  
frå ei av bøkene til Anne Grete Gaaserud.


Vart så ivrig med sying at eg heilt 
gløymde av at eg skulle bake fastelavnsbollar!
Vanlege kveitebollar er eg ikkje så glad i så eg brukar å lage grove
bollar i staden. Sånn kan det gå når ein vert så
oppslukt at ein gløymer tid og stad:)


Igjen må eg takke for alle koselege kommentarar!
 Set stor pris på alle saman!  Det var eit par stykker som synest at
 eg er så effektiv, men det er nok heller det at eg vert så ivrig at eg ikkje klarar
 å vente. Av og til vert eg så inspirert av eit stoff at eg må berre gå laus med sying med ein gong.
Slik var det med dåpskjolen i dag, så snart eg fekk stoffet tørt 
måtte eg sette i gong!

OG DÅ KOSAR EG MEG SKIKKELEG!

Ønsker alle som er innom ein fin kveld
og ei god ny veke!

Klem frå Alva.